Bli gjerne med på eit møte med debatt og innleiingar om Førdefjordens framtid på måndag!

Det blir eit felles møte mellom Natur og Ungdom, Naturvernforbundet og Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe. Mandag 15.juni, kl 17.30 i Vevring skule TEMA: Førdefjorden – kva skjer, korleis bjerge fjorden?

Innleiingar og debatt
1) Kvar står saka – og korleis arbeider vi vidare mot gruveavfall i Førdefjorden?
v/ Anne-Line Thingnes Førsund, VFM, om status.
v/Lars Haltbrekken, NVF, om vegen vidare og om erfaringar frå andre kampar, m.a. gasskraftverket i Øygarden.
v/Arnstein Vestre, NU, om sivil ulydnad som politisk verkemiddel.
Per Flatberg, veteran m.a. frå Altakampen er gjest og medverkande i møtet.

 

2) Natur og Ungdom sin sommarleir i Vevring 30.juli – 4.august.

Informasjon om leiren; når 250 ungdommar inntek Vevring v/ NU
-1.aug: Folkemarkering for Førdefjorden, Valkampoppstart. Politikardebatt. Kulturarrangement. Fjordfiskarens Festbord. Aktivitetar. Stands.
-Organsiering, trong for hjelp, fordeling av oppgåver.
v/ Arnstein Vestre og NU, samt Ole Erik Thingnes, Åse Marie Helgheim Thingnes

Kaffi, te, matbit

Velkommen Fjordvenner Førdefjorden skal leve!

 

Lin Hjelmeland Finjord

Fylkessekretær

Naturvernforbundet Sogn og Fjordane