Nei til kraftutbygging i Feioselvi!

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane går mot planane for bygging av kraftverk i Feios. – Vi bør ha råd råd til å ta vare på dei få urørdde vassdraga vi har igjen i landet. Det er og i gang eit arbeid med ein ny verneplan for vassdrag, og all planlegging bør stansast til ein veit noko meir om resultatet av dette arbeidet. For Feiosvassdraget ser vi særleg alvorleg på konsekvensane av at ca. 60 prosent av vassføringa i Feioselvi vil forsvinne, seier fylkeslagsleiar Astid Kalstveit.

Når det gjeld dei planane som no ligg føre i Feiosvassdraget, ser vi særleg alvorleg på konsekvensane av at ca. 60 prosent av noverande vassføring i Feioselvi vil forsvinne. Det ser ut til at utbyggarane ønskjer å minimalisere fylgjene av dette både når det gjeld grunnvatnet, forureining av elva, fylgjer for fisket, landskapsendringar osv.
Det talar også for seg sjølv at utbyggarane ikkje kan garantere ei minstevassføring i elva!

Vi er også svært skeptiske til plasseringa av dei utsprengde tunnelmassane .Det er meininga å plassere ein del av desse langs eit smalt dalføre og bruke dei til utviding av jordbrukseigedomar. Dette vil få store konsekvensar når det gjeld landskapsbildet, og desse planane kan slett ikkje vere skikkeleg gjennomtenkte. Vi er også skeptiske til plasseringa av dei andre tunnelmassane.

Det har tidlegare vore mykje kraftutbygging i Vik kommune, særleg på Vikafjellet og i Stølsheimen. Det er såleis få urørte vassdrag igjen i kommunen, og kommunen bør ha råd til å ta vare på dei som er igjen både av omsyn til friluftsliv, turisme og ikkje minst allmenne naturkvalitetar.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Astrid Kalstveit, leiar Jon Farestveit, nestleiar


Les brev til NVE