Nei til helikopterflyging ved Kalda-Kari: Siger til naturvernarane

Miljøvernminister Helen Bjørnøy seier nei til helikoptertransport opp på fjellet ved Kalda-Kari. Miljøverndepartementet stadfestar ikkje reguleringsplan for prosjekt Kalda-Kari i Luster kommune. Departementet meiner det ikkje vil vere i samsvar med nasjonal areal- og miljøpolitikk å leggje til rette for helikoptertransport av turistar opp på fjellet ved Kalda-Kari. Prosjektet er i strid med nasjonale miljømål, mellom anna om forvaltninga av randsona til nasjonalparkar, inngrepsfrie område, berekraftig forvaltning av fjellområda, motorferdsel i utmark og støy.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane jublar og er strålande nøgd med avgjerda til den nye miljøvernministeren. Dermed har Bjørnøy avgjort den årelange striden etter berre fire dagar i statsrådstolen, og har gjort akkurat det forkjemparane frykta. Dei kritiserte i førre veke miljøvernminister Knut Arild Hareide fordi han ikkje fekk godkjent reguleringsplanen før han gjekk av. Frykta for at ei radugrøn regjering skulle seie nei, viste seg å vere reell. Til glede for naturvernarane.

Sjå tidlegare sak

Les meir om saka hjå NRK Sogn og Fjordane

Les Miljøverndepartementet si pressemelding