Skjergarden i Florø står i fare for å bli rasert for all framtid!

Vi står ved eit vegskilje i Kinn kommune, når det gjeld nedbygging av vår felles verdifulle nærnatur. Med dei planane som ligg i forslaget til kommuneplanen sin samfunnsdel,  risikerer innbyggarane i Florø å bli omringa av flatsprengde, asfalterte øyar og øydelagd natur, til fordel for arealkrevjande industri. Tolegrensa er nådd. Vi må stoppe utbygginga no.

Innbyggarundersøkingane til Kinn kommune og Firdaposten syner at fleirtalet er imot meir øydelegging av natur. Likevel ligg det føringar for at nordre sida av Rota, vestlige del av Grønenga, delar av Store Terøy, om lag heile Litle Terøy og Måsholmen kan bli omgjorde til industriareal.

Øydelegging av skjergården vår vil ta vekk konkurransegrunnlaget for andre viktige næringar. Ønskjer vi endå fleire arbeidsplassar knytt til arealkrevjande indistri? Eller skal vi ta vare på dei unike bykvalitetane vi har og legge til rette for nye, framtidsretta kompetansearbeidsplassar som utfyller dei eksisterande næringane vi allereie har? Vi vel det siste! 

La oss snu skuta i tide og saman stake ut ein ny kurs for Florø. Vi oppfordrar alle innbyggarar til å engasjere seg og komme med innspel!

Styret i Naturvernforbundet i Kinn og Florø Bylystforening

Naturvernforbundet i Kinn og Florø Bylystforening foreslår følgjande endringar og prinsipp for arealforvaltninga i Kinn/Florø:

1. Kinn kommune må sette mål om arealnøytralitet. Dette vart fjerna frå planen i juni, men må bli tatt inn att.

2. Punktet om havvindindustri må ut av planen. Om éi næring blir nemnt spesifikt, må også andre potensielle næringar inkluderast for å sikre ein rettferdig og balansert plan.

3. Der er ein asymmetri i korleis næringslivet og innbyggarane blir inkluderte i utviklingsprosessane. Det må leggast til rette for enklare og meir inkluderande prosessar for innbyggarane. 

4. Det vidare kommuneplanarbeidet må innføre krav til energibudsjett og arealeffektivitet, og desse krava må gjelde som rekkefølgekrav i prosessen framover. Det er avgjerande viktig å ha oversikt over kor mykje energi og areal pr. arbeidsplass ulike utbyggjarar budsjetterer med. 

5. Oppheving av kommunedelplanen for Florelandet Nord. Kommunedelplanen for Florelandet Nord er meir enn 10 år gammal, og utdatert i lys av dagens krav og norske forpliktingar under FNs Naturavtale.

6. All vidare byggeaktivitet i Florø bør skje innanfor eksisterande bustad- og næringsområde for å ta vare på våre verdifulle naturområde og verne øyane i skjergarden rundt Florø.

Slik kan du vere med å påverke kommunen: