Korleis levere høyringsinnspel til marint vern av Sognefjorden?
Høyringsinnspel er ein viktig del av det norske demokratiet. Gjennom høyringar kan alle kome med meiningar og forslag i saker som påverkar naturen og samfunnet, til dømes i verne- og utbyggingsprosessar.
Vegard AasenStatsforvaltaren i Vestland inviterer no alle interesserte til å seie si meining om forslaget til marint vern av Sognefjorden.
Her finn du meir informasjon: Forslag om marint vern av Sognefjorden – Statsforvaltaren i Vestland (høyringsdokument, forslag til verneforskrift og vernekart).
Send høyringsinnspelet ditt til: sfvlpost@statsforvalteren.no
Emnefelt: Innspel til marint vern av Sognefjorden
Frist: 1. november 2026 kl. 23.59
Korleis skrive eit høyringsinnspel?
Eit høyringsinnspel treng ikkje vere langt. Det viktigaste er at du får fram kva du meiner, og kvifor. Du treng ikkje vere fagperson eller ha juridisk kunnskap for å seie di meining. Her er ei enkel oppskrift:
1. Start med å seie kva du meiner
Gjer det tydeleg om du støttar verneforslaget, og om du meiner vernet bør styrkjast på enkelte område.
Til dømes: «Eg ønskjer å uttrykkje mi støtte til opprettinga av Sognefjorden marine verneområde.»
2. Fortel kort kven du er, og kvifor saka er viktig for deg
Du kan gjerne skrive litt om tilknytinga di til fjorden, anten du bur i området, brukar fjorden til friluftsliv eller fiske, eller er oppteken av å ta vare på naturen.
Til dømes: «Eg bur i området og har eit sterkt forhold til Sognefjorden og naturen som høyrer til.»
3. Vel argumenta som er viktigast for deg
Forklar kvifor du meiner Sognefjorden bør vernast. Du treng ikkje skrive om alt. Vel gjerne eitt eller nokre få argument du meiner er særleg viktige.
Lenger ned på denne sida finn du ei samling argument for marint vern av Sognefjorden som du kan bruke som utgangspunkt. Bruk gjerne eigne ord og erfaringar.
Sognefjorden – Vegard Aasen4. Kom gjerne med konkrete forslag
Du kan også foreslå endringar som vil gjere vernet betre. Det kan til dømes vere å inkludere fleire grunne sjøområde, styrkje vernet av lokale fiskebestandar eller stille strengare miljøkrav til oppdrett.
Eit verneforslag består av to juridisk bindande dokument: vernekartet og verneforskrifta. Du kan gi innspel til eitt av dei, begge eller til verneforslaget generelt.
Dersom du kjenner til viktige naturområde som ikkje er omfatta av den føreslåtte vernegrensa, kan du be om at desse blir inkluderte i vernekartet.
5. Avslutt med ei tydeleg oppmoding
Oppsummer gjerne kva du ønskjer at Statsforvaltaren skal gjere.
Til dømes: «Eg oppmodar Statsforvaltaren til å gå vidare med verneforslaget og samtidig styrkje vernet av dei grunne sjøområda.»
Argument for marint vern av Sognefjorden
Naturmangfald og økosystem
Sognefjorden er eit særmerkt og samansett økosystem. Sognefjorden er verdas lengste isfrie fjord og den djupaste fjorden i verda. Som terskelfjord har han store djupner og ein grunnare terskel ved fjordmunningen. Variasjonen frå dei ytre, havpåverka områda til dei indre fjordarmane skaper ulike livsvilkår for eit rikt og særprega dyre- og planteliv. Alt frå plankton og småfisk til større rovfisk inngår i næringskjeder som bind livet i fjorden saman. Eit samanhengande marint vern kan bidra til ei meir heilskapleg og langsiktig forvalting av heile fjordøkosystemet.
Fjorden har uvanlege djupvassmiljø. I enkelte fjordarmar finst artar og naturmiljø som vanlegvis lever på langt større djup. Desse spesielle tilhøva gjer Sognefjorden særleg verdifull å verne.
Fjorden har sårbare og verdifulle botnsamfunn. Mellom anna er det registrert korallskog, svamphagar og sjøfjørbotn. Terskelområdet har særleg viktige førekomstar av raudlista korallartar. Slike naturmiljø kan vere svært sårbare for fysiske inngrep.
Sognefjorden er kjend for særprega lokale fiskebestandar. Mellom anna er det historisk dokumentert lokale sildestammar som er tilpassa tilhøva i dei indre fjordarmane. Desse bestandane er ein viktig del av det biologiske mangfaldet og næringsgrunnlaget i fjorden.
Sognefjorden er viktig for villaks og sjøaure. Ei rekkje vassdrag med bestandar av villaks og sjøaure har utløp i fjorden. Dei marine områda er viktige leve- og vandringsområde for desse artane, og delar av fjorden har status som nasjonal laksefjord.
Grunne sjøområde er viktige for livet i fjorden. Ålegrasenger, tangbelte og andre grunne område gir mat, skjul og oppvekstområde for fisk og andre marine artar. Dei er òg viktige næringsområde for sjøfugl og vadarar. Eit godt marint vern bør omfatte fleire av desse områda.
Sognefjorden – Vegard AasenFøre-var-prinsippet og langsiktig naturforvalting
Mykje av livet under vatn er framleis ukjent. Store delar av naturmangfaldet i Sognefjorden, særleg på djupet, er mangelfullt kartlagt. Vi bør ta vare på naturen også der vi enno ikkje kjenner alle verdiane.
Vern kan førebyggje skadar som er vanskelege å rette opp. Korallar og andre botnlevande organismar kan vekse svært sakte. Dersom leveområda blir øydelagde, kan det ta svært lang tid før dei blir bygde opp att. Verneforslaget inneheld forbod mot fleire typar botnpåverkande aktivitetar og fysiske inngrep.
Heile fjordøkosystemet heng saman. Grunne sjøområde, dei frie vassmassane og djupbotnen har ulike, men viktige funksjonar. Eit stort og samanhengande verneområde gir eit betre grunnlag for å ta vare på dei økologiske samanhengane i fjorden.
Vern kan førebyggje framtidig naturtap. Sognefjorden er påverka av ei rekkje menneskelege aktivitetar. Eit marint vern kan redusere risikoen for ytterlegare skade ved å setje tydelegare grenser for nye inngrep og tiltak som kan truge naturverdiane. Det er betre å verne naturen før han blir øydelagd enn å prøve å reparere skadane etterpå.
Naturvern blir viktigare i møte med klimaendringane. Klimaendringar kan påverke temperatur, oksygentilhøve og artssamansetjing i fjorden. Eit marint vern kan redusere enkelte lokale belastningar og dermed bidra til å gjere økosystemet betre rusta for endringar.
Sognefjorden er under press frå fleire påverknader samtidig. Forsking viser at oksygeninnhaldet i djupvatnet har gått ned over tid. Auka tilførsel av næringsstoff og høgare havtemperatur kan forsterke denne utviklinga. Eit marint vern kan bidra til å avgrense nye belastningar og redusere risikoen for framtidig oksygenmangel.
Sognefjorden treng heilskapleg forvalting på tvers av kommunegrenser. Fjorden er eitt samanhengande økosystem som strekkjer seg gjennom fleire kommunar. Naturen og påverknadene på han følgjer ikkje administrative grenser. Eit felles marint vern kan gi betre grunnlag for samordna, langsiktig forvalting av naturverdiane i heile fjordsystemet.

Kunnskap, forsking og nasjonalt ansvar
Sognefjorden er eit verdifullt område for forsking og naturovervaking. Eit marint verneområde med referanseområde kan gi betre høve til å følgje utviklinga i marine økosystem over tid og forstå korleis menneskeleg aktivitet påverkar naturen.
Vern kan bidra til betre kunnskap om fjorden. Store delar av sjøbotnen og fleire marine naturtypar er framleis mangelfullt kartlagde. Eit verneområde kan gi eit viktig grunnlag for vidare kartlegging, forsking og kunnskapsbasert forvalting.
Sognefjorden har naturverdiar av nasjonal og internasjonal interesse. Den særmerkte fjordgeologien, djupvassmiljøa og tilknytinga til verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap gjer fjorden til ein viktig del av den norske naturarven.
Marint vern er ein del av Noreg sitt ansvar for å ta vare på naturmangfaldet. Noreg har forplikta seg til å arbeide for betre bevaring av natur gjennom internasjonale avtalar. Vern av Sognefjorden kan vere eit viktig bidrag til dette arbeidet.
Noreg har verna ein liten del av havområda sine. Naturavtalen har som mål at minst 30 prosent av land- og havområda skal vere effektivt bevarte innan 2030. Ved utgangen av 2024 var om lag 4,6 prosent av sjøarealet innanfor territorialgrensa verna etter naturmangfaldlova. Vern av Sognefjorden vil vere eit viktig bidrag til å ta vare på meir av den norske fjordnaturen.

Naturgrunnlag og samfunnsverdiar
Vern kan bidra til å sikre naturgrunnlaget til fisk og fiske. Ved å beskytte viktige leveområde mot skadelege inngrep kan marint vern bidra til å oppretthalde økologiske funksjonar som fiskebestandane er avhengige av. Levedyktige fiskebestandar sikrar mogleheita for bærekraftig hausting av naturressursar.
Ein levande fjord har stor verdi for friluftsliv og naturopplevingar. Sognefjorden blir brukt til mellom anna fiske, padling, dykking og andre naturopplevingar. Å ta vare på naturmangfaldet under vassoverflata er viktig for opplevinga og bruken av fjorden.
Marint vern kan styrkje vernet av verdsarvlandskapet. I Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden kan eit marint vern bidra til å beskytte undersjøiske geologiske strukturar og naturmiljø som er ein del av det heilskaplege fjordlandskapet.
Vern kan også bidra til å beskytte kulturminne under vatn. Restriksjonar på inngrep i sjøbotnen kan redusere risikoen for skade på både kjende og ukjende marine kulturminne.
Ein frisk fjord gir viktige tenester til naturen og samfunnet. Marine økosystem bidreg mellom anna til karbonlagring, næringsomsetjing og livsgrunnlag for fisk og andre artar. Fjordnaturen har òg stor verdi for friluftsliv, reiseliv og naturopplevingar. Å ta vare på desse funksjonane er ei langsiktig investering.
Sognefjorden bør takast vare på for komande generasjonar. Eit marint verneområde gir eit langsiktig rammeverk for å beskytte naturverdiane, også når samfunnsbehov og næringsinteresser endrar seg. Vi har eit ansvar for å overlate ein fjord med rikt naturmangfald og fungerande økosystem til dei som kjem etter oss.

Forslag til endringar som kan styrkje det marine vernet av Sognefjorden
1. Vern også dei grunne sjøområda
Vi støttar at særleg verdifulle gruntområde er inkluderte i verneforslaget. Samtidig går vernegrensa i hovudsak to meter under sjøkartnull, noko som fører til at viktige delar av strandsona fell utanfor. Tangbeltet og andre grunne sjøområde er viktige leve- og oppvekstområde for marine artar og beiteområde for sjøfugl og vadarar. Vi ber om at vernegrensa blir utvida slik at fleire av desse områda blir omfatta av vernet.
2. Sterkare vern av lokale fiskebestandar
Sognefjorden har små og særprega lokale bestandar av sild, brisling og annan fjordfisk. Desse kan vere særleg sårbare for kommersielt fiske og bifangst.
Vi ber om at det i samarbeid med fiskeristyresmaktene blir vurdert strengare regulering av lysfiske og anna kommersielt notfiske i dei indre fjordarmane. Dette kan bidra til å ta vare på særprega lokale bestandar, gyte- og oppvekstområde og næringsgrunnlaget for resten av økosystemet. Innføring av fjordlinjer som avgrensar kommersielt notfiske i dei indre fjordarmane, er eit konkret tiltak som bør vurderast.
3. Innfør fiskefrie soner i referanseområda
Vi ber om at det blir oppretta fiskefrie soner i utvalde referanseområde. Dette vil gi betre grunnlag for forsking på marine økosystem utan direkte påverknad frå fiske, og kan bidra til å styrkje lokale fiskebestandar. Fiskefrie soner vil auke verdien av referanseområda både for naturmangfaldet og forskinga.
4. Still strengare miljøkrav til oppdrett
Vi støttar at verneforslaget avgrensar framtidig etablering og utvikling av oppdrettsanlegg. Vi ber om at dispensasjonar til nye anlegg og vesentlege endringar blir knytte til strenge krav om å redusere utslepp av næringsstoff, organisk materiale og kjemikalium. Lukka eller andre utsleppsreduserande teknologiar bør prioriterast. Det bør òg stillast strenge krav ved eventuelle dispensasjonar for utslepp av lusemiddel frå brønnbåt.
5. Sikre langsiktig overvaking
Vi støttar at verneområdet skal kunne tene som referanseområde for forsking og overvaking. Vi ber om at det i forvaltingsplanen blir etablert eit langsiktig overvakingsprogram for naturtilstanden i Sognefjorden. Programmet bør mellom anna følgje utviklinga i fiskebestandar, botnsamfunn og vasskvalitet, og gi grunnlag for å vurdere om vernet har den ønskte effekten.
