Villreinen i Nordfjella har venta lenge nok

I eit brev til Landbruks- og Matdepartementet (LMD) og Klima- og Miljødepartementet (KMD) skriv Villreinnemnda og Villreinutvalet for Nordfjella villreinområde at tolmoda er i ferd med å renne ut. Dei krev at departementa følgjer opp på Stortingsvedtaket om å snarast setje i gong med reetablering av villreinstamma i Nordfjella Sone 1.

7 år er gått sidan villreinen sist beita i sone 1 i Nordfjella villreinområde. Området som ligg innanfor Aurland, Lærdal, Hol og Hemsedal kommune vart lagt brakk etter funn av skrantesjuka (chronic wasting disease) på ei simle i 2016. Under saneringa vart sjukdommen funnen på totalt 19 individ av villrein. Etter planen skulle området ligge brakk i 5 år for å unngå smitte frå miljø til frisk rein som seinare skulle beite i området. No er denne perioden passert med god margin, og både lokal forvaltning og Stortinget seier at tida for å starte reetablering no er inne.

Villrein i sone 2 i Nordfjella. Foto Knut Fredrik Øi, 2024

I eit brev til LMD og KMD fremjer Villreinutvalet for Nordfjella og Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell tre krav til departementa:

  • Etablera ei arbeidsgruppe for reetablering. Vi syner her til tilråding frå Mattilsynet og Miljødirektoratet til KLD og LMD 1.12.22, der det vert tilrådd å setja saman ei gruppe med sterk lokal forankring. Villreinnemnda og Villreinutvalet ser absolutt ingen grunn til å venta med oppretting av arbeidsgruppa, og er klare til å gjera ein innsats.
  • Gjeldande instruks til SNO, om at dyr som kjem inn i sone 1 frå sone 2 i dag skal drivast tilbake eller fellast, må avviklast.
  • Dyr skal hentast frå sone 2, jfr. Stortingsvedtaket. Dyr må fritt kunna vandra inn i sone 1 ved at oppsett sperregjerde blir teke vekk. Første fase vil kunna vera ei passiv reetablering, og der vidare prosess blir avklart vinteren 2025.
Henta frå brev frå Villreinutvalet for Nordfjella og Villreinutvalet for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell, 03.10.2024

Norge har eit særskild ansvar for villreinen då me, saman med Russland er dei einaste landa i Europa der arten held til. I dag har villreinen status som «nær truet» i norsk raudliste for artar. Ein viktig grunn til at den norske villreinen har havna på raudlista er at arten er pressa på habitat, og at dei tilgjengelege habitata er i aukande grad av dårleg kvalitet. Tilgangen på områda i sone 1 er derfor svært viktig for at arten skal klare seg i framtida. Av totalt 25 villreinområder (inkludert Svalbard) ligg heile 9 av desse i eller delvis i Sogn og Fjordane.

Foto: Knut Fredrik Øi, 2024

Tidslinje

  • 2016: Første tilfelle av Skrantesjuka (CWD) vert oppdaga på ei simle i Nordfjella villreinområde.
  • 2017: Etter overvaking av bestanden i området vert det vedteke sanering av villreinbestanden i sone 1 og ein brakkleggingsperiode på 5 år.
  • 2017-2018: Sanering av villrein gjennom jakt og uttak ved SNO.
  • 2018- : Sone 1 vert lagt brakk og avstengd frå tilgrensande Villreinområder. Det vert gitt instruks om at rein som er på veg inn i området skal drivast tilbake eller fellast.
  • 2021: Oppstart i arbeidet med dialogprosess kring reetablering av villrein i Sone 1.
  • 2021- : Usikkerheit kring smitte i tilgrensande villreinbestandar og usemje om beste metode for reetablering gjer at arbeidet dreg ut og den planlagde saneringsperioden på 5 år vert utvida.
  • 2024: Stortinget ber regjeringa om å «snarast mogleg» setje i gong arbeidet med reetablering av villrein i Sone 1 med villrein frå sone 2 (Vedtak 786 i Stortinget, 13. juni 2024)
  • 2024: Vestland fylkesting (1. oktober 2024) ber om at reetableringa av villrein i sone 1 vert sett i verk omgåande, jf. stortingsvedtak frå 13. juni.
  • 2024: Villreinutvalet for Nordfjella og Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell skriv i eit brev til LMD og KMD at deira tolmod er i ferd med å renne ut og krev at arbeidet med reetableringa vert iverksett jf. stortingsvedtaket frå 13. juni og Fylkestinget sitt vedtak frå 1. oktober.

Les meir om villreinen på https://villrein.no/

Brevet til LMD og KMD kan lastast ned og lesast i fulltekst under.