Styrer samferdselsministeren energidepartementet også?
Jon Farestveit i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har mist all tiltru til Senterpartiet i vernesaker, forklarar han i dette innlegget.
Av Jon Farestveit, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane
Det er sjeldan NVE seier nei til ein konsesjonssøknad i ei småkraftsak, altfor sjeldan meiner vi i Naturvernforbundet. Likevel har NVE sett foten ned for løyve til eit kraftverk ved Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet , då truleg først og fremst på grunn av konsekvensar for landskapet og elva, som her er eit viktig landskapselement. Det har også vore stor motstand mot dette kraftprosjektet blant hytteeigarar i området og friluftsfolk. Så har kraftselskapet anka vedtaket inn for Olje-og energidepartementet, som no snur om og gjev konsesjon, tydelegvis etter at ministeren har teke nokre telefonar til partikollegaen i energidepartementet. Det må her vere lov å spørje: Er dette ei demokratisk og uhilda sakshandsaming eller liknar det meir på ”sakshandsaminga” i regime som vi helst ikkje vil samanlikne oss med?
Vi har dessverre mist all tiltru til Senterpartiet i slike saker. Såleis har vi til gode å sjå at partiet sine representantar i fylkesutvalet seier nei til ein konsesjonssøkad om kraftutbygging sjølv om det skulle vere aldri så gode grunnar til å gå imot. Hovudargumentet til partiet er gjerne at dette er fornybar energi og gjev elles inntekter til eit pressa jordbruk. Dette er greitt nok, men vil det seie at at alle elvar og fossar skal byggast ut? Tel ikkje omsynet til landskapet og friluftslivet også? Og er ikkje partiet klar over at det her i Sogn og Fjordane har vore så mykje kraftutbygging dei siste åra at dei mest lønsame prosjekta , som gjerne og er dei mest verneverdige elvane og fossane, alt er utbygde eller er under konsesjonshandsaming? Bør vi ikkje no av omsyn til landskapsverdiane, friluftslivet, reiselivet osv. ta ein tenkepause og spare slike elvar som denne ved Eldrevatnet når så mange ber om det. Det ville vere for ille om vi om nokre år berre står igjen med nokre ”siplebekker” der det tidlegare var vakre og imponerande fossar!