50 gjekk tur-retur mellom Vestlandet og Austlandet

Sist laurdag tok 50 turgåarar fatt på gammal ferdaveg frå Styggevatnet inst i Jostedalen over Handspiki til Sota Sæter i Skjåk. I svært godt turvêr med sol og lette skyer bar det av stad i kortbukse og med turleiarane Jørgen Bruheim og Jon Farestveit med på laget. Frå vestlandsk villskap til austlandsk ro skulle ferda…

Turen var eit samarbeid mellom Naturvernforbundet og Sogn og Fjordane Turlag og gjester var rådgivar Tom Dybwad hjå Fylkesmannen og Lars Haltbrekken, leiar i Norges Naturvernforbund.

Laga ville setje fokus på ny planlagt verneplan for Breheimen-Mørkrisdalen og den nye Naturmangfaldlova. Turfylgje forlet Styggevatnet og utsikt mot Austerdalsbreen fylgde oss opp mot Styggevasshytta. Vidare bar det opp mot Handspiki, som er høgste punktet på den gamle ferdavegen. Her ved fylkesgrensa til Oppland hadde Tom Dybwad innlegg om Verneplanen og prosessen som har gått føre seg til nå og framdrifta i arbeidet. Hovudmålet med slike verneplanar er å ta vare på større, samanhengande naturområde utan tekniske inngrep.

Store verneverdiar
Verneverdiane er store i desse områda og heile Breheimen har store variasjonar i landskap og vegetasjon knytt til store skilnader i høgde over havet og nedbør gjennom året. Breheimen har også store samanhengjande inngrepsfrie naturområde (villmark) og rik vassdragsnatur. Både nasjonalpark og landskapsvern er aktuelle verneformer og bli utgreidd framover. Også naturreservat kan også vere aktuelt ein eller fleire stader. Gjennomføring av planen er sett innan 2010 og verneplanen har svært høg prioritet politisk.

Tom sa adjø til oss her ved Handspiki, og me andre tok til på ny etappe mot Surtbyttvatnet og Surtbyttdalen. Vakkert utsyn over dalen møtte oss og steinur vart bytt ut med blåbærlyng, gras og anna vegetasjon på stien nedover. Sprongdalen kom til syne, og me tok ei rast ved ein frisk og vassrik bekk. Lars Haltbrekken fekk ordet og innleia med å sei, at me er vitne til den 6. største utryddinga i jorda si historie. Planter og dyr utryddast i eit tempo me ikkje har sett maken til sidan dinosaurtida for 65 millionar år sidan. Utrydningstempoet går 100 gonger raskare enn kva som er naturleg. Forureining, raskt veksande byar, introduksjon av framande artar og global oppvarming forklarar utryddinga.Informasjon om den nye naturmangfaldlova
Det er nasjonalt og internasjonalt mål om å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010. Regjeringa vil difor neste år leggje fram ei ny naturmangfaldlov. Dei vil og leggje fram ei handlingsplan for berekraftig bruk og skjøtsel av nasjonalparkar og andre verneområde. Det påbegynte arbeidet med å utvikle nasjonalparkane som ein ressurs for lokalsamfunna og for lokal verdiskaping skal halde fram.

Føremålet med den nye lova er:
”Loven har til formål å sikre vern og bærekraftig bruk av naturen med dens biologiske, landskapsmessige og geologiske mangfold og økologiske prosesser tas vare på for fremtiden. Loven gir regler for bærekraftig bruk og vern av naturen”. Lova skal gjelde norsk land og sjøterritorium og vil erstatte den gamle Naturvernlova og m.a. deler av viltlova, avslutta Haltbrekken.Faglege innlegg var over og ein utkvild flokk tok til på ei lang ferd gjennom Surtbyttdalen på god sti. Flokken delte seg noko, og me gjekk i passeleg tempo tilpassa kvar enkel fram mot Mysubytta og stølsområde og den vakre elva Mysubytta. Rolege Austland var nådd, og me gjekk gjennom gammal og vakker furuskog og denne fylgde oss like fram til Sota.

På Mysubytta tok nokre vegen fatt og andre valde sti langs Røykskålvatnet. Flott og litt lang ferd for trøtte føter, men middag venta oss og drykk å leske seg på. Godt å nå Sota Sæter og triveleg vertinne gav oss seng for natta og på menyen var rømmegraut, spekekjøt og fruktdessert med kaffi og kringle til slutt. Praten gjekk lett og songen sat laust utpå kvelden innanhus på fredlege Sota. Og auga kunne kvile på fjellet Sekken i nordvest, Tverrådalskyrkja med sine 2088 meter i sørvest og Sotaskarvet med sitt langstrekte austlandske preg i søraust.

Heimturen
Turen heim gjekk i same godvêr. Først eit stykke på same vegen vi kom, så inn Spongdalen mot Sprondalshytta. Vakker natur inn dalen med utsikt til Greinbreen og Rivenoskulen(1943 moh) og sola skein. Spongdalseggi ruva på høgre side og det var eit mektig skue innover dalen med bre, vatn og høge fjell. Turfylgje tok seg god tid, og me kvilte, naut sola, stilla og naturen. Alle samlast til slutt på sjølvbetent hytte, Spongdalshytta, før siste etappe på god og bratt sti ned til vegen og Viva.

Ein fantastisk tur og tenk; me hadde gått til rolege Austlandet på ein dag og attende til vill vestlandsnatur neste dag. Fulle av gode opplevingar og ny energi var det godt å avslutte med kjøtkaker, eplekake og is på Jostedal hotell før heimreisa tok til.

Referent: Astrid Kalstveit

Underveis fekk Lars Haltbrekken ordet og fortalde om biologisk mangfald og den nye naturmangfaldlova. 
 

Pause ved Sprongdalshytta, DNT si sjølvbetente hytte.

Turfølgje på veg mot Austlandet og utsikt mot Surtbyttevatnet.