ALL SMÅKRAFT BØR IKKJE BYGGJAST UT!

Det er visst somme som framleis meiner som vidgjetne Abraham Øvrebotten at alle fossar og elvar som ikkje renn i røyr, er bortkasta vatn. Den same oppfatninga har tydelegvis også både fylkesrådmann og fylkesutvalet i Sogn og Fjordane. Vi i Naturvernforbundet ser det noko annleis, og vil vurdere småkraftplanane frå sak til sak.

Somme av desse planane er lite konfliktfylte, medan andre vil innebere eit tap både med omsyn til landskap,friluftsliv,naturmangfald osv. Aktuelle døme på dette her frå indre Sogn akkurat no kan vere kraftverksplanen Holmen ved Jordalselvi i Nærøydalen. Dette prosjektet har også sine ulemper, men alt i alt kan kraftverket byggjast då landskapet vert lite endra slik som planen ligg føre, og dessutan vil store lokale samfunnsmessige interesser imøtekomast. M.a. skal ”vassvegen” leggjast i fjell, og Jordalen skal få ny veg, også i tunell. Dette er ein fornuftig plan, som også skaffar fram fornybar kraft.

Ein heilt annan plan er eit kraftprosjekt i Indre og Ytre Offerdal i Årdal. Her er det planar  om å byggje to kraftverk og føre over elva i Ytre Offerdal til Indre med eit kraftverk oppe i dalen og så føre vatnet frå dei to dalane  i tunell ned til  det andre kraftverket ved fjorden.  Store elvestrekningar både i Indre og Ytre Offerdal vil etter ei utbygging berre ha minstevassføring, og den kjende Kleivafossen vil verte mykje redusert. Det er også planar om å byggje eit skjemmande  luftspenn over fjorden og så byggje ei omstridd kraftline fram til Vikadalen. Ei kraftutbygging her vil også gå utover det verdfulle kulturmiljøet i Indre Offerdal med gamal mølle og sagbruk, og også føre til store inngrep i eit inngrepsfritt område, såkalla INON-område.

Dette er såleis ein plan Naturvernforbundet ikkje kan akseptere, og vi har eit heilt anna framlegg til bruk av dette området, eit framlegg som vi meiner også vil tene Årdal , ei bygd og ein industrikommune som alt har bygd ut mesteparten av elvane i kommunen. Dette området mellom Årdalsfjorden og Lustrafjorden er eit svært verdfullt naturområde og friluftsområde, som er lite påverka av tekniske inngrep og difor eit etter måten stort INON-område. Området har flotte dalar med vakre fossar som Feigadalen,Krokadalen og Offerdalen. Store deler av området, som strekkjer frå Sognefjorden ved Lustrafjorden og Årdalsfjorden og inn mot Hurrungane, er også svært interessant geologisk med ei  nokse flat høgfjellsvidde ,som er etter måten lite endra på 60 mill.år! Her er eit variert dyreliv, gode fiskevatn og  villrein som er å sjå  av og til.

Naturvernforbundet vil difor gjere framlegg om at i staden for ei omstridd kraftutbygging bør området verte landskapsvernområde eller kanskje nasjonalpark.  Området skulle ha gode føresetnader for naturvenleg  friluftsliv og turisme.Vi vil såleis prøve å få sett i gang arbeid med  ein slik plan og trur at Årdal og heile Indre Sogn vil tene meir på det enn enn å leggje alt vatn i røyr etter Øvrebotten-metoden.

Jon Farestveit  – Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane