Tur og Informasjonsmøte -vindkraftutbygging i Bremanger

Laurdag inviterer Motvind Ytre Fjordane og Naturvernforbundet i Bremanger til tur og seinare informasjonsmøte om vindkraftplanane i Bremanger
Fjelltur same dag:
Laurdag 4. oktober – inviterer vi til fjelltur med Sofie Marhaug:
- Oppmøte: kl. 11 på Guleslettene (parkeringa).
- Dersom vêret er bra: tur til Myklebustfjellet.
- Dersom vêret er dårleg: kort samling på Guleslettene, deretter køyrer vi til Indrehus for utsikt til planområdet og prat om planane.
- Etter turen/alternativt opplegg blir det grilling ved Trudvang for deltakarane (dersom været tillet det).
Informasjonsmøte om vindkraft på Trudvang, Kjelkenes
Stad: Trudvang, Kjelkenes
Tid: Kl. 16:00
Tema for møtet:
- Status for planane til Zephyr og Eviny om over 50 nye vindturbinar i Bremanger kommune.
- Kva skjer vidare, og kvifor reiser vi alarm om desse prosjekta?
Innleiarar:
- Sofie Marhaug – nestleiar i Raudt og nestleiar i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
Ho snakkar om nasjonal natur- og energipolitikk, og det sterke lobbyistpresset for vindkraftutbygging i verdifull natur. - Sveinulf Vågene – geolog med hovudoppgåve frå Ålfotfjella, og fagleiar i Motvind Norge.
Han viser bildemateriale frå planområdet og forklarar korleis vegane og inngrepa vil prege terrenget. - Jørund Nygård – kort status for prosjekta, Zephyr sitt planinitiativ, innbyggarinitiativet om folkerøysting, kva som skjer på Guleslettene, og tidslinja vidare.
Diskusjon:
- Etter innlegga er det ope for spørsmål, innlegg og samtale.
Servering:
- Enkel kaffi og noko å bite i.