Ta vare på Holmaneset for ei berekraftig og klimavennleg framtid

lesarinnlegg frå Naturvernforbundet Sogn og Fjordane

Kystfuruskogen på Holmaneset i Bremanger kommune er ein av dei mest verdifulle naturtypane vi har langs kysten på Vestlandet. Dette er ikkje berre skog, det er eit nasjonalt viktig økosystem som berre fins i slike særprega kystmiljø. Når ein står inne i denne skogen omgitt av tre som har stått i mot vèr og vind i generasjonar, forstår ein kor sjeldan og sårbar naturen eigentleg er.  Berre ein knapp kilometer unna Holmaneset, ligg Tennøyane Naturreservat, eit av dei viktigaste områda for sjøfugl i regionen. I følgje rapportar frå Statsforvaltaren, er det tøffe tider for sjøfuglane i Vestland, og ei nedbygging av dette unike området, med tap av skog og auka forstyrring, vil uunngåeleg kunne gjere situasjonen endå vanskelegare for desse artane.

Kystfuruskogen på Holmaneset er ikkje berre ein biologisk ressurs, men også ein del av kulturarven vår. Det er eit landskap som har forma både natur og menneske gjennom generasjonar. Noreg er i følgje NRK det landet i Europa som bygg ned mest natur per innbyggjar. Holmaneset i Bremanger, og planane for bygging av ammoniakkfabrikk er eit døme på korleis denne statestikken oppstår i praksis. Der område for område, bit for bit, av livsviktige økosystem blir redusert til noko ein meiner ein kan “kompensere” for seinare. Men det går ikkje. Naturen fungerer ikkje slik. Ein kan ikkje bli “arealnøytral” eller “naturpositiv” dersom ein bygger ned intakt natur. Det som er tapt, er tapt for alltid.

Å forringe eller øydeleggje slike område vil vere eit brot med både nasjonale naturmål og internasjonale forpliktingar, og ytterlegare bidra til at nedbyggingsstatistikken blir forverra. At Naturvernforbundet har funne det nødvendig å melde kommunen til politiet for miljøkriminalitet på Holmaneset, ei sak som enno er under etterforsking, illustrerer kor alvorlege avvika i sakshandsaminga har vore.

Planane om ammoniakkfabrikk vil medføre omfattande inngrep og store terrengendringar  som vil skade både kystfuruskogen, kystøkosystema og det verna naturreservatet i nærleiken. Når nasjonalt viktige naturverdiar blir sett til side for prosjekt der både  teknologi, avbøtande tiltak og samfunnsnytte framleis er uklare, må ein stille spørsmålet om dette er forsvarleg arealforvaltning. Statsforvaltaren har alt slått fast at kommunen må gjere sjølvstendige vurderingar av naturmangfaldet, men det som no ligg føre frå kommunen som vurderingar etter naturmangfaldlova §§ 8–12, er langt frå tilstrekkeleg.  Dersom kommunen likevel pressar gjennom eit nytt vedtak, vil vi påpeike at dei etter lova er forplikta til å gjere reelle, grundige og sjølvstendige vurderingar av naturmangfaldet, ikkje berre vise til utbyggar si konsekvensutgreiing eller korte samandrag. Desse vurderingane må gjerast, og Naturvernforbundet vil følgje opp saka nøye og krevje at kommunen blir pålagt å oppfylle lovkrava dersom dei igjen forsøker å vedta planen utan ei tilfredsstillande naturmangfaldvurdering.

Vi kan forstå at det er vanskeleg for politikara å seie nei til byggherrar når dei kjem med tilbod om industri som gir arbeidsplassar og inntekter til kommunen. Men utbyggjarane lovar berre gull og gråe skogar. Vi kan ikkje bygge oss ut av ei klimakrise med dei same kortsiktige løysingane som har ført oss inn i ho i utgangspunktet. Det vi i Naturvernforbundet vil få fram er at kortsiktige løysningar på ei klimakrise vi sjølve har skapt, kjem vi ikkje til å bygge oss ut av på same måten som vi har skapt ho.

Ifølge FNs klimapanel er bevaring av natur det viktigaste klimatiltaket ein kan gjere, både med tanke på å bremse klimaendringane og for framtidig klimaomstilling. Har ein natur i kommunen sin med fungerande økosystem så står ein sterkare når klimaendringane banker på døra i form av ekstremvær. Klarer ein som kommune å forvalte naturen som er der, og heller satse på arbeidsplassar som ikkje går på kostnad av den, så har ein kome langt. Vi oppfordrar politikarane til å sjå heilheita av dei utfordringane vi står ovanfor i framtida, og håpar politikarane i Bremanger vel å bevare ein kystfuruskog, heller enn å bygge ein ammoniakkfabrikk i det området. Dette er riktig veg å gå framtida i møte. Skal vi ha ei betre framtid kan vi ikkje lenger godkjenne gamaldagse måtar å forvalte ein kommune på.

Naturvernforbundet meiner planane på Holmaneset må bli stoppa, slik at kystfuruskogen og dei unike naturverdiane i området kan bli verna for framtida. Vi kan ikkje akseptere at kortsiktige industriprosjekt skal gå føre vern av naturreservat og nasjonalt viktig naturverdiar. Holmaneset er eit døme på den større kampen mot nedbygging av norsk natur. Dersom vi ikkje set grenser her, vil stadig fleire nasjonalt viktige område stå i fare. Å ta vare på kystfuruskogen er å ta vare på både naturmangfald, kulturarv og samfunnsansvar. Det er ei plikt vi som fellesskap ikkje kan svikte. Vi ber instendig om at de som er folkevalde i Bremanger kommune seier nei til desse planane, og ja til ein fortsatt levande skog på Holmaneset.