Bli med på miljødebatt i Førdehuset!

torsdag 17. august inviterer Naturvernforbundet til miljødebatt i Førdehuset kl. 18.00.

Naturvernforbundet i Sunnfjord og Sogn og Fjordane inviterer partia med listetopper og representanter til debatt kring aktuelle miljøsaker for Sunnfjord fram mot kommunevalget, i Førdehuset sin festsal kl. 1800.

tema for debatten blir saker som tap og nedbygging av natur i kommunen, korleis partia vil takle klimaendringane, Spørsmålet om vindkraft i kommunen samt gruvedumping i Førdefjorden.

Med oss til debatt har vi partia Ap, Høgre, Sp, Mdg, Raudt, Venstre og Sv.

vi får fagleg innleiing frå forskar Siri Vatsø Haugum, samt appellar frå ungdommen, samt kaffi, te og sveler til frammøtte.

meld deg gjerne på her:

https://www.facebook.com/events/992495521999610?acontext=%7B%22event_action_history%22%3A[]%7D

velkommen!