OPEN CALL – Kunst- og Strandrydderesidens i Stavang

Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og Fjordane Friluftsråd inviterer kunstnarar til å søke på eit heilt unikt residensopphald på Sogn og Fjordane sin ytre kyst i juni 2026.

Søknadsfrist: 26.04.2026

Eliah Lillis

Vi inviterer kunstnarar til ei unik oppleving som kombinerer strandrydding og kunst i dei vakre omgjevnadane i Stavang.

Søknader som vektlegg kunstnaren si interesse for, og syn på naturengasjement og miljøvern vil prioriterast, men tidlegare erfaring er ikkje eit krav. 

Premisset for residensen er å delta i strandrydding langs norskekysten saman med frivillige plastplukkarar. Materialet vi samlar vil verte brukt, anten direkte eller indirekte til ei felles utstilling/performance i slutten av opphaldet.

Vi ynskjer alle kunstnarar velkomne til å søke, anten ein driv med materialbasert kunst, performanse, lyd eller video- for å nemne nokon.

Praktisk om residensen:

Opphaldet på residensen varer i 3 veker og startar 1. juni. Kost og losji vert dekka av arrangøren. Det vil vere moglegheit for både innandørs og utandørs arbeidslokale.

Strandryddinga vil foregå i det episke og ville landskapet på øyar og fastland kring Stavang, der vi vil arbeide til fots og med hjelp av båt. Her får ein ei unik moglegheit til å komme tett på aude natur og dyreliv, og å oppleve konsekvensane av menneskeleg påvirknad og forureining. Både kunstnarane og dei frivillige strandryddarane skal aktivt delta i å sanke/ rydde havplast. Gjennom tre veker vil kunstnarane kunne utforske moglegheitene denne plassen har å tilby, gjennom tilstadeværelse, aktivitet og arbeid.

Det er forventa at kunstnarane skal kunne samarbeide om ei felles utstilling og/eller performance ved slutten av opphaldet der dei tek i bruk materiale dei sjølve har sanka. Dei frivillige vil bistå med å finne materiale.

Kva form kunstprosjektet tek er opp til kunstnarane å bestemme, det kan gjenskapast gjennom lyd, video, fysiske installasjonar etc. Men prosjektet blir utforma med premiss om å nytte materiala ein finn gjennom strandryddinga, og med hensikt å formidle omfanget av forsøplingsproblematikken langs kysten av Sogn og Fjordane.

Denne residensen krever at søkjaren er i god alminnelig form, då sjølve strandryddinga kan vere fysisk krevjende og i områder med ulendt terreng.

Slik søker du

  • Søknadsfrist 26. april 2026
  • Du kan vente svar på søknaden innan 4. mai 2026
  • Søknaden skal samlast i ein pdf på maks 15 sider og maks 10MB
  • Navngi fila: etternavn_2026
  • Søknaden sendast på epost til: s.skjerdal@naturvernforbundet.no

Søknaden skal innehalde:

Kontaktopplysningar: Fullt namn, tlf. nr. og epostadresse

Skildring av kunstnarskapet:

Skriv kort om følgande:

  • Kven er du som kunstnar? Litt om praksisen din, kva medier, format og materialer jobbar du mest med? Kva er ambisjonane og måla dine med kunsten?
  • Kvifor tenker du at du passar inn i dette prosjektet?

Kva er dine tankar om natur, miljø og bærekraft?

Skriv kort om kva du tenker om desse tema, og korleis du jobbar med eller ynskjer å jobbe med dei gjennom kunsten din.

Kunstnerisk CV

Maks 2 A4sider

  • Skal innehalde relevant utdanning og kurs
  • Relevant verksomheit, produksjon, både gjennomførte og planlagte prosjekt.
  • Anna relevant informasjon
  • Vi synes også det er spanande å sjå om du har noko tidligare erfaring med strandrydding og generelt friluftsliv gjennom tidligare arbeid, ideell verksemd eller ut av eige initiativ, men dette er ikkje påkrevd.

Kunstnerisk portefølje

  • Skal vise maks 7 verk. Vel gjerne ut verk som representerer ditt kunstnariske verke godt, og som kan passe inn i formatet til residensen.
  • Bildedokumentasjon: Inkluder tittel på verk, år, format og teknikk på same side som bilete av verket. Kan også inkludere ei enkel setning med prosjektskildring.
  • Dokumentasjonen bør vere i liggande format, og storleiken tilpasses visning på skjerm (1920×1080).
  • Videofil: Legg ved link til videofil inne i PDF-en, bruk Youtube eller Vimeo. Filmen kan ikkje vere lengre enn fem minutt.
  • Lydfil: Legg ved link til lydfil inne i PDF-en som .mp3, .ogg, .wav, .flac, .aiff. Lydfila kan ikkje vere lengre enn fem minutt.

Har du spørsmål?

Om arrangørane

Stina Skjerdal
Prosjektkoordinator for Naturvernforbundet Sogn og Fjordane

Eliah Lillis

Johannes Elslo
Prosjektkoordinator for Fjordane Friluftsråd

Eyrun Mueller

Eyrun Müller
Kunstnerisk ansvarleg

Sponsorar

handelens miljøfond
vestland-fylkeskommune_rgb