Stortingsrepresentantar på befaring i Gjengebø og Vevring
Partiet Venstre toner flagg og vil arbeide mot gruvedrift ved Førdefjorden. Dei stilte opp med to stortingsrepresentantar og fleire lokalpolitikare for å orientere seg om den planlagde gruve ved Førdefjorden den 7. februar
Det vart ein uvurderleg viktig og god dag for Førdefjorden og bygdene i kring den 7.februar.
Det gjorde sterkt inntrykk på Ola Elvestuen, leiar av Stortingets energi- og miljøkomité, og resten av Venstre-delegasjonen å komme til Vevring, med så mange engasjerte folk på kaia, og å sjå og smake det fantastiske Fjorden byr på!
Elvestuen trakk teina som Geir og Sivert hadde sett ved Likhella med 10 krabbar oppi. Vi vonar verken Fjorden eller folket vert gløymt av Elvestuen og co etter dette.
Naturvernforbundet takker alle for stor innsats og eit flott oppmøte!