2. oktober inviterte lokallaget i Ørsta og Volda til ein totrinns skogdag i Volda. Det var godt frammøte og sterke meiningar - både på synfaringa i skogen og på temamøtet etterpå.
Fråsegn frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Herøy kommune har gitt løyve til etablering av ei motorkrossbane ved Koparstad på Nerlandsøya. Naturvernforbundet meiner dette vedtaket ikkje tek omsyn til naturinteressene og har difor sendt ein klage.
Herøy kommune har vedteke å gi dispensasjon frå kommuneplanen for å etablere motorkrossbane på Nerlandsøy. Naturvernforbundet viser til at det manglar vurderingar for natur og friluftsliv i vedtaket.
Kontakt Naturvernforbundet i Møre og Romsdal for meir informasjon.