Vasskraftutbygging i høgfjellet ved Storehesten i Bygstad

Selsvatnet som ligg 840 m.o.h. ligg i fare for å bli demt opp , dette vil forringe eit høgt verdsatt fjellområdet.

Stig Roger Eide
Stig Roger Eide

Kvifor skal vi tillate ei utbygging i høgfjellet?

Eit selskap ved namnet Norsk Vannkraft AS (med 90% utanlandsk eigarskap) har søkt om å få demme opp Selsvatnet som ligger rett ved Storehesten (også kjent som Kvamshesten) i Bygstad, Sunnfjord kommune. Selsvatnet har i dag eit fritt rennande parti ned til det eksisterande elvekraftverket Selselva Kraftverk (kjøpt av Norsk Vannkraft AS i 2023). Selsvatnet ligg i eit høgfjellsområdet på 840 m.o.h. og i området finn ein fleire raudlista artar og dyreliv, blant anna villrein og kongeørn som hekker i området.

Når Selselva Kraftverk fekk lov å bygge ut og legge delar av elva i røyr frå ca. 540 m.o.h., var det og med forbehald om at resterande delar av elva skulle haldast inngrepsfritt. Kvifor kan då eigarane av kraftverket søkje om å bygge ut det landskapsrommet som skal haldast inngrepsfritt?

Stig Roger Eide

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner at søknaden om å regulere Selsvatnet må avvisast.

Øvre delane av Selselva er eit godt synleg landskapselement i fjellkjeda, eit landskap som ikkje berre gir storslegne naturopplevingar, men og bidreg til identitet og stadkjensle. Naturen er bustad for plantar og dyr som ikkje kan ofrast og setjast i spel for nokre få kilowattimar (kWh) og pengar i lomma til utanlandske eigarar.

Elva kjem til å bli kraftig påverka av endringane i vassføringa. Dei endringane som ei oppdemming fører til gjer at elva ikkje følger dei naturlege variasjonane som vil gi store miljøkonsekvensar og vil påverke viktige delar av høgfjellet sitt økosystemet i området. Krav om minstevassføring er heller ikkje nok til å beskytte artsmangfaldet i området, som og har ein del raudlista artar. Reduksjon av vassføring og tap av flaum vil påverke desse og dei andre artane i området.

Vil du engasjere deg?

Signer imot demning av Selsvatnet ved Storehesten i Bygstad:

Vi har ei underskriftskampanje frå 2024 som er like aktuell i dag. Skriv under om du er imot utbygginga så deler vi den med kommunestyret og fylkesutvalget.

Skriv eit høyringsfråsegn før 1. desember

Du kan og sende inn eit høyringsfråsegn til Norges Energi og Vassdirektorat (NVE). Dette treng ikkje vere langt, men kan kort forklare kvifor du er i mot ubygginga og vil at naturen i området skal bevarast. Det hjelper mykje at du bidrar, så ikkje la sjangsen gå frå deg! Korleis du sender inn står på nettsida til saka:

Nettsida finn du her

Ein trua naturtype

Fritt rennande vatn i elver er ein trua naturtype, og vi treng betre forvalting av trua natur, ikkje utbygging. Globalt står vi ovanfor ei naturkrise, det gjeld også her i Noreg. Likevel er tapet av naturmangfald i Noreg aukande. Tap og fragmentering av naturområde er viktige årsaker til at naturkrisa blir større, vidare er det ein av dei største truslane mot livet på land.

Kraftutbygging er blant ein av dei største årsakene til naturtap her i landet. Debatten går om meir fornybar kraft vs. naturkrisa,men ein gløymer ofte at bevaring av intakt natur er det mest effektive verkemiddelet vi har i møte med klimakrisa. Naturkrisa er eit stort globalt problem som vi menneske har skapt og med nedbygging av natur fører det til at vi mister arter, deira økosystem og naturmangfaldet vi har i dag. Økosystem som brytast ned gjer at økosystemtenestane dei gir oss, som t.d. reint vatn og oksygen vert svekka. Vi menneske er ein del av dette intrikate systemet og kan ikkje behandle naturen som ein plass med evig ressursar å utnytte.

Naturen vil kollapse under vår grådigheit for meir vekst og rikdom. Same systemet som har satt i gang naturkrisa kan ikkje redde oss ut av den. Det er på tide å tenke nytt, ta nye val og høyre på forskinga før det er for seint. Vi kan starte med å ta vare på dei rennande elvane våre!

Det som er naturvenleg, er å la naturen vere slik den er. La elva i høgfjellet frå Selsvatnet få renne fritt!