Engasjer deg!

Brenn du for å verne natur eller ynskjer du å jobbe for naturglede i ditt nærområde? Engasjer deg i eit lokallag nær deg!

Slik kan du engasjere deg

Meld deg til styreverv i eit lokallag, eller start eit lokallag for ditt område

Det er fire lokallag i Sogn og Fjordane per i dag: Sunnfjord, Kinn, Eid (Stad kommune) og Indre Sogn (Sogndal, Luster, Lærdal, Årdal, Aurland og Vik kommune). Alle lokallaga ser etter engasjerte styremedlemmer i det komande året.

Gjennom lokallagsstyret kan du vere med å ytre deg i saker innanfor dykkar lokallag sitt virkeområde og lage sosiale arrangement som bidreg til engasjement for naturen. Lokallaga får støtte gjennom fylkeslaget og gjennom organisasjonen sentralt. Det varierer frå lokallag til lokallag kor mykje arbeid ein vil legge inn, og korleis ein vil organisere styreaktiviteten.

Kontakt lokallag eller fylkeslag:

Ta kontakt om du vil engasjere deg eller lurer på kva det vil seie å vere med i eit lokallag!

Engasjer deg i enkeltsaker

Dersom det foregår utbygging eller anna aktivitet som trugar natur i ditt område kan du bruke naturvernforbundet som ei plattform til å organisere engasjement kring saka. Døme på slike saker kan vere gruvedrift, kraftutbygging, hyttebygging, gondolar eller liknande. Ta kontakt med lokallaget i ditt område, eller med fylkeslaget i Sogn og Fjordane for ein prat om korleis me kan bistå.

Støtt oss i arbeidet

Des fleire medlemmar me har, des sterkare står me i saker for å verne naturen. Dersom du ynskjer å støtte oss utan å ta ei aktiv rolle i arbeidet kan du melde deg inn som medlem, og anbefale alle du kjenner om å gjere det same. Ditt medlemsskap bidreg til å finansiere drifta i ditt lokallag eller fylkeslag!