17.sep 2026

Jostedalsbreen Nasjonalpark – ei kunstoppleving frå eit monumentalt og sårbart landskap

Hva: Kunstutstilling
Når: 17.sep, kl. 19:00
Hvor: Breheimsenteret (Brevegen 8, 6871)

Velkomen til opninga av vandreutstillinga «Jostedalsbreen Nasjonalpark – ei kunstoppleving frå eit monumentalt og sårbart landskap»

Gjennom fotografi, film, musikk og føredrag inviterer vi til ei oppleving av Europas største fastlandsbre og det unike landskapet som omgir han. Utstillinga viser Jostedalsbreen både som naturoppleving, leveområde for plantar og dyr, og som eit landskap i endring.

Program:

Kathrin Moe: Musikk framført til film og bilete frå Jostedalsbreen nasjonalpark

Vegard Aasen: Dyr og eventyr i Jostedalsbreen nasjonalpark

Rigmor Solem frå «La Villreinen Leva» : Villreinen og vi

Simon de Villiers: Exploring Jostedalsbreen from a different angle

Etter føredraga opnar utstillinga, og det blir høve til å sjå bileta og møte nokre av bidragsytarane. Vegard Aasen og Adam Gairns stiller ut bilder, Sofie Klemetzen stiller ut måleri og Jostedal Historielag stiller ut nokre nasjonalromantike måleri frå Jostedalsbreen.

Arrangementet er gratis og ope for alle.
Vel møtt til ein kveld med natur, kunst og sterke forteljingar frå eitt av dei mest spektakulære landskapa i Noreg, som tross alt er i bakgården vår!

Sponsorer

luster sparebank logo
Sogn Sparebank