15.okt 2026

Jostedalsbreen nasjonalpark – ei kunstoppleving

Hva: Kunstutstilling
Når: 15.okt, kl. 19:00
Hvor: Fjærlandsfjorden 13, 6848 Sogndal, Norge

Andre akt av Jostedalsbreen nasjonalpark – ei kunstoppleving frå eit monumentalt og sårbart landskap

Vegard Aasen
Vegard Aasen

Velkomen til andre akt av vandreutstillinga «Jostedalsbreen Nasjonalpark – ei kunstoppleving frå eit monumentalt og sårbart landskap»

Første akt fann stad i Jostedalen på Breheimsenteret. No vandrar utstillinga vidare til Norsk Bremuseum i Fjærland, og vi inviterer deg til ein kveld der fotografi, film, musikk og føredrag møtest for å fortelje om Jostedalsbreen og det unike landskapet rundt han.

Utstillinga syner Jostedalsbreen både som naturoppleving, leveområde for plantar og dyr, og som eit landskap i endring.

Program:

  • Katrin Moe: Musikk framført til film og bilete frå Jostedalsbreen nasjonalpark.
  • Vegard Aasen: Dyr og eventyr i Jostedalen Nasjonalpark.
    Thea Røhme: «Forma av breen»
  • Simon De Villers: «Jostedalsbreen from a different angle»

Etter føredraga opnar utstillinga, og det blir høve til å sjå bileta og møte nokre av bidragsytarane.

Vel møtt til ein kveld med natur, kunst, musikk og sterke forteljingar frå eit av dei mest spektakulære landskapa i Noreg – eit landskap som ligg rett i bakgården vår.

Ta turen. Sjå breen frå nye perspektiv

Utstillinga står ut oktober i Fjærland og kan sjåast i opningstidene til Bremuseet.

Takk til sponsorane

luster sparebank logo
Sogn Sparebank