Nok ei torskeklage

Fylkeskommunen har gjeve løyve til meir torskeoppdrett i Voldsfjorden. Naturvernforbundet har sendt ei ny klage.

Framleis er ikkje klagesaka på torskeoppdrettet i Alida i Volda avgjort, men fylkeskommunen kan ikkje vente, og gjev Ode konsesjon for meir torskeoppdrett. Volda kommune har sagt det er nok, naboane tykkjer det er nok og Naturvernforbundet meiner det er meir enn nok.

Det som det ikkje er nok av er kartlegging av det livet som finst i og ved fjorden frå før. Kartlegginga er svært mangelfull. I dette tilfelle har dei heilt gløymt av pollen ved Kile. Den kunnskapen som fylkeskommunen har fått innsyn i frå mellom anna Naturvernforbundet blir heller ikkje brukt.

Det verkar som fylkeskommunen har fått ordre om å godkjenne torskeoppdrettskonsesjonane uansett. Næringa sine behov er heilt avgjerande. Naturen må vike.

Fiskeoppdrett – kven har styringa

Enkelte politikarar har no oppdaga at oppdrettsnæringa blir styrt av planar politikarar har vedtatt, men kanskje ikkje forstått konsekvensen av. Kva no?