02.des 2026

Utstillingsopning – Jostedalsbreen Nasjonalpark

Hva: Kunstutstilling
Når: 02.des, kl. 18:00
Hvor: ViteMeir, 6854 Kaupanger

Tredje akt av Jostedalsbreen nasjonalpark – ei kunstoppleving frå eit monumentalt og sårbart landskap

Vegard Aasen
Vegard Aasen

Velkomen til tredje og siste opningsarrangement av «Jostedalsbreen Nasjonalpark – ei kunstoppleving frå eit monumentalt og sårbart landskap». Kom og la deg inspirere av imponerande naturfotografi, film, andre kunstneriske innslag og lærerike føredrag om Europas største fastlandsbre. Utstillinga viser Jostedalsbreen både som naturoppleving, leveområde for plantar og dyr, og som eit landskap i endring.

Dette er førebels siste stopp på utstillinga si vandring frå Breheimsenteret i Jostedalen, til Norsk Bremuseum i Fjærland før ho no kjem til Vite Meir på Kaupanger.

Føredragsprogram kjem snart!

Etter føredraga opnar utstillinga, og det blir høve til å sjå bileta og møte nokre av bidragsytarane. Vegard Aasen og Adam Gairns stiller ut bilder, Sofie Klemetzen stiller ut måleri og Jostedal Historielag stiller ut nokre nasjonalromantiske måleri frå Jostedalsbreen.

Arrangementet kostar 50 kroner og inkluderar ein kopp kaffi!


Vel møtt til ein kveld med natur, kunst og sterke forteljingar frå eitt av dei mest spektakulære landskapa i Noreg, som me utruleg nok har i bakgården vår!

Sponsorar

luster sparebank logo
Sogn Sparebank