ÅRSMELDING 2012

Leiar Thorleif Jakobsen har ordet;

Kjære naturvernar!

Eg sit her og undrast, det er tid for tilbakeblikk og leiarens ord til årsmeldinga for 2012. Kva er det som har hendt med natur og landskap? Jo, eit år der endå fleire elvar og bekker blir lagde i rør. Frå sør til nord poppar vindturbinar opp, og folk og landskap endrar seg. Nokre gnir seg i hendene og ropar at vi skal erobre kyst og hav og gjerne fjellet med mammonmaster som drivkraft. Ja ja, det er ei tid for alt. Sjølv master er ikkje utan vedlikehald. Og levetida for vindmøller går nedover, og lønsemda er ikkje slik nokre ønskte og drøymde om.   Synsarane styrkjer det etablerte og støttar ikkje alternativa til endå større energiforbruk. Det ser ut som om behovet for energi er umetteleg.                                                                                                    Er ikkje tida overmoden for å sjå elementa vind og vatn med økologiske auge og ikkje berre som energileverandørar?                                                                                          

For mange er det vondt å miste landskapet sitt til mammon sine sterke kapitalistar, vi høyrer stadig at vi «må ha, må ha». Arealendringar i strandsona omfattar alle typar nedbygging, utfylling og omdisponering av naturen. Det er derfor viktig at det finst tilstrekkeleg kunnskap om naturmangfoldet i strandsona når kommunane skal planlegge korleis areala skal brukast. I kyst- og fjæresona finst det ei rekkje truga eller nær truga artar som er sårbare for endra arealbruk. Dei fleste er insekt eller småkryp. Dette er den klare bodskapen frå Direktoratet for naturforvaltning til kommunane. Høyrer de dette Florø, Nordfjordeid, Førde og andre kystkommunar? Det er dette fuglar og dyr lever av.                                                       

I vårt moderne samfunn søkjer fleire og fleire tilbake til stilla og naturen. Mennesket lever av naturen og er sjølv ein del av den. Dei seinaste 20-30 åra har forskning gitt eit nytt og klarare bilete av korleis mennesket vert påverka av å være i naturen, og den kvardagserfaring mange menneske har av det høvet naturen gir til både handtering og førebygging  av helseplager.                                                                                                                                 

Vi hadde i 2012 årsmøte og juleverkstadet på akvariet i Florø.  Her har Monicha Landøy   laga et unikt tilbod og ikkje minst eit lærerikt akvariesenter om det biologiske mangfaldet.                                                                                                       

Her sym mange ulike fiskeslag, og her er krabber og sjøstjerner i et rikt og unikt sjøliv i miniatyr. Monicha er idérik, og har med dyktige medarbeidarar laga ei unik vandreutstilling som mange skular har fryda seg over. Ved hjelp av den har dei fått lære om den fascinerande og unike naturen vi har. Takk, Monicha!

Vi vil takke dykk alle for eit rikt år. Takk til Elisabeth og dei andre i FNF Sogn og Fjordane for godt samarbeid, takk til fylkeskommunen og til styret for eit godt og lærerikt år og ikkje minst til Eli og Erik for eit oppkome av kunnskap.  Takk til sentralforbundet med sine dyktige kollegaer. Og Lin, du er det vanskelig å finne ord til, takk med håp om at du ikkje slepp oss. I 2014 er det 100 år sidan Naturvernforbundet blei danna. Har du noko du vil dele med oss, ta kontakt med det nye styret. Eg sluttar av med eit dikt av Rolf Jacobsen (1900 – 1999)

”Mere fjell”

 

 

 

Av og til
må noe vare lenge,
ellers mister vi vel vettet snart,
så fort allting snurrer rundt med oss.
Store trær er fint
og riktig gamle hus er fint,
men enda bedre –
fjell
Som ikke flytter seg en tomme
om hele verden enn forandres
(og det må den snart),
så står de der
og står og står
så du har noen å legge pannen inntil,
og kjøle deg
og holde i noe fast.

Jeg trivs med fjell.
De lager horisonter
med store hugg i,
som de var smidd av smeder.
Tenk på: – Den gamle nupen her har stått som nå
helt siden Haralds-tiden.

Den stod her da de spikret en arming fast til korset
Som nå. Som nå.
Med sildrebekker på og lyngkjerr og den store
bratte pannen
uten tanker i. Den sto her
under Belsen og Hiroshima. Den står her nå
som landemerke for din død, din uro,
kanskje dine håp.
Så du kan gå derforbi og holde i noe hardt.
Noe gammelt noe. Som stjernene.
Og kjøle pannen din på den,
og tenke tanken ut.
Og tenke selv.

Årsmelding Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane 2012

Leiar: Thorleif Jakobsen, Nordfjordeid

Styremedlemer:

Jon Farestveit, Sogndal

Marit Vøien Nes, Veitastrond

Haakon Breien, Førde

Ove Eliassen, Deknepollen

Varamedlemer:

1.      Sigmund Flaten, Jølster

2.      Leiv Henriksbø, Gulen

3.      Åse Marie Thingnes

4.      Imke Schüren

Kasserar:

Ranveig Indrekvam, Naustdal

Fylkessekretær:

Lin Hjelmeland Finjord, Førde

Rådgjevarar:

Erik Solheim og Eli Heiberg. Erik Solheim har elles ei «fri» rolle og har bidrege med kunnskapar og engasjement i mange saker. Jon Farestveit er rådgjevar i Sogndal Natur og Ungdom.

Valnemnd:

Jon Farestveit og Ove Eliassen

Revisorar:

Leif Longvanes, Sogndal

Arne Lerum, Sogndal

Representant i landsstyret:

Jon Farestveit, Sogndal

Vara: Marit Vøien Nes, Veitastrond

Æresmedlem i laget: Thorleif Jakobsen vart æresmedlem i fylkeslaget i 2010.                    Erik Solheim er æresmedlem av Norges Naturvernforbund.

Nettsideansvarleg: Philip Butler og Sigmund Flaten

Tillitsvalde har elles hatt desse verva:

Thorleif Jakobsen: leiar i Naturvernforbundet i Eid og styremedlem i «Plassens venner»

Jon Farestveit: medlem i rådgjevande utval for Jostedalsbreen nasjonalpark og rådgjevar i Sogndal Natur og Ungdom

Lin Hjelmeland Finjord: styremedlem i Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord og leiar i Miljøagentane i Sogn og Fjordane

Sigmund Flaten: Styremedlem i Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord

Leiv Henriksbø: leiar i Nettverk mot vindmøller i Gulen

Marit Vøien Nes: varamedlem i Forum for natur og friluftsliv Sogn og Fjordane

Haakon Breien: medlem i Forum for natur og friluftsliv Sogn og Fjordane

Fylkesstyret:

Har hatt sju styremøte. Haakon Breien har vore sekretær for styremøta. Lin Hjelmeland Finjord har vore fylkessekretær, motteke telefonar, e-post og vanleg post til fylkeslaget. Har hatt ansvaret for økonomi, søknader om midlar, oppfølging av aktivitet og rapportering. Jon Farestveit har delteke på møta i landsstyret.

I tillegg til uttale til 27 utbyggingssaker har vi også i 2012 arbeidd for å skape aktivitet knytt til naturglede og ivaretaking av det biologiske mangfaldet. På alle arrangement har vi verving av nye medlemmer i fokus.  

Medlemstalet i laget er aukande. I januar 2012 var vi 436 medlemmar, i desember 2012 var vi 451 medlemmar i laget. Vi verva 29 nye medlemmar i 2012, men har også alltid eit fråfall.

Sakene vi vedtok å ha hovedfokus på i 2012;

1.      Styrking av organisasjonen ved auka vekt på medlemsverving.

Vervemål;  50 nye medlemmar gjennom verveaktivitet knytt til arrangement. 

2.      Styrking av økonomien slik at vi kan få sekretær i full stilling

3.      Arbeide med klassisk naturvern, som m.a vil seie motarbeiding av overdriven vasskraft- og vindkraftutbygging. Det må derimot satsast mykje meir på energisparing og energiøkonomisering, og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane vil delta med opplysningstiltak o.l.

4.      Delta i arbeidet for å hindre gruveplanane i Vevring

5.      Setje søkelyset på ureining av fjordane og elvane våre, oppfølging av Kystkampanjen og arbeide med vassdirektivet i lokale referansegrupper.

6.      Naturvernforbundet vil motverke nedbygging av dyrka mark.

7.      Arbeide for at alle kommunane i fylket vedtar bindande klimaplanar.

8.      Arbeide for at nye kraftliner vert lagde i sjøkabel i størst mogleg grad.

9.      Arbeide for at fjellområdet mellom Årdalsfjorden og Lustrafjorden vert nasjonalpark.

Aktivitetsplan

–         Biologisk mangfaldutstilling ut i skulane.  

–         Sal av bærenett ”La fjorden leve!” til inntekt og støtte for Vevringsaka.

–         Arbeide for arrangement/ seminar knytt til Vevringsaka.

–         Gjere Earth Hour 2012 kjent med støtte frå fylkeskommunen sitt ENØK-fond.

–         Lage foldar om kollektivtrafikk med støtte frå NSB-midlar.

–         Markere Verdas Miljødag i juni i samarbeid med lokallaget Indre Sunnfjord.

–         Arrangere Flaggermusvandring.

–         Markere Villblomstens dag på Eid i samarbeid med lokallaget der.

Foldar med støtte frå NSB-midlar er ikkje sett i trykk, men elles er aktivitetsplanen gjennomført som planlagt.

Mediaoppslag:

Thorleif Jakobsen og Erik Solheim har hatt fleire mediaoppslag i 2012. Jon Farestveit og

Erik Solheim har også hatt fleire innlegg i lokalavisene. Erik har også hatt innlegg i riksdekkjande aviser.

Fråsegner frå fylkeslaget

Det er skrive 28 fråsegner i 2012 mot 18 i 2011;

Trolleholselva kraftverk, Gloppen

Meldingar om Jølstra kraftverk, Jølster

Melding om Bredvatn kraftverk, Bremanger

Melding om Gjengedal kraftverk, Gloppen

Offerdal kraftverk, Årdal

Holmen kraftverk/Jordalselvi, Aurland og Voss

Strupen kraftverk, Gloppen

Sandøy vindpark, Gulen (saman med Turlaget og Fortidsminneforeininga)

Dalsbotnfjellet vindkraftverk, Gulen (saman med Turlaget)

Vågsvåg vindkraftverk, Vågsøy

Brosviksåta vindpark, Gulen (saman med Turlaget)

Sykkelplan for Sogndal sentrum (saman med Sogndal Natur og Ungdom)

Brev til Statnett om graving i elva Nausta (saman med Jeger- og fiskarforbundet i fylket)

Arealplan for Sogndal kommune (saman med Sogndal Natur og Ungdom)

Florelandet Nord (saman med forbundet sentralt)

Motorferdselplan for Luster kommune ( Turlaget og Klatreklubbane i Sogn og Fjordane)

Brev til Stryn kommune om ureining ved Stryn sommarskisenter

Klage på vedtak om løyve til motorferdsel i utmark, Leikanger (saman med Turlaget)

Planoppstart reguleringsendring Indre Hornnesvika, Førde

Planprogram for ytre fjordkryssing Nordfjorden

Meir kunnskap om Førdefjorden – fråsegn til Miljøverndepartementet

Nasjonal transportplan (saman med FNF, 4H og Turlaget)

Kommunedelplan Bøasetra-Ullsheim, Stryn

Innspel vedrørande Ytre Sogn vassområde

Konseptvalutgreiing Skei-Ålesund

Varsel om planoppstart, Ausevik, Flora

Klage på avvising av klage på utsleppsløyve til Lutelandet Offshore AS (med NVF sentralt)

Planprogram for Måløy sentrum

Åtte av fråsegnene er skrivne av FNF-rådgjevar/-koordinator i fylket.

Møte/ kurs, seminar og arrangement

–         Møte rådgjevande utval Jostedalsbreen nasjonalpark, Fjærland 31.sept 2012, Jon

–         Møte vassområde Indre Sogn, Skei mai 2012, Jon og Thorleif

–         4 møte i landsstyret i Naturvernforbundet, Jon

–         Deltaking på møte i vassdragsrådet i Naturvernforbundet, Seminar om lokalt klimaarbeid i Oslo 31.febr. 2013, Jon

–         Informasjonsmøte i Hyen om planar om Gjengedal kraftverk  24.04. Thorleif

–         Møte med fylkeskommunen på Leikanger 12.05, Thorleif

–         Miljøfestivalen til Naturvernforbundet på Risøya på Sørlandet 03. -05.08, Thorleif

–         Open dag i Fosseheimen Naturpark fekk besøk av Biologisk Mangfaldutstillinga

–         FNF-møte i Florø 16.-17.11, Thorleif, Sigmund og Erik. Erik heldt innlegg om kystnatur

–         Verdas miljødag i Førde den 10.06. Thorleif (appell), Lin, Sigmund og Haakon

–         Flaggermusvandring på Eid (Rotigard)25.08, Thorleif

–         Gulen: kyst som truga naturtype, 13.-14.09, Thorleif

–         Juleverkstad i Florø 08.12 på Akvariet. Thorleif

–         Årsmøte i FNF i Førde 27.03.12, Lin og Thorleif

–         Kystlandskap vindkraft, Hurtigrutakonferanse 23.-24.04.12, Erik

–         Samling om Pbl og naturmangfaldlova i Førde 14.-16. november, Lin og Thorleif

Representasjon i grupper og utval

• Rådgjevande utval for Jostedalsbreen nasjonalpark: Jon Farestveit

• Referansegruppe verneområde Naustdal – Gjengedal: Erik Solheim

• Referansegruppe vassregion Sogn og Fjordane: Thorleif Jakobsen

• Referansegruppe vassområde Indre Sogn: Jon Farestveit

• Referansegruppe vassområde Sunnfjord: Lin Hjelmeland Finjord

• Referansegruppe vassområde Ytre Sogn: Leiv Henriksbø

• Referansegruppe vassområde Nordfjord: Ove Eliassen  

Synfaringar;

–         Vigdøla kraftverk, Luster, Jon

–         Offerdal kraftverk, Årdal, Jon

–         Stødna og Jutla kraftverk, Lærdal, Jon

–         Synfaring til Stryn sommar skisenter 10.08. Thorleif

–         Synfaring i Svelgen, Thorleif

–         Synfaring i Florø, Thorleif

Budsjett/økonomi i fylkeslaget

Laget har framleis ein prosjektstyrt økonomi, og manglar midlar til å kunne lyse ut ei stilling som fylkessekretær i laget. Laget klarte i 2012 å finansiere 20% stilling, men arbeider vidare for å kunne finansiere ei større stilling til administrasjon. Økonomien i laget er god som følgje av prosjektmidlar. Laget hadde ei inntekt på ca 300 000,- i 2012 der kun 10% av midlane er medlemspengar og sikre midlar i laget. Revidert rekneskap og budsjett vert lagt fram for årsmøtet.

LANDSSTYRET

Jon Farestveit har vore på fire møte i landsstyret. Arbeidet i landsstyret vil bli referert på årsmøtet.

LOKALLAG

Vi har ikkje lykkast å få liv i lokallaget i Florø, etter Leif sin bortgang i juli 2011.

Vi har i dag berre lokallag i Indre Sunnfjord og på Eid, og eit studentlag i Sogndal.

Lokallaget på Eid

Hadde to styremøte i 2012. Sitjande styre er; Leiar: Thorleif Jakobsen

Skrivar: Bodil Sønderland.

Kasserar: Marit Hjelle 

Vara: Axsel Nielsen

Laget har 28 medlemmar. Årsmøte blei halde i Frivillighetsentralen sine lokale i Eidsgata 9 den 26.02.13. Aktivitet og uttaler i 2012;

–         Naturvernforbundet i Eid er med i «Plassens venner» og er representert i styre ved Thorleif Jakobsen. «Plassen» er eit godt nærnaturområde og blir mykje brukt av mange. Her er vi med på dugnader, styremøte og vedlikehald.

–         Bildeutstilling på rådhuset, vi har utstilling av naturmangfaldet i Eid kommune. Takk til ordførar Alfred Bjørlo.

–         Årsmøte i fylkeslaget den 05.05.2012 Florø: Bodil Sønderland og Thorleif Jakobsen. 

–         Blomstervandring 17.juni 2012 Lotsberg-Åsane, Lote i høve Villblomstens dag med støtte frå Lokal Agenda – 21 midlar. I samarbeid med Eid hagelag.    På turen var vi 7 voksne og 3 barn og fekk god dekning av Fjordabladet på arrangementet.

–         Miljøfestival på Risøya i Aust-Agder  2. til 5. august, Thorleif.  

–         Arrangerte Flaggermusvandring, Roti ved Nordfjoreid laurdag 25. august. Totalt ca. 20 personar, av desse 6 born. Innleiar Johannes Anonby.

God avisdekning i Fjordabladet.

–         Utale om kommuneplanar i Eid kommune, fekk to sider i Fjordabladet.

–         Utslepp frå Eid Betong til Eidselva 29.09.2012. Slamutslepp i det verna vassdraget Eidselva.  09.10.2012 sende vi brev til fylkesmannen og fekk svar.

Møte med Eid kommune, utbyggar, elveeigarlaget og sportsfiskarlaget.  

Lokallaget i Indre Sunnfjord;

Årsmøte vert halde torsdag 14.mars 2013, i Gamlebanken i Førde frå kl 20 – 22. Lokallaget har 123 medlemmar. Styret har hatt kun eitt styremøte i 2012, men har hatt aktiv e-post kontakt i høve saker og arrangement. Styret har mangla leiar også i 2012. Erik Solheim har vore presseansvarleg og Lin Hjelmeland Finjord har hatt ansvar for innkalling. Styret;

Erik Solheim

John Ove Hjelmeland

Sigmund Flaten

Philip Butler

Lin Hjelmeland Finjord

Varamedlemmar;

1.      Mari Jonstad Leirhaug

2.      Åse Marie Helgheim Thingnes

3.      Grethe Hammer Stømmen

Temagruppe:

–        Sykkelgruppa; Asle Sande, Anne-Cathrine Neslein, Stig Jonny Fitje og Philip Butler

–        Arbeidsgr. mot fjorddeponi; Åse Marie Thingnes og Oddvar Etnestad.

–        Renovasjonsgruppa; Lin Finjord, Mari Jonstad Leirhaug, Grethe Strømmen og Julie Daling.

–        Forvaltningsplan Løken/Ytre Øyrane; Sigmund Flaten og Lin Finjord.

Aktivitet i 2012

–        Vevringsaka og sal av Kunstnett ”La fjorden leve!” til inntekt for saka.

–        Earth Hour 2012 blei annonsert i alle avisene i fylket med støtte frå ENØK-fondet.

–        Kompostkurs i samarbeid med Hagelaget og Miljøgruppa til Førde Kyrkjelyd 3.mai med støtte frå Lokal Agenda -21 midlar.

–        Starta arbeidet med ei vernetavle i Løken med støtte frå Lokal Agenda 21-midlar.

–        Oppstartsmøte i Renovasjonsgruppa i samarbeid med Kyrkjelyden si Miljøgruppe.

–        Biologisk mangfaldutstillinga ut i skulane i fylket og til Fossheimen Naturpark.

–        Verdas Miljødag blei arrangert i samarbeid med kyrkjelyden i Førde 9.juni og 10.juni.  Mange ulike aktørar deltok; Miljøagentane, Natur og Ungdom, Miljøgruppa, Naturvernforbundet sentralt,  Sunnfjord Energi, Førde Sport, Toyota og butikken «Om att».

–        Flaggermusvandring 25.august

–        Markering av villblomstensdag  – Blomstervandring 17.juni

 

Miljøagentane i Sogn og Fjordane

Lin Hjelmeland Finjord er leiar i laget og har med seg Åse Marie Thingnes, Ronja Øygard og Aasmund Leirhaug. Laget er aktivt gjennom ulike arrangement i regi av Naturvernforbundet, men har ikkje hatt eigne møte i 2012. Laget har god økonomi gjennom Frifond, og er medarrangør på alle aktivitetar som inkluderer barn og unge.

Studentlaget i Sogndal/Sogndal Natur og Ungdom

Leiar: Sigbjørn Løland Torpe

Studentlaget har i samarbeid med Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane sendt fråsegner til arealplanen for Sogndal kommune og sykkelplanen for Sogndal sentrum. Det har elles vore vanskeleg å skaffe tillitsvalde til laget. Sigbjørn har vore medlem av studentstyret i Naturvernforbundet/Natur og Ungdom.