Årsmøte i Naturvernforbundet Sogn og Fjordane
Kva er dei viktigste naturvernsakene i 2022? Kom og bli med på årsmøte til Naturvernforbundet Sogn og Fjordane!
Det er på årsmøte vår kurs for 2022 blir avgjort. Då vil vi gjerne at du som er medlem blir med på å bestemme kva vi i fylkeslaget skal arbeide med framover. Vi kan love god fagleg påfyll gjennom panelsamtale og debatt, god stemning og godt humør.
Vel møtt!
Dagsorden:
1. Godkjenning av innkalling og dagsorden
2. Val av ordstyrar, referent og 2 til å underskrive referatet.
3. Innleiing, panelsamtale og debatt:
Plasten og havet
Innleiing om plastprosjektet vårt, «Plastjakta», ved vår tilsette koordinator, Marte Nogva Mårstøl.
Korleis kan vi vinne vindkraftsakene?
Samtale mellom representantar frå Naturvernforbundet og Motvind Norge om strategi.
Korleis kan vi stogge gruvedumping i Førdefjorden?
Samtale mellom representantar frå Natur og Ungdom, Naturvernforbundet og lokale folk, om mineralutvinning, marine ressursar, pågåande aksjonar og om planer vidare.
5. Årsmelding frå styret
6. Rekneskap
7. Arbeidsprogram 2022
8. Budsjett for 2022
9. Uttalar og saker til landsmøtet
10. Val
Ta kontakt med oss sognogfjordane@naturvernforbundet.no om du har spørsmål.