2001

Årsmelding 2001 Innhold: Verna natur – trussel mot bygdene? Namn og tal-Styret-Medlemstal-Lokallag-Fylkesstyret-Internett og Naturvernforbundet-Fylkessekretær I året som gjekk jobba styret i NVSF særleg med desse sakene-Uttalingar i høyringssakar-Sendt klage på vedtak-Vi har halde oss orienterte og følgt opp tidlegare engasjement i fleire saker-Medlemsrøkt Konkrete saker under året-Minikraftverka som vert bygde i verna vassdrag-Feios og Feum-Verneplan for myr i Sogn og Fjordane Nytt frå lokallaga-Naturvernforbundet i Førde-Naturvernforbundet i Eid

Verna natur – trussel mot bygdene?
Av Astrid Kalstveit, leiar

Året 2001 har vore prega av ordskifte om inngrep eller vern av naturen vår. Det er for så vidt ikkje noko nytt, men ein kan kort nemne dei viktigaste sakene som har stått på dagsorden: vindmøllepark på Stadlandet, kraftutbygging i Kjøsnesfjorden, anorthositt-utvinning i Nærøyfjorden og verneplan for myr. Gjennom lokalavisene vert Naturvernforbundet og miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen sett på som «den stygge ulven». For vi vil båe m.a. «hindre utvikling, leggje bygdene aude og stele livsgrunnlaget frå grunneigarane». Kva er så realitetane i dette?

Ser ein på Jostedalsbreen nasjonalpark så har den skapt grunnlag for mange fleire arbeidsplassar enn det som ville vore tilfelle ved ei kraftutbygging. Det same vil gjelde for både Stadtlandet og Kjøsnesfjorden. Ei kraftutbygging vil gi arbeidsplassar i ein kort utbyggingsperiode, men når denne er slutt er arbeidsplassane borte og naturen forringa. Sogn og Fjordane har ein unik natur med velstelt kulturlandskap og rike tradisjonar. Det er i dette perspektivet vi må sjå framtida for fylket, for det er dette dei reisande ønskjer å sjå, oppleve og få lov å vere ein del av. Til dømes er Nærøyfjorden landskapsvernområde eit unikt reisemål og marknadsførast betre som «urørt natur» enn som «gruveområde». Likevel vil ikkje vernet hindre tradisjonell og forsvarleg drift av skog og jordbruk i dette område.

Det viktigaste med vern er å hindre inngrep som entreprenørar utanfor står for, t.d. kraftutbygging, gruvedrift, gigantiske hytteanlegg, vegar og kraftliner. Problemet for grunneigarane er ikkje at vern hindrar tradisjonell bruk, men at slik bruk ikkje er lønsam i dag. Dette tilseier at Staten i større grad bør støtte drift som tek vare på viktige verneverdiar både i og utanfor verna område. I dag verkar diverre store delar av støtteordningane både i og utanfor landbruket til at naturen vert forringa.

Framtida lyt difor vere større offentleg satsing i verneområda og å fjerne tilskot som verkar skadeleg på naturen og det biologiske mangfaldet. Det unytta potensialet for å utvikle tilbod med opplevingar som lokale mattradisjonar, bær- og sopplukking, fiske, jakt, turgåing, utkikkspunkt, fjell- og breføring, fuglekikking og forvalting og stell av vegetasjon må styrkjast i mykje større grad. Desse oppgåvene kan i stor grad takast vare på av personar i lokalsamfunnet. Parkvern vil då artar seg som nye sjansar, og naturen vert den viktigaste attraksjonen.

Naturen i Sogn og Fjordane vert såleis marknadsført på ein positiv måte, og det særeigne i den verna naturen vert gjort særskilt kjent. Det vil gi glede og ny kunnskap både til reisande og fastbuande og ikkje minst til ungdom, som treng oppleving i heilskap om natur, harmoni og vørdnad.


NAMN OG TAL:

Styret

Leiar:
Astrid Kalstveit

Jon Farestveit Inger Auestad Torleif Jakobsen Siri Gausemel


Varamedlemmar:
1. Sverre Høgheim 2. Oddleiv Hjellum 3. Vidar Grønnevik 4. Kari Bergset


Rekneskapsførar:
Lars Arne Hilde

Revisorar:
Grete Lysen
Gyda Bennæs

Representant i Landsstyret:
Eli Heiberg

Vara Landsstyret:
Astid Kalstveit

Landsmøtedelegatar:
Marit Hjelle
Astrid Kalstveit

Vara til landsmøtet:
Torleif Jakobsen
Oddleiv Hjellum

Valnemnd:
Eli Heiberg Marit Hjelle Torkjell Djupedal


Medlemstal

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har 383 medlemmar per mars 2002. Det betyr at vi faktisk har fleire medlemmar i år enn i fjor da talet var nede i 350 medlemmar. Vi håper den positive trenden held seg.

Lokallag

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane hadde i 2001 tre aktive lokallag; Nordfjordeid, Førde og Sogndal.

Fylkesstyret

Styret hadde i alt sju møte i året som gjekk. I tillegg til naturvernsakar har styret jobba ein del med å få i gang aktivitetane i fylket. Det er gjort forsøk å starte opp lokallag, både eksisterande med lav aktivitet og nye. Til døme har Torleif lagt ned mykje arbeid for å starte eit nytt lag ute ved Selje. Vi har òg støtta opp bak de aktive lokallaga og det har vore laga ein vervefoldar for Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.
Styret har prøvd å synleggjøre Naturvernforbundet ved å synast i media. Vi har hatt innlegg om Feios- vassdraget i Sogn Avis, Astrid har vore intervjua av radio om minikraftverk og media var til stede under flaggermusvandringa som lokallaget i Eid stod for, berre for å nemne noko.

Internett og Naturvernforbundet

Hovudansvarleg for nettsida (/sognfjordane) er Kristen Breisnes. Han har planar om å forbetre sida og vi skal bruke hun meir aktivt framover.

Fylkessekretær

Det vart tilsatt ei ny fylkessekretær den 1. juli etter at Kristen Breisnes trekt seg frå vervet tidligare på sommaren. Den nye sekretæren er Marie Pettersson og er student ved HSF.


I året som gjekk jobba styret i NVSF særleg med desse sakene:

Uttalingar i høyringssaker:
• Høyringsfråsegn til Fylkesdelplan for klima og miljø
• Høyringsfråsegn til Verneplan for myr i Sogn og Fjordane
• Høyringsfråsegn til melding om regulering av Feioselvi, Vik kommune
• Uttale til melding om planar for golfbane på Rikheim, Lærdal kommune
• Helikoptersprøyting med glyfosat i kraftgater i kommunar i Indre Sogn


Sendt klage på vedtak:
• Etablering av steinbrot i Gulestø, Bremanger kommune
• Utviding av smoltanlegg i Herlandsvatnet, Askvoll kommune
• Regulering av Rivedal/ Skorvenvassdraget, Askvoll kommune
• Oppdyrking og bygging av landbruksveg nær Feigumvassdraget i Luster kommune
• Søknad om nydyrking på elvedelta nær verneverdig myr i Haukedalen, Førde kommune
• Løyve til helikoptersprøyting med glyfosat i kraftgater, Sogndal kommune


Vi har halde oss orienterte og følgt opp tidlegare engasjement i fleire saker:
• Vindkraftanlegg på Stad, Selje kommune og Bremangerlandet, Bremanger kommune
• Mini- og mikrokraftverkutbygging i vassdrag
• Vasskraftutbygging i Kjøsnesfjorden, Jølster kommune
• Planer om anorthosittutvinning i Nærøyfjorden, Aurland kommune


Medlemsrøkt
• Det er utarbeidd ein vervefolder til bruk i ulike samanhengar
• Vi har jobba med oppstart av eit nytt lokallag i Nordfjordregionen
• Styret har også diskutert moglege aktivitetar for medlemane våre og m.a. teke initiativ til ein fellestur til Mørkridsdalen, Luster kommune i lag med Sogndal Turlag


Konkrete saker under året:

Narurvenforbundet meiner at minikraftverka som vert bygde i dei verna vassdraga øydelegg mange av dei naturverdiane som låg til grunn for vernet.
Av Oddleiv Hjellum

Gaularvassdraget vart teken inn i verneplan IV 1. April 1993. Hovudgrunnen til vernet var type- og referanseverdien til vassdraget. Utbygginga av småkraftverka og andre inngrep gjer at ein no må kjempe for vern av vernet.

Kompensasjon for bandlegging.
Naturvernforbundet meiner at eit verna Gaularvassdrag berre vil gi positive ringverknader framover for samfunna kring vassdraget. Det biologiske mangfaldet og dei klassiske naturverdiane i området er ein kapital som vil forrente seg godt i tida framover.- Men, Stortinget har gjeve økonomisk kompensasjon for vernet av Gaular, 10 mill. til kvar av dei tre utbyggarkommunane. Strenge vernereglane ville mellombels kunne gi ulemper for einskildpersonar og kommunar. Men samfunnet kan ikkje godta at verneverdiane vert øydelagde når vi har betalt for dei.

Samanhengen.
Alle inngrepa må sjåast i ein samanheng, og dei må vurderast samla. Mange bekkar så gjer ei stor å. Det er kanskje mogleg å finne eit prosjekt som sett isolert kan godtakast. Og nokon er alt bygde. Men no er grensa nådd. Det er også svære vanskeleg å seie ja til eitt prosjekt, og så seie nei til eit tilsvarande. Reine og konsekvente liner er lettast å administrere, og mest rettferdige.

Konklusjon.
Stortinget har lagt eit stort ansvar på lokale og sentrale styresmakter når det gjeld å forvalte verneverdiane i Gaular på vegne av nolevande og framtidige generasjonar. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane ber difor Gaular kommune i denne saka, og dei andre kommunane i tilsvarande saker seie nei til alle småskalakraftverk. Lat neste generasjon overta ein urøyrd arv.

Del av ei fråsegn om småskalakraftverk i Gaula.

Feios og Feigum.
av Jon Farestveit

Naturvernforbundet har engasjert seg i to «elvesaker» i indre Sogn. I Feios i Vik kommune er det lagt fram planar om bygging av kraftverk i Feioselvi. Blir desse planane gjennomførte, vil mykje av vatnet i elva forsvinne, og det talar for seg sjølv at utbyggarane i sakspapira ikkje kan garantere noko minstevassføring i elva med
dei konsekvensane dette kan få for fiske, ureining osv. Vi har gått mot dette prosjektet i ein uttale som no er sendt NVE, og har elles hatt pressemelding og innlegg i lokalavisa om dette. Vi vurderer også å gå vidare med saka og vil prøve å få engasjert motstandarar av desse planane, som vi veit finst i bygda.

Naturvernforbundet har og engasjert seg i ei sak som gjeld den kjende Feigafossen i Luster. Denne vakre fossen er freda, men no er det snakk om å legge eit dyrkingsfelt i nærleiken av fossen og å
byggje ein traktorveg opp til feltet. Begge desse planane har vi gått imot då vi meiner dei vil føre til landskapsendringar som vil øydelegge ein god del av inntrykket av den vakre fossen.

Verneplan for myr i Sogn og Fjordane av Inger Auestad

Hausten 2001 sendte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Framlegg til verneplan for myr i Sogn og Fjordane på lokal høyring. Dette er ein av dei fire ”klassiske”, tematiske verneplanane som vart starta opp av Miljøverndepartementet på 70- og 80-talet. Framlegget til verneplan kviler på eit stort og grundig arbeid og femner om 25 ulike myrområde fordelt på heile fylket.
I høyringsfråsegna frå Naturvernforbundet gav vi vår støtte til arbeidet med vern av myr i fylket, og vil sa oss nøgde med at dette arbeidet nå er i ferd med å få praktiske konsekvensar i form av vern av konkrete område. Vi tok også opp nokre generelle synspunkt på vern av myr i Sogn og Fjordane, mellom anna:
• Framlegga til vern av myr bør også kunne omfatte areal med annan vegetasjon som naturleg høyrer saman med myra
• For å unngå uheldige inngrep i verdifulle myrer kan ein vurdere å opprette landskapsvernområde
• I område med slåttemyr bør vernestyresmaktene arbeide for å oppretthalde, eventuelt restaurere dei gamle kulturmarkstypane
• Det er ikkje mogleg å gjennomføre vern av dei mest verdifulle myrområda utan å komme i konflikt med næringsinteresser Vi gjekk elles særskilt inn i framlegget til fire konkrete verneområde, nemlig Tvinna i Stryn, Eldedalen i Bremanger, Gjerlandsøyane i Førde og Øydalen i Gaular. I samband med vern av desse områda ser ein eksempel på ulike konfliktar med næringsinteresser, særlig i samband med ynskje om skogsdrift og til dels nydyrking. I følgje DN-håndbok nr 13-1999 er all myr i låglandet under sterkt press og i tilbakegang, særleg større ugrøfta myrer i låglandet opp til ca 500 m o. h. I dette området er også landbruksaktiviteten størst, og det er ikkje til å unngå at næring og verneinteresser kan komme til å støyte saman i enkelte av dei føreslåtte områda. Samla utgjer dei føreslåtte områda likevel eit svært lite areal, og som jordbruksområde har dei i ein del tilfelle liten reell verdi.

Heile høyringsfråsegna kan lesast her.


Nytt frå lokallaga

Naturvernforbundet i Førde

Lokallaget i Førde har på ein fin måte vore med og markert LA 21 i Førde saman med Førde kommune, Kvinne- og familieforbundet, Sunnfjord Økologiske Landbrukslag, Kletten grendalag og Bygdekvinnelaget. Det fyrste arrangementet fann stad den 31. mai med ei markering i sentrum og vandring gjennom Førde til Kletten grendahus og god mat. I haust arrangerte dei ein torgdag med sal av økologiske matvarer, kaffi svele, grilling av fisk m.m. Torgdagen trakk til seg mykje folk og skal arrangerast på ny hausten 2002.
Skogsvegar har vore i fokus i lokallaget. Både oppfølging av vegen mellom Solheim og Farsund, og nye saker som Kvandalsstølen. Representantar frå styret har delteke i fleire synfaringar vedrørande vegen og møtte på eit mobiliseringsmøte på stølen i haust. Det ser ut til at det på grunn av protester frå lokallaget har vore sett strengare krav til utføring av vegen enn kva elles ville vore gjort.
Lokallaget i Førde har vore med i kampen mot vindkraftanlegget på Stad. De har engasjert seg ved å skrive avisinnlegg, og ved å vere med på synfaringa på Stad i september i fjor. Fleire synspunkt vart lagt fram for Olje- og energidepartementet, Miljøverndepartementet og andre involverte partar. Styret var også representert på eit møte i Olje- og Energidepartementet i Oslo i desember.
Leiar Oddvar Etnestad heldt et innlegg på eit møte om parkeringspolitikk i Førde. Den viktige delen i debatten var innføring av parkeringsavgift.
Mykje av arbeidet i Naturvernforbundet er å setje seg inn i ulike reguleringsplanar og kome med eventuelle merknader til desse.
Lokallaget og Fylkeslaget arrangerte flaggermusvandring rundt Førde ein sommerkveld, Johannes Aanonby var omvisar og hadde mykje spennande å fortelja.


Naturvernforbundet i Eid

Lokallaget i Eid er flink til å arrangere temakveldar. I høve den europeiske flaggermusdagen vart det i Nordfjordeid sentrum arrangert flaggermusvandring den 17. august. Det var god deltaking og Johannes Aanonby fortalte om flaggermusa sitt liv og åtferd. Han hadde med apparat som fanged opp høgfrekvente lydar, og kunne på denne måten leite opp dyra. Dagen etter gjekk turen til Hjellestad der Aanonby hadde med utstyr til å fange insekt og dei deltakande fikk høve til å studere desse på nært hald.
Ein annan temakveld vart arrangert i samarbeid med Eid Hagelag der giftfrie hagar var temaet. Sigmund Larsen og Rune Vereide føreleste om økologisk dyrking av frukt og giftfritt hagebruk.
Marit Hjelle deltok i møte på Rådhussalen den 20. april, dette i samband med registrering av biologisk mangfald i Eid kommune.
Den 4. juli var leiar Thorleif Jakobsen intervjua av NRK Sogn og Fjordane vedrørande nokre måseungar som vandra kring utan mål og meining i sentrum av Nordfjordeid. NRK ville høyra Naturvernsforbundet si syn i saka kvifor dei oppførte seg på ei slik måte.
I samband med opplæring i kompostering i Eid kommune var styret invitert til å fortelja om si erfaring av kompostering. Thorleif deltok på ein kveld på Kjøsdalen skule.
Axel Nilsen og Thorleif Jakobsen var på synfaring med båt for å sjå på planane kring utfyllingar på Ytre Skårhaug.