Skogstur på Soleide/Vie i Førde
Våren er her for fullt og det spirer og gror!

Om arrangementet
Har du lyst å vere med på ein fin skogstur, sjå kva plantar som har kome fram, og lære litt om dei? Anne Johanne Schei vil vere vår “guide” gjennom skogen på Soleide i Førde. Ein lett og fin rusletur som vil passe for alle aldrar. Ta gjerne med termos eller noko lite å bite i.
På vår veg vil vi også plukke med oss søppel og rusk vi måtte finne. Naturvernforbundet i Sunnfjord vil ha med bossekkar som vi kan samle dette i.
reise og parkering: For å kome til Soleide køyrer du til Vie, og held fram på ein grusveg, over ei ferist, heilt til du kjem til ein parkeringsplass. Oppmøte kl. 17.30.
Skogsturen er eit samarbeid mellom Anne Johanne Schei, Naturvernforbundet i Sunnfjord (via Artsklubben) og Førde bibliotek, og er eit ledd i Berekraftsveka 2026.
Artsklubben i Sunnfjord
Artsklubben vil at fleire skal bli med og lære seg å kjenne igjen artar og registrere dei i Artsdatabanken. Slik bidrar ein med folkeforsking og kunnskap om naturverdiane ein har i området sitt.
Takk til sponsorane våre!

