Brev til tillitsvalde i Bremanger Kommune

Torsdag 18. desember skal kommunestyret i Bremanger handsame saka om Holmaneset på nytt, etter at det første planvedtaket vart kjend ugyldig mellomanna på grunn av manglande utgreiing av konsekvensar for naturmangfald.

Dette er ein moglegheit for lokalpolitikarane å snu i vedtaket om utbygging, og ta seg tid til å sjå etter eit meir bærekraftig alternativ! Under er brevet som vart sendt til kommunestyret i Bremanger i forkant av at saka skal opp.

Kjære folkevalde i Bremanger kommune,

Vi skriv til dykk angåande saka om Holmaneset, og eit ynskje om at de vil tenke dykk om ein siste gong før avstemminga i kommunestyret i morgon. Vi er klar over at saka har vore langdryg og tung, og at fleire ser på vedtaket i morgon som ein rein formalitet. Men når de skal stemme i morgon er dette også ein moglegheit til å gjere eit meir berekraftig val for kommunen.  

Vi er bekymra for at vedtaket slik det ligg føre i dag vert gjort utan god nok kunnskap om konsekvensar for natur og miljø, då det er påpeikt at det ikkje er gjort tilstrekkeleg arbeid på kartlegging. Det har blitt påpekt at kommunen mangla ei systematisk vurdering av samla belastning og alternative løysingar, og at konsekvensane for natur- og klima ikkje er godt nok utgreia. Å vedta planen på nytt utan å ta dette på alvor, er ikkje berre eit fagleg svakt vedtak – det er eit politisk val som de fullt ut står ansvarlege for.

Holmaneset er registrert som ein lokalitet med svært stor naturverdi, med gamal kystfuruskog som er blant dei eldste ved havnivå i fylket. Her finst også myrområder. I tillegg til å vere svært økologisk rike er både skogen og myra ekstremt viktige i eit klimaperspektiv. Per i dag har me ingen data på kor djupt dette myrområdet er, og det faktiske klimagassutsleppet ei utbygging medfører er ikkje undersøkt. Det er heller ikkje gjort berekningar på kor mykje karbon som vert tatt opp og lagra i jordsmonnet i skogen. I følgje FNs klimapanel er nettopp bevaring av intakt natur (og særskild karbonrike økosystem slik som på Holmaneset), det mest effektive klimatiltaket vi har. Om vi skal snakke om reell grøn omstilling frå Bremanger kommune vil ei nedbygging av Holmaneset vere eit stort steg i motsett retning.

Bevaring av natur er det viktigaste klimatiltaket vi har – ein løyser ikkje klimakrisa ved å forverre naturkrisa

Vi vil understreke at dette ikkje handlar om å vere imot grøne løysingar, men om å sikre at store industrivedtak skjer på rett stad. Ei løysing som innebærer å bygge ned intakt natur slik som på Holmaneset er ikkje grøn. Vi meiner at ein må sjå til allereie nedbygde «grå» areal dersom ein skal bygge industri. Det er fortsatt moglegheiter for å sjå på andre alternativ for utbygginga.

Bevaring av natur er det viktigaste klimatiltaket vi har – ein løyser ikkje klimakrisa ved å forverre naturkrisa.

Det er forståeleg at det kan vere vanskeleg å endre meining i saka, men her finst fleire gode argument for kvifor det er ein god grunn til å snu:

  • Det er kome meir kunnskap om saka
  • Det er ikkje gjort gode nok vurderingar på klimautslepp ei utbygging vil føre med seg, og det er høgt sannsyn for at utbygginga vil medføre ei belasting for klimaet, heller enn å bidra til grøn omstilling.
  • Statsforvaltar påpeiker at grunnlaget for konsekvensvurderinga på natur og miljø er for svake. Eit ja-vedtak på torsdag medfører ein risiko for saksbehandlingsfeil som de som politikarar vil måtte stå til ansvar for i framtida.

Difor vil vi be dykk som folkevalde om dette: Når saka kjem opp på nytt, sei nei til nedbygging av kystfuruskogen på Holmaneset. Ta Statsforvaltaren si grunngjeving på alvor og vis at Bremanger kan vere ein kommune som kombinerer grøn omstilling med reelt naturansvar. Dette handlar ikkje om å vere mot utvikling – men om å vere for rett utvikling som vil sei at ein tar vare på verdifull natur samtidig som ein vel å jobbe for klimatiltak i form av grøn industri.

Takk for at du tok deg tid til å lese dette, og håpar du vil ta det med deg inn i beslutninga i morgon.

Beste helsing
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane