Den store klesbyttedagen 2024 i Molde

Byt klede du ikkje lenger brukar – og få nye favorittar i retur samtidig som du sparer miljøet! Vi gjentek suksessen frå i fjor og arrangerer Den store klesbyttedagen laurdag 27 april 2024 på rådhuset i Molde!

Innlevering av kle

Fredag 26.4. ettermiddag kl. 15.00-19.00 i rådhussalen.

Du kan levere inn inntil 7 plagg.

Kleda skal vere heile, reine og brukbare.

Du vil få utlevert byttelappar tilsvarande dei kleda du leverte inn.

Du har også moglegheit til å donere byttelappar du ikkje ønskjer å bruke. Da kan dei som ikkje har innbyttekle også få delta.

Klesbytting laurdag 27.4.

Kl. 11-14.30 i rådhussalen. Følg merkinga av kategoriane i lokalet.

Det blir også mogleg å levere kle fram til kl 12 laurdag, men vi vil helst ha så mykje som mogleg fredag.

Gi gjerne dei frivillige nokre hyggelege ord for innsatsen:-)

Foto: Synnøve Haga

Program for dagen

kl.11.00-14.30: Klesbytting og Fikselaug – få tips til reparasjon

kl. 11.00 -14.30: Utstilling av redesignprosjekt v/elevar ved KDA på Molde vgs

kl. 12.30-13.00: Mannekengoppvisning med elevar ved Molde vgs

kl. 11-14.30: Molde Sanitetsforening driftar kafeen.

kl.14.00-14.30: Kåring og premiering av redesignkonkurransen

14.30: Slutt

Dei kleda som ikkje blir bytta på klesbyttedagen går til Gratisbutikken.

Få fiksetips!

På klesbyttedagen vil Molde Husflidslag ha ein stand der vi viser ulike fikseteknikkar. Ta med klede du ønskjer tips til korleis du kan fikse, og så viser vi korleis. 

I fikselauget til Moldes Husflidslag arbeider vi med korleis materialkunnskap, handverk og husflid kan bidra til å gjere oss til meir ansvarlege forbrukarar gjennom satsinga Holdbart. Gjennom Holdbart-prosjektet «Alt kan fikses!» blir «Fikselaug» vidareutvikla for å nå fleire i målgruppa unge og unge vaksne (18-35 år).

Eit av hovudmåla for prosjektet er at lokallag i Norges Husflidslag, som har stor kompetanse om fiksing, skal ut og møte folk der folk er. Gjennom samarbeid med bl.a. Naturvernforbundet får lokallag tilgang til nye arenaer, i første omgang i samband med Den Store Klesbyttedagen 27.april 2024. Dette er eit årleg nordisk arrangement, og ein gylden moglegheit for fikselauget å møte nye menneske som har interesse av å ta vare på kleda sine og å lære seg fikseteknikkar. 

Har du lyst å bidra

Vi treng frivillige fredag 26.4. og/eller laurdag 27.4.

Kontakt oss på molde@naturvernforbundet.no eller via melding på facebook-sida til lokallaget til Naturvernforbundet i Molde.

Arrangørar

Naturvernforbundet i Molde, Natur og Ungdom i Molde, Molde frivilligsentral, Molde husflidslag og Miljøagentane i Molde er arrangør for årets klesbyttedag. Molde sanitetsforening driftar kafeen denne dagen. I år er vi også så heldige at den lokale butikkjeda Aandahls stiller som sponsor.

Delar av arrangementskomiteen: Henny Hernes, Molde Husflidslag, Torunn Haldorsen, Molde Frivilligsentral og Kristin Glæstad Vonheim, Naturvernforbundet i Molde. Foto: Synnøve Haga

Les meir om redesignkonkurransen her.

Sponsorer

Skjermbilde

Kva er Den store klesbyttedagen?

Klesindustrien står for meir av verdas klimagassutslepp enn fly- og skipsfart til saman. Men visste du at vi kan halvere utsleppa frå kleda våre, dersom vi brukar dei dobbelt så lenge?

Naturvernforbundet har arrangert den store klesbyttedagen årleg sidan 2016. Dette er eit nasjonalt arrangement der vi oppfordrar frivillige i heile landet til både å arrangere og å delta. Her kan du lese meir om Den store klesbyttedagen

(Kjelde: Naturvernforbundet.no)