Førpremiere: «Skal hilse fra naturen»
Vi inviterer til førpremiere på den fantastiske filmen «Skal hilse fra naturen» med besøk av regissør og medverkande Asgeir Helgestad.
Panelsamtale straks etter filmen, leia av journalist og forfattar Katrine Sele:
Filmskaparen, Asgeir Helgestad, deltek og vil fortelle meir om motivasjonen for å lage filmen, reflektere over naturtapet vi står i og om utfordringane med å ta vare på naturen generelt og i Sunnfjord. Med i samtalen etter filmen blir engasjerte i miljøsaker og andre frå politisk hald.
«Skal hilse fra naturen» har Noregspremiere 11. oktober.
Filmskapar Asgeir Helgestad ser på tilstanden i naturen i heimlandet Norge, der han har fotografert heile livet sitt. Frå biene sitt summande liv i blomsterenga, til villrein på høgfjellet og lundefuglane ved kysten, viser han det vakre i ein trua natur og leitar etter årsakene til at naturen sin tilbakegang
Dette er ein personleg hyllest til naturen og ei historie om naturen sin styrke og sårbarheit, om forholdet mellom dei små og dei store og om vår eigen relasjon til alle vi deler planeten med.
Arrangert i samarbeid med Naturvernforbundet i Sunnfjord og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.