Eg held pusten for Førdefjorden
Det er det ein gjer når noko står på spel – når utfallet betyr meir enn juridiske paragrafar.
Øystein GarforsMedan regjeringsadvokaten har brukt den siste veka i Høgsterett på å forsvare statens rett til å la Nordic Mining dumpe gruveavfall i Førdefjorden, held eg pusten.
Det er det ein gjer når noko står på spel – når utfallet betyr meir enn juridiske paragrafar. For Førdefjorden er ikkje eit objekt i ei rettssak for meg. Han er ein levande fjord. Og han står i fare for å bli ein permanent søppelplass.
Eg får inntrykk av at stadig færre ser kva Førdefjorden har vore – og framleis er. Frå tidleg 1900‑tal og fram til etter krigen var fjorden heilt avgjerande for matauk og lokal økonomi. Han ga sild, torsk, sei og skaldyr. Med modernisering og strukturendringar har fjorden fått mindre direkte betydning for mange – i alle fall på papiret.
Men verdien har ikkje forsvunne.
Mi eiga relasjon til fjorden starta midt på 1980‑talet. Eg fekk min første båt. Fjorden vart leikeplass, spiskammers og fristad. Seinare har eg brukt mykje tid på fiske og fridykking. Eg trur det er slik for mange i dag: Førdefjorden er staden for bading, dykking, stillheit og gode måltid. Ein stad ein ikkje berre lever av, men med.
Øystein GarforsLikevel les eg i lokalavisa stort sett positivt vinkla saker om Nordic Mining. Det er eigentleg ikkje overraskande. Nordic Mining gjer det selskap er skapt for å gjere: å utnytte dei rammene staten gir for å maksimere profitt for eigarane sine.
Det som er vanskelegare å forstå, er staten si rolle.
Kvifor brukar staten enorme ressursar på å forsvare interessene til utanlandske investorar, medan eit fellesgode blir ofra – utan at fellesskapet får noko reell verdi tilbake? Kvifor jobbar ikkje staten for å setje ein høg verdi på norsk natur – på ein fjord som framleis har mykje liv i seg?
Det undrar meg at staten tilsynelatande ikkje har forstått – eller ikkje vil erkjenne – samanhengane i eit økosystem. Ein fjord er ikkje berre botn og vassmasse. Han er del av eit kretsløp der plankton, botndyr, fisk, fugl og menneske heng saman. Skal det bu folk ved ein fjord, må det vere liv i fjorden. Når staten reduserer Førdefjorden til «generisk bunnfauna», reduserer dei samstundes verdien av lokalsamfunn, kultur og levemåtar knytte til fjorden gjennom generasjonar.
Difor held eg pusten – både av uro og av håp.
For eg håpar framleis at eg kan fridykke i fjorden, plukke kamskjel med sonen min, skyte ein lyr til fiskesuppa og ta med nokre krabbar heim til mor. At dette ikkje berre skal bli minner.
Denne helga var eg på hytta til svigerforeldra mine på Flokeneset – rett utanfor utsleppsområdet. Vi hadde besøk av vener frå Latin‑Amerika. Vi dykka, fiska og laga heilt fersk ceviche, råvarer henta direkte frå Førdefjorden.
Kvardagslykke.
Det er dette som står på spel.
Øystein Garfors– Øystein Garfors, styremedlem i Naturvernforbundet Sogn og Fjordane
05.05.2026



