Sogn og Fjordane

Hafstadvegen 34, 6800 Førde 91374954 sognogfjordane@naturvernforbundet.no

Vi står på for miljøet for å hindre inngrep og ureining av den flotte naturen vi har her i fylket, både fjell, fjord og alt imellom. Nokon må snakke for naturen der gravemaskiner, gruveselskap, utbyggjarar og ukunne rår. Saman er vi sterke, bli med oss i arbeidet!

Artsklubben i Sunnfjord

Artsklubben i Sunnfjord skal vere eit samlingspunkt for å lære om og registrere artar som ein finn i skogen. Klubben er til for nybyrjarar, erfarne og nysgjerrige. Bli med!

Kunst og Strandrydderesidens

I juni arrangerer vi kunst- og strandrydderesidens i Stavang der vi har invitert ei gruppe kunstnarar til å plukke søppel og lage ei utstilling som vere open for besøk i slutten av opphaldet.

Meir info her!

Aktivitetar

Finn ditt lokallag!

Påmelding Oppdrag Blomstereng!

Vi tilbyr eit praktisk opplegg med ressursar der elev og lærar kan bli betre kjent med norske blomar og pollinatorar.

Meld på skulen din i dag!
(tilbodet strekk seg til skular i området Sogn og Fjordane)

Førdefjorden

Ingen gruvedumping i Førdefjorden!

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har gått til søksmål mot staten for å stanse gruvedumping i Førdefjorden. Vi meiner at utsleppstillatelsen til gruvedrift bryter med EU sitt mineralavfallsdirektiv og avfallsforskriften. Saka skal opp i Høgsterett i februar 2026 – støtt oss i kampen!

Støttespelarar til Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

handelens miljøfond
miljødirektoratet
Sparebankstiftina SFJ
vestland-fylkeskommune_rgb
SKOGEN-Original-grønn