NVE tilrår ikkje utnytting av Breim vassdrag
Det er gledeleg at NVE prioriterer artsmangfaldet. Dei skriv: «NVE rår Olje- og energidepartementet til ikkje å gje Breim Kraft AS løyve til å til å bygge Breim kraftverk i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. NVE legg særlig vekt på moglege konsekvensar for storaurebestanden.»
Dei skriv vidare; «Breim Kraft AS har søkt om løyve til å bygge kraftverk i Breimselva, som renn ut i Breimsvatnet i Gloppen kommune. Breim kraftverk er planlagt som eit elvekraftverk med inntak ved Høylo, og utløp i Breimsvatnet eller ovenfor Seime bru. Det planlagde kraftverket ville årleg kunne ha gitt i om lag 90 GWh ikkje-regulerbar kraft.
NVE meiner at dei samla, negative verknadene for storaure, landskap, friluftsliv, turisme og vannkvalitet er store, vurdert opp mot krafta som ville ha vorte produsert. Breimsvatnet innehar ein av Noregs få kjende storaurestammar, og Breimselva er ein del av aurens økologiske funksjonsområde. NVE legg særlig vekt på dei moglege konsekvensane for storaurebestanden.
Samla sett meiner NVE at fordelane ved bygging av kraftverket i høve til dei ålmenne og private interesser, ikkje er større enn skadane og ulempene.»
Rapporten i sin heile kan ein lese på