Må ikke gje tillatelse til helikopterturar ved Jostedalsbreen nasjonalpark
Helikopterutleie AS har søkt om konsesjon til å drive seks helikopterlandingsplassar i Stryn kommune, i det vesentlege for å fyke turistar på tur i lufta. Totalt er det snakk om nesten 2500 støyande helikopterturar i året i naturskjønne områder ved Jostedalsbreen nasjonalpark. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner helikopterplanane vil vere til stor skade for…
I Oldedalen er det snakk om opp til 80 turar per veke i sommarhalvåret, alt 870 turar i året. I Oppstryn er dei tilsvarande tala 70 og 470 turar. Mest trafikk kan det bli frå Langeset, med 50 turar i veka heile året, til saman 1100.
– Dette er ei sak der nokre få vil ha nytte av denne trafikken, medan veldig mange vil ha ulempe av den alvorlege støyen. Dette høyrer ikkje heime i eit område som er verna som nasjonalpark, seier Erik Solheim til NRK Sogn og Fjordane.
I brevet viser Naturvernforbundet til ”Retningslinjer for behandling av støy i arealplanlegging”: ”I større upåvirkede naturområder, som for eksempel nasjonalparker, naturområder i fjellet og kjerneområder i bymarker er all hørbar lyd i prinsippet uønsket.»
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane påpekar at fråvær av støy er ein viktig del av dei ettertrakta opplevingsverdiane i dei aktuelle landskapa. Å komme ut i ”frisk natur, vekk fra støy og forurensning” og å ”oppleve naturens stillhet og fred” er dei viktigaste grunnane folk har for å drive friluftsliv. Dette går mellom anna fram av St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv, og det er altså nasjonal politikk å verne om desse kvalitetane. Støy frå turistfyking med helikopter vil nå store upåverka naturområde i Stryn, ikkje berre nasjonalparken, område der fråværet av mekaniske eller kunstige lydar er viktig for innhaldet i naturopplevingane.
Det heiter vidare i retningslinene om støy i arealsaker:
”Kommunen bør unngå å lokalisere nye støykilder slik at verdifulle stille områder forsvinner eller reduseres i omfang. Fravær av støy er en forutsetning for at frilufts- og rekreasjonsområder og kulturmiljøer skal ha full verdi. Hvilke lydnivåer som oppleves som sjenerende, avhenger av hvilke type område man befinner seg i, og hvilken bruk av området som er ønskelig.”
Omsynet til Jostedalsbreen nasjonalpark
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane viser til at dalane og fjellsidene innover mot nasjonalparken er i dag støyfattige område med ettertrakta og mykje brukte opplevingsverdiar i naturen og landskapet. Opplegget frå Helikopterutleie AS vil redusere desse verdiane vesentleg. Trafikken er i strid med dei nasjonale retningslinene for å skjerme upåverka område for støy.
Jostedalsbreen nasjonalpark er oppretta i medhald av naturvernlova frå 1970, der det i § 3 heiter mellom anna:
”For å bevare større urørte eller i det vesentlige urørte eller egenartede eller vakre naturområder, kan arealer av statens grunn legges ut til nasjonalpark. … I nasjonalparker skal naturmiljøet vernes. Landskapet med planter, dyreliv og natur- og kulturminner skal vernes mot utbygging, anlegg, forurensninger og andre inngrep.
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane konkluderar med at helikopterplanane vil vere til stor skade for opplevingsverdiane i nasjonalparken og randsonene, og at planane er i strid med dei retningslinene som gjeld for forvaltning av desse områda. Les heile brevet.
Brev til Stryn kommune om helikopterlandingsplassar i Stryn kommune
Dette biletet er tatt frå lufta over Jostefonn i forgrunnen og midt imot ligg Jostedalsbreen. Foto: Kjell Kjøsnes