Avgjerdet om gruvedrift i Førdefjorden manglar eit fagleg grunnlag

Ny dokumentasjon viser lytene i dei faglege rapportane frå Norsk institutt for vassforsking (NIVA) og klassifikasjonsselskapet Det norske veritas- Germanische Lloyd GL (DNV-GL) og Miljødirektoratet om konsekvensane av dumpinga av gruveavfall i Førdefjorden. Det fins i doktoravhandlinga til Agnar Kvellestad frå desember 2015. Ein samandrag på norsk frå avhandlinga kjem her:

Heile avhandlinga kan lesast her

Summary in Norwegian

Den norske regjeringa godkjende i 2015 Nordic Mining sine planar for utvinning av det titandioksid-haldige mineralet rutil ved gruvedrift i Engebøfjellet i Vest-Norge. Medrekna er deponering av 4 millionar tonn avfall per år i Førdefjorden. Denne kan auke til 6 millionar tonn per år, og opp til 250 millionar tonn kan sleppast ut over ein periode på 50 år.

Industriprosessen omfattar oppmaling av fjell (eklogitt) til små uorganiske (mineral-) partiklar, som svevande i ferskvatn skal tilsetjast prosesskjemikaliar for utvinning av rutil og flokkulering (klumping) dei andre partiklane til større aggregat. Desse enkle eller aggregerte partiklane med fastsitjande kjemikaliar, dvs. industri-skapte partiklar, og i tillegg kjemikaliar løyste i vatn, utgjer avfallet (avgangen). Løyvet inneber avfallsdeponering på fjordbotnen. Flokkuleringa ventast å fremje den ønska søkkinga av partiklar til botnen. Utsleppsløyvet, og konsekvensutgreiinga (KU) av uønska partikkelspreiing i fjorden og skadelege effektar på livet der, er nokså omstridde. Denne rapporten er ein kritisk gjennomgang av KU-en og tilhøyrande rapportar, med vekt på partikkeleffektar (-skadar) på fisk.

KU-en vart gjennomførd frå 2007-2015. Den omfattar rapportar og andre dokument, hovudsakleg frå Norsk institutt for vassforsking (NIVA) og Det norske veritas (DNV) GL, på oppdrag frå gruveselskapet, som vidaresende desse til Miljødirektoratet (MDIR) og andre offentlege instansar. NIVA hadde i tillegg ansvaret for ein rapport, på oppdrag frå MDIR.

KU-en var utilfredsstillande organisert og basert på ei svært forenkla tilnærming med ingen eller svak referanse til overordna evalueringsmetodikk. Det er ikkje utgreidd korleis industri-skapte partiklar og løyste prosesskjemikalar i blanding kan påverke livet i sjøen. Heller ikkje at kjemikaliar kan skade økosystem på andre måtar enn det som tradisjonelt er rekna som giftverknad. Unytta moglegheiter omfattar bruk av kunnskap frå samanliknande medisin.

Kunnskap om industri-skapte partiklar, som produkt av heile industri-prosessen, er avgjerande for vurderinga av spreiinga i sjøen og for effektar på livet der. Men partiklane er berre delvis karakteriserte og det er uklart om alle desse undersøkingane er utførde på materiale frå Engebøfjellet. Det er ikkje dokumentert at partiklar mindre enn 0,68 μm vil søkke til sjøbotnen. Vidare, storleikane til dei 0,62 % av partiklane mindre enn 15 μm vart av DNV GL utelatne frå modelleringa av partikkelspreiing i sjøen. Desse partiklane, som er flest i tal og har størst even til spreiing, kan årleg vere av storleiksorden opp til 25.000 (37.000) tonn inkludert omlag 2,100 (3,000) tonn nanopartiklar ved utslepp av 4 (6) millionar tonn avfall. Difor er det udokumentert kva som vil skje med desse partiklane i fjorden, og modellerte konsentrasjonar kan vere for låge.

Ein annan viktig del av KU-en er vurdering av moglege skadelege effekar av industri-skapte partiklar på fisk i sjøen. Sjølv om manglande kunnskap tidleg vart fastslege, og desse partiklane ikkje er karakteriserte, vart det ikkje utførd forsøk der organsimar vart utsette for slike partiklar. I staden har NIVA og DNV GL tenkt seg eller føreslege effektgrenser for eksponering av fisk for industri-skapte partiklar basert på kunnskap henta frå vitskaplege publikasjonar. Denne tilnærminga mislukkast av fleire grunnar. For det første, effektar av «uorganiske partiklar generelt» vart vurderte, sjølv om relevansen var udokumentert. For det andre, dei synte særleg til tilhøve i ferskvatn, også her utan å dokumentere relevansen. Nokre referansar er til estuariar, som kan vere relevante, medan få gjeld tilhøve i sjø. For det tredje, NIVA hadde i den første og grunnleggande rapporten frå 2008 eit smalt fokus, dvs. på fisk og skjell i sjøen, medan DNV GL i tillegg vurderte effektar på fiske-egg og -larver.

For det fjerde, metodikk for vurderingane manglar eller er mangelfull. Det er ingen referanse til EU sitt vassråmedirektiv, som krev bruk av kroniske NOECs (no-observed effect concentrations). NOECs er lågare enn NIVA og DNV GL sine effektgrenser, og må i tillegg delast med ein tryggingsfaktor på 10, 50 eller 100 for å rekne ut kva som skal vere tillate, dvs. miljøgrenseverdiar (environmental limit values (ELVs)).

For det femte, nesten ingen av dei vitskaplege artiklane relevante for tilhøve sjøvatn vart refererte i dei norske rapportane. Dette gjeld spesielt røynsler i Norge sine naboland, og spesielt torsk. KU-en for Øresundbrua omfatta eksponering av fisk for lokalt sediment (botnslam) før igangsetjing av byggearbeidet. Viktige resultat publiserte i 1996 omfattar torske-egg, som er pelagiske (flytande). Desse søkk dersom utsette for partikkelkonsentra-sjonar på 5 mg/L eller mindre. Vaksen torsk unngjekk konsentrasjonar ned til 3 mg/L. Dette tilseier NOEC < 5 og < 3 mg/L, og ELV < 0,5 og < 0,3 mg/L dersom dividert med den lågaste tryggingsfaktoren 10. Tilsvarande resultat frå Fehmarnbelt-sambandet vart publiserte i 2012, og då fann ein søkking av torskeegg også ved konsentrasjonar under 4 mg/L. Oppsummert har ein for egg og vaksen fisk ELV høvesvis < 0,4 og < 0,3 mg/L. Uvissa omkring eigenskapane til industri-skapte partiklar, inkludert nanopartiklar, tilseier ein tryggingsfaktor i tillegg. Ingen data er lagde fram for laksefisk i sjøvatn, korkje for direkte effektar eller indirekte effektar som redusert tilgang på deira bytedyr.

Ovanfor nemnde manglar vart forsterka av NIVA si omfattande referering til tilhøve i ferskvatn, inkludert ukritisk bruk av ein ufullstendig og ikkje-validert modell og feil og/eller ufullstendig referanse til fagartiklar. Vidare, ved ukritisk og feil attgjeving frå ein artikkel, om fisk i sjø, med manglar i forsøksoppsett og resultattolking. Alle desse manglane resulterte i undervurdering av skadelege effektar, som tydeleggjort då NIVA i 2009 antok ei form for generell grense ved 50 mg/L. Denne er minst 17 gonger for høg dersom samanlikna med då kjend men ubrukt kunnskap om unngåing av partiklar ved 3 mg/L, og minst 170 gonger for høg dersom samanlikna med tilsvarande ELV (< 0.3 mg/L).

NIVA sitt svenske dotterselskap har derimot, i samband med bygging av havvindmøller, brukt denne kunnskapen, som manglar i den norske KU-en. Standarden synest såleis høgare i Sverige enn i Norge.

Deretter, i nye utgreiing som venteleg skulle vere uavhengige av NIVA sitt tidlegare arbeid, har DNV GL i ein rapport plagiert den første NIVA-rapporten, inkluderte større mistak. Basert på NIVA sine og eigen-produserte feil, og delvis på ei gamal tredjehands kjelde, vart det føreslege upresist definerte grenser for letale (døyelege) og subletale (ikkje-døyelege) effektar hjå fisk. Grensene for subletale effektar er 20 mg/L for egg og larver, og 50 mg/L for ung og vaksen fisk. Alle desse er for høge samanlikna med eksisterande kunnskap, både den refererte og i endå større grad den ikkje-refererte, og samsvarar dermed ikkje med deira erklærte bruk av den lågast rapporterte effektkonsentrasjonen i vurderingane. Desse grensene er også minst høvesvis 50 og 170 gonger for høge dersom samanlikna med ELVs (< 0,4 mg/L og < 0,3 mg/L) baserte på kunnskap DNV GL ikkje brukte. Alle DNV GL sine manglar på kritiske punkt medverkar til undervurdering. Dessutan, DNV GL visste om effektar av nanopartiklar ved 0,1 mg/L, som kan vere den lågast rapporterte effektkonsentrasjonen, men tok ikkje denne kunnskapen med i vurderingane av effektgrenser, sjølv om anna kunnskap om fleire ulike partikkeltypar i ferskvatn vart brukt.

Gruveselskapet la rapportane fram for MDIR, som vurderte deira innhald i oversendingsbrev til Klima- og miljødepartementet. MDIR aksepterte i 2015 resultata frå modelleringa av partikkelspreiing, sjølv om dei minste partikkelstorleikane var utelatne. I eit brev frå 2012 vart tilsynelatande også NIVA sine vurderingar aksepterte, og det var umogleg å spore innhaldet attende til førstehandskjeldene brukte av NIVA. Direktoratet syntes vere ukjend med den ikkje-refererte kunnskapen fram til slutten av 2014. Departementet sette i 2015 grenser på 2 og 3 mg/L for den totalte tillatne konsentrasjonen av uorganiske pluss organiske partiklar på bestemte stader i fjorden. Desse grensene kan vere 2-8 gonger for høve dersom samanlikna med lågaste ELV (< 0,3 mg/L), uorganiske partiklar utgjer hovuddelen av dette og dei industri-skapte partiklane utgjer høvesvis 1 og 2 mg/L. Ei vidare vurdering av desse grensene er vanskeleg pga. utilstrekkeleg kunnskap om dei industri-skapte partiklane, inkludert dei av nanostorleik, og pga. avgrensa kunnskap om effekten av slike på organismar i sjøen.

NIVA har også presentert og fremja prosjektet, spesielt fjorddeponi, for ålmenta og representantar for offentlege institusjonar. Denne formidlinga hadde endå større grad av undervurdering og underkommunisering pga. påstandar som «Ren avgang ….» og «Konsentrasjonen av partikler oppover i vannmassene og utover deponiområdet er så lave at det ikke har effekt på marint liv».

KU med rapportar og presentasjonar formidla eksisterande kunnskap på ein utilfredsstillande måte og fungerte som filter mellom kunnskap og ålmenta eller avgjerdstakarar. Avgjerder vart difor baserte på urealistisk høge tryggingsmarginar mellom dei påståtte grensene for effektar på fisk (for høge) og dei modellerte partikkelkonsentrasjonane (moglegvis for låge). Ein kan spørje kva innverknad slike manglar har på legal status til avgjerder på ulike nivå, inkludert vedtak i Naustdal kommunestyre, og på kvaliteten til framtidige KU-ar vedrørande partiklar i vatn. Utgreiingane hadde tent på vektlegging av det vitskaplege grunnlaget, og spesielt korrekt framlegging av relevant kunnskap, på kostnad av prosjektfremjing. Modelleringa av spreiing er basert på manglar og grad av skade på livet i sjøen er ikkje dokumentert med rimeleg grad av visse.