Eit nattleg eventyr i skogen
Naturvernforbundet i Tingvoll markerer Friluftslivets år. Oppmøte ved skytebanen mellom Tingvoll og Meisingset kl. 05.00. Vi går på tur i terrenget mot Rottåsfjellet. Fuglane har på denne tida vore oppe lenge, men vi får med oss siste del av morgonkonserten. Det er støvelføre. Sitjeunderlag, niste og termos med noko varmt kan vere bra å ha med, og elles klede etter tilhøva. Vi er ved vegen igjen til kl. 09.00. Kontakt turleiar Øystein Folden på 91 81 25 42 om du har spørsmål.
Naturvernforbundet i Tingvoll30.04.2015