Velkomen til vårt store arrangement: 1.juni i Vevring kl 12.00: «Framtid for Fjorden?»

Alle vert invitert til; Sjømat, seminar og Førdefjord-debatt. Det vert hovedappell ved Johs B Thue, og kunstnerisk medverknad ved Magne Furuholmen, Thea Hjelmeland, Oddvar Torsheim, Fridtjov Urdal, Børge Bjartmann Bjerck Jens Toyberg ( svensk lydkunstnar) med fleire. Vi ynskjer å sikre oss at partikandidatane er kjende med dei store miljøkonsekvensar og samfunnskostnadane ved evt mineralutvinning…

Vevring og Førdefjorden Mjøgruppe, Naturvernforbundet og Natur og Ungdom inviterer til vårt store arrangement i forkant av stortingsvalet.

Program: «Framtid for fjorden?»

Politikarane kjem sjøvegen til stor mottaking på kaia:

Kl 12.00 ”Fjordfiskarens festbord”. Smak sjømatrettar, ausa frå Førdefjorden.

Apellar: Johs B Thue, skribent, professor i historie. Natur og Ungdom Kultur: Magne Furuholmen; musikk til lydhornet Decibel. Thea Hjelmeland: ”My fjord” Oddvar Torsheim: ”La fjorden leve”-nett. Kunstutstillingar m.m.

Kl 13.00 Fagseminar: Miljø og samfunnsøkonomisk perspektiv på Engebøsaka og utslepp av gruveavfall i fjorden.

V/ Maren Esmark , generalsekretær i Naturvernforbundet

•            Gruvenæring – mineraleventyr eller naturrasering?

Bergindustrien si rolle i berekraftig framtid.

v/ Elisabeth Gammelsæter, generalsekretær i Norsk Bergindustri

•          Kva tåler ein fjord? Om økosystemet i Førdefjorden, inkl spekkhoggarane.

V/ Jan Helge Fosså, havforskar ved Havforskingsinstituttet

•          Viser Nordic Mining sitt rutilprosjekt samfunnsøkonomisk lønsemd?

V/ Finn Førsund, professor i samfunnsøkonomi UIO

•            Eksistens og sameksistens; Byggjer minerala samfunn?

V/ Kjerstin Uhre, arkitekt, PhD stipendiat avd for urbanismestudier, Arkitekthøyskolen Oslo

•                Norge, fremste sjømatnasjon i verda; kan gruveutslepp og fiskeri gå i lag?

V / Jan Henrik Sandberg, Norges Fiskarlag

Kl 16.00- 18.00 Førdefjorddebatten. Politikarpanel; Skal gruveindustrien få bruke fjordane som avfallsplass for gruveavfall?

Kl 19.00 Festkveld: Visjonar. Mat, drikke, dikt og musikk.