Avisinnlegg: Rabiat om «kolonien» Sogn og Fjordane

Journalist Anne Viken går i eit rabiat innlegg i Bergens Tidende (BT), heilt feilaktig kalla kronikk, til åtak på alle imperialistar som vil «kolonisere» Sogn og Fjordane, m.a. sentrale miljøstyresmakter og deira klakørar som Kurt Oddekalv i Miljøvernforbundet og Naturvernforbundet. Skjellsorda haglar mot desse «sjølvoppnemnde filosofar» og «vakumbaserte tenkjarane» som jobbar mot næringar som lever av naturen» og elles vil verne ein i hel.»

Det saklege nivået i dette innlegget er såleis langt under pari , og her vil eg berre for Naturvernforbundet sin del på det sterkaste tilbakevise at vi motarbeider jordbruket og ”bønder og anna pakk”. Naturverforbundet vil ha eit sterkt jordbruk i landet vårt, vil styrke jordvernet og elles støtte jordbruket skikkeleg økonomisk. Dette då i motsenad til den tydelevis store helten til Anne Viken, stortingsrep. Åge Starheim og partiet hans Frp, som nærast vil legge ned norsk jordbruk og i alle fall utkantjordbruket i Sogn og Fjordane.

Då spørst det korleis det vil gå med den berekraftige naturutnyttinga som Viken snakkar så pent om!Rett nok kan det vere noko usemje mellom naturvernarar og bønder når det gjeld rovdyr og t.d. småkraftutbygging, men vi kan i alle fall garantere at vi ikkje ser på bønder ” som pakk”, men som viktige støttespelarar i å ta vare på natur og kulturlandskap og framskaffe sunn og god mat, m.a. frå den norske sauen.

Viken ser ut til å meine at såkalla vekst i samfunnet er eit uproblematisk omgrep. Berre det er økonomisk vekst, er det ikkje så farleg kva måte denne veksten går føre seg på. Men i motsetnad til Viken vil Naturvernforbundet sette krav til økonomisk vekst og t.d. ha strenge reglar når det gjeld t.d. jordvern, bygging i strandsona, utbygging av vass- og vindkraft, berre for å nemne noko. Vi har også andre omsyn å ta som omsynet til natur, naturkvalitetar og dyre- og plantelivet. Her prøver vi å vere ei motvekt til dei kreftene i samfunnet som vil legge alt under asfalt eller alt i røyr.

Viken ser ut til å tru at dersom alt vert overlete til lokal styring, så vil alt gå bra med den rette jamvekta mellom vekst og vern. Sentrale styresmakter er såleis slemme imperialistar og plagar dei stakkars innfødde med sine ”koloniale” påfunn som strandlov og andre reguleringar. Vi trur likevel det er trong for felles lover og nasjonal styring også på miljøområdet som på andre samfunnsområde , men då sjølvsagt i ein dialog med dei som held til i eit fylke som Sogn og Fjordane.”Nei til kolonivelde i Sogn og Fjordane” er Vikens krigerske parole. Vi seier heller ja til samarbeid til beste for folk og natur og miljø.

Jon Farestveit, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane