08.sep 2022

Soppkurs/guided mushroom walk

Hva: Soppkurs
Når: 08.sep, kl. 16:30
Hvor: Sogndal

Soppkurs i felt med Naturvernforbundet i Indre Sogn.

Har du nytt godt av sopphausten hittil, men vil utvida repertoaret litt meir? Eller er du heilt fersk på sopp, og ønskjer ei trygg innføring i dei aller beste matsoppane? Eller er du berre fysen på ein fin ettermiddagstur saman med to dyktige soppsakkunnige?

Då er det berre å møte opp ved Sogndal Kulturhus torsdag 8. september klokka 16:30! Me går i samla flokk opp til Røvhaugane, kor det vert litt kursing før me vender nasen mot bakken og sankar sopp til cirka klokka 19.

Turen vert av moderat vanskelegheit, me går ikkje so langt, og på eller nær sti. Greie joggesko eller lignande held godt, me ventar tørt vêr. Ta med mat og drikke etter eige behov.

Om du har soppkurv og/eller kniv, ta gjerne med dette. Om ikkje, so er ein papirpose, matboks, tøynett eller anna heilt greitt for sopplukking.

Arrangementet er gratis, og ope for alle. Inga påmelding, berre å møte opp!

//

Have you been enjoying the wonderful mushroom season this year, but looking to expand your repertoar? Or are you a mushroom novice, wanting to learn how to safely identify the most common ones? Or just keen on an afternoon outing with two skilled mushroom experts?

Come meet us at Sogndal Kulturhus (next to Amfi) at 16:30 Thursday September 8th! We walk together to Røvhaugane, where there we’ll learn about the exciting world of mushrooms. A short lecture is followed by loads of hands-on mushroom foraging, with our experts ready to help you identify your findings. We head back down around 19:00.

The walk itself is easy to moderate — we won’t go far, but we’ll be walking uphill. We’ll follow trails, and the dry weather should allow for normal running shoes or similar footwear. Bring water and snacks as per your own needs.

If you have a mushroom basket, and/or a knife, these will be useful. If not, you’ll be just fine with an old lunch box, a fabric shopping bag, paper bag or just about any other container.

This event is free, and open to all. There is no sign-up, just show up!

PS: The guides will adapt to an English-speaking audience as needed.