Årsmelding 2014 for Indre Sunnfjord

ÅRSMELDING 2014

NATURVERNFORBUNDET I Indre Sunnfjord

Dette er sakene vi på sist årsmøte valgte å ha hovedfokus på i 2014

  • Fjorddeponi av avgangsmasser fra Rutilutvinning i Vevring.
  • Jobbe for gode planar for bygging av SYKKELBYEN FØRDE
  • Betre renovasjonsordning i kommunane
  • Forvaltningsplan for elvedeltaområdet i Jølstra
  • Verving og organisasjonsbygging

 

Organisatorisk

Årsmøte

Årsmøtet ble avholdt Onsdag 26.mars kl 19.30 – 22.00 på Sunnfjord Hotell. Til de vanlege årsmøtesakene låg informasjon frå arbeidet i de ulike temagruppene; Sykkelgruppa, Arbeidsgruppa mot fjorddeponi, Renovasjonsgruppa og arbeidsgruppa for forvaltningsplan Løken/Ytre Øyrane.

Det var 11 medlemmer til stades. Erik og John Ove var ikkje på val. Philip, Sigmund og Lin var på val og tok attval. Varamedlemmar til styret vart; Grethe Strømmen, Mari Johnstad, Oddvar Etnestad og Åshild Margrete Østtveit Odèen. John Ove Hjelmeland fortsette som kasserar. Agnar Åsnes fortsette som revisor. Valkomité; Asle Sande, styret fikk fullmakt til å supplere valkomité. Utsending til årsmøte i Fylkeslaget; John Ove Hjelmeland med Lars Torpe som vara. Rekneskapen var ført av kasserar John Ove Hjelmeland med eit års underskot på kroner 24 859,- og ein eigenkapital på kroner 21 468,- per 01.01.14. Der vert lagt fram fråsegn frå Årsmøtet der Naturvernforbundet ber eigarkommunane til Sunnfjord Miljøverk om å gjere vedtak om at det vert innført innsamling av hushaldningplast i heile området til Sunnfjord Miljøverk. Fråsegna vart einstemmig vedteke. Protokoll fra årsmøtet kan ettersendast.

Styret

Styret har hatt styremøte, arbeidsmøter og løpande kontakt per e-post i høve arrangement og saker i 2014.  Styret har ikkje hatt leiar men Erik Solheim har vert presseansvarleg og Lin Hjelmeland Finjord har hatt ansvar for innkalling og referat. Styret har bestått av:

Erik Solheim

John Ove Hjelmeland

Sigmund Flaten

Philip Butler

Lin Hjelmeland Finjord

 

Varamedlemmer;

  1. Mari Jonstad Leirhaug
  2. Grethe Hammer Strømmen
  3. Åshild Margrete Østtveit Odèen (Flytta i 2014)
  4. Oddvar Etnestad

 

Kasserar: John Ove Hjelmeland

Revisor: Agnar Åsnes

Valkomite; Asle Sande 

Medlemmar:

Lokallaget hadde 165 medlemmar i 2013. I 2014 er vi 169 medlemmar. Vervemålet for 2014 blei ikkje nådd.

Økonomi

Rekneskapen er ført av kasserar John Ove Hjelmeland, med eit års overskot på kroner 3 125,50. Inntekter og utgifter til prosjektaktivitet er ført gjennom fylkeslaget. Laget har ein eigenkapital på kroner 29 871,82.

Rekneskap for 2014 og budsjett for 2015 vert lagt fram for Årsmøtet.

Aktivitet i styret

Fjordsaka har også i 2014 teke mykje tid. Litt om saka. I Engebøfjellet ved bygda Vevring i Førdefjorden ligg 15 millionar tonn av det ettertrakta mineralet rutil. Dette vil Nordic Mining hente ut, og restmassen – drøyt 96 prosent – vil de deponere i fjorden. 11 tonn slam per minutt, 24 timar i døgnet i 50 år. Dette har vert lokallaget si viktigaste sak i fleire år.

Arrangement;

  • «La Førdefjorden Leve!» Vevring 7.februar i samarbeid med Venstre og Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe. Fjordfiskarens festbord og appellar.

 

  • Ope møte om Plastsortering 20.mars i samarbeid med Miljøgruppa Førde Kyrkje. Arbeidsmøter på Sunnfjord Hotell før arrangementet.
  • «La Humla surre» 25.mars i samarbeid med Førde Hagelag.

 

  • Årsmøte i Lokallaget Indre Sunnfjord og Miljøagentane S og Fj. 26.mars, Sunnfjord Hotell.

 

  • «Nei til gruveavfall i norske fjordar!» Stormarkering framfor stortinget 29.mars.

 

  • Earth Hour 29.mars blei annonsert i alle avisene i fylket med støtte frå ENØK fondet.
  • 1.mai tog mot Fjorddeponi, appelar, kulturelle innslag og servering av laks frå fjorden.
  • Strategimøte i høve Fjordsaka 18.mai, Førdehuset.
  • 5.juni, på Verdens Miljøverndag, kinoframsyning, biologisk mangfaldutstilling og ansiktsmaling, i samarbeid med Førde Kino og Miljøagentane.
  • 9.juni; Markering av Verdens Miljøverndag på Rådhusplassen i Førde i samarbeid med Miljøgruppa i Førde kyrkje. Økologisk frokost, friluftsgudsteneste, kyrkjekaffi, sykkelløype, Eliasbåt, ansiktsmaling, biologisk mangfaldustilling, Quiz m.m.
  • Mobilitetsveka med aktivitetsdag 20.september og bilfri dag 22.september med ope møte om sykkelbyen Førde i samarbeid med Miljøgruppa og Førde kommune.

Arrangement/seminar vi har delteke på

– Seminar om rømt oppdrettsfisk og lakselus, Førde 24.jan.

– Møte i Førde om Fylkeskommunal kulturstrategi jan.

– Årsmøte FNF, Førde i mars

– Årsmøte og 100-års Jubileumsfeiring på skei 26.april.

– Miljøfestival i Oslo i august

– Fellesmøte FNF, Sandane i nov.

– Arbeidsgruppe for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde

– Norges Naturvernforbund 100 år – jubileumsfest i Bergen i okt.

 – Engebøsaka – presentasjon av tilleggsutgreiingar, Naustdal i okt.

Avisartiklar (Erik):

Fem artiklar i Firda – to om Brulandsvellene, to om kraftutbygging (vind og vatn) og ein om Engebøsaka. 

Fleire artiklar i Nationen om naturvern og vårt forbruk av jorda.

Brev og høyringsfråsegner;

–  Brulandsvellene – fråsegn til planprogram

–  Verdiskapingsplan Sf fylkekommune – høyringssvar

–  Sju kraftverk i Gloppen og Jølster – høyringssvar konsesjonssøknader (NB!  NVE avslo 5, sa ja til 2)

–  Jølstra – høyringsfråsegn kraftverk

– Brev til Jølster kommune og Jostedalsbreen AS om plan for veg til breplatået frå Kjøsnesfjorden

– Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde – høyringsfråsegn forvaltningsplan

Temagruppe:

  • Sykkelgruppa; Asle Sande, Anne-Cathrine Neslein, Stig Jonny Fitje og Philip Butler.
  • Arbeidsgr. mot fjorddeponi; Åse Marie Thingnes, Grethe Strømmen, Oddvar Etnestad og Helene Holsen Foss.
  • Renovasjonsgruppa; Lin Finjord, Mari Jonstad Leirhaug, Grethe Strømmen, Julie Daling og Åshild Margrete Østtveit Odèen.  
  • Arbeidsgruppa for forvaltningsplan Løken/Ytre Øyrane; Sigmund Flaten og Lin Hjelmeland Finjord.

Miljøagentane i Sogn og Fjordane

Styret; Lin Hjelmeland Finjord, Åse Marie Thingnes, Ronja Øygard og Aasmund Leirhaug. Ungdomskontaktane går ut og vi treng 2 nye miljøagentar til styret. Laget er aktive gjennom ulike arrangement i samarbeid med Naturvernforbundet lokalt. Laget har god økonomi gjennom Frifond midlar.