Debatten om Florelandet Nord

Florø er det vedteke å sprenge og fylle ut inntil 300 mål av byens indre skjergard. I tillegg er det vedteke å gjere om store delar av øya Grønenga sitt natur- og kulturlandskap til industriområde. Alt dette for å utvide oljebasen i byen. Vi har i lengre tid vore engasjert i saken, jf vår klage til Fylkesmannen av 22. februar i år gjengitt her under HØYRINSFRÅSEGN. Etter Firdapostens oppslag laurdag 29. mars, sender vi følgande lesarinnlegg:

Firdaposten v. Redaksjonen

31.03.2014

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane ber om spalteplass til følgande uavkorta lesarinnlegg:

Naturvernforbundet ønsker openheit og tillitsvekkande lokaldemokrati

Vi viser til Firdapostens oppslag laurdag 29. mars.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane er blitt kontakta av Firdaposten i høve vår uttale til Fylkesmannen gjeldande planarbeidet ”Florelandet Nord” i Flora kommune.  I vårt rimeleg omfattande klagedokument på til saman 14 sider, viser vi til ei rekke tilhøve i planen som etter vårt skjøn ikkje er tilfredstillande handsama av Flora bystyre og som vi har klaga inn for Fylkesmannen.  Desse punkta er (sitat frå vårt klageskriv side 2):

  • Planen stettar ikkje Plan- og bygningslovas krav i §§ 1-1 og 3-1
  • Planen har mangelfull demokratisk tilgjenge til plandokumenta jfr. Plan- og bygningslovas krav
  • Fråver av folkehelsemyndigheiter og folkehelseutgreiingar i planen
  • Fråver av terrorsikringsanalysar og beredskapsplanar for dette i planen
  • Fråver av ROS-analysar i planen
  • Fråver av alternative løysingar
  • Fråver av klimavurdringar
  • Fråver av heilskapleg og langsiktig miljøanalyse
  • Fråver av bindande etterbruksplan
  • Fråver av framtidig eigedomsrett til 1 000 daa og det vi kan kalle ”heimfallsvilkår”
  • Avgjerande feilinformasjon og sjølvmotseiingar i Agenda Kaupang og PwC sine rapportar
  • Fråver av dokumentasjon som grunnlag for påståtte behov for meir areal til oljebaseaktivitet
  • Sakshandsamingsfeil gjeldande unndraging av brev frå Statoil til Naturvernforbundet
  • Fråver av uhilda juridisk vurdering av gildskap gjeldande bystyrerepresentantar
  • Manglar ved vinterdelen av rapportar om naturmangfald

Heile planen er etter vårt skjøn eit dokument som opnar opp for omfattande, kortsiktige og irreversible inngrep og naturøydingar i Florø sin indre skjergard.  Dette har Naturvernforbundet reagert på og gjort innspel til.

Vi registrerer at Firdaposten, i det som av mange blir hevda å vere den viktigaste naturbrukssaka i Flora kommune på lange tider, presenterer ein reportasje der avisa velger å ”skyte på pianisten” i staden for å gjennomføre vanleg journalistisk arbeid og grave inn i maktas korridorar for å bringe fram informasjon til lesarane sine, eller å skrive om dei alvorlege miljøkonsekvensane og manglande tilhøva Naturvernforbundet har peika på i saka.  Det er avgjerande at planprosessar er opne, ryddige og dermed demokratisk og tillitsfulle.  Naturvernforbundet har motteke truverdig informasjon som tilseier at det kan stillast spørsmål ved dette.  Derfor har vi valgt å bringe informasjonen vidare.

Firdaposten får velge sine alliansepartnarar.  Avisa kan vere på lag med folk og natur, drive truverdig journalistikk, eller halde seg inne med makta og prøve å ufarleggjere einskilde organisasjonar.

For å vise kva Naturvernforbundet eigentleg har skrive til Fylkesmannen om lokaldemokratiets posisjon og tillitstilhøve i Flora kommune siterer vi her det gjeldande kapitlet frå vårt klageskriv (side 13) til Fylkesmannen:

Fråver av uhilda juridisk vurdering av gildskap gjeldande bystyrerepresentantar

Naturvernforbundet har i sin høyringsuttale 10. juni 2013 bede Flora kommune om å få utført ein uhilda gjennomgang av gildskapen til samtlege representantar i Flora bystyre i høve plansaka. Det er ei kjend sak at ei rekke av lokalpolitikarane har hatt og framleis har svært tette band til INC-systemet på oljebasen og dette var grunngjevinga for oppmodinga vår.

Flora kommune har, så vidt vi kjenner til, ikkje fått gjennomført noko uhilda gjennomgang av representantanes gildskap i saka.

Vi er blitt informert om at det er eit vanleg synspunkt mellom folk i Florø at eit stort tal bystyrerepresentantar synast å vere ”kjøpt og betalt”, som ofte er uttrykket som blir brukt, av INC-systemet. Det er til dømes ei kjend sak at Flora Høgre sine valgkamputgifter på om lag kr. 500 000,- ved forrige kommunevalg, blei delt i to og betalt av INC-systemet og BB-Gruppen, to sentrale verksemder i Florø.

Naturvernforbundet vil understreke at vi her kun refererer informasjon vi har motteke og at det må vere andre som eventuelt beviser denne type saker, dersom ikkje INC-systemet, og BB-Gruppen sjølv står fram og stadfestar dette. På den andre sida meiner vi at dette er informasjon som er for viktig til ikkje å gå vidare med.

Det er vår oppfatning at det er behov for ei uhilda gransking av gildskapstilhøve gjeldande for samtlege bystyrereresentantar i denne saka. Tilsvarande er det også kjent at sentrale tilsette i administrasjonen i Flora kommune har arbeidd i INC-systemet og vi ber også om ei gildskapsvurdering av desse.

Naturvernforbundet ber på bakgrunn av dette Fylkesmannen om å gjennomføre ein slik gildskapsgjennomgang før vidare vedtak av planen gjennomførast.

Naturvernforbundet legg til grunn at alle partar i denne saka vil tene på at denne type informasjon kjem fram.  Vi har valgt å referere denne informasjonen og det er ikkje Naturvernforbundet si rolle å ta denne type saker vidare utover dette.  Det er snarare dyktige journalistar sin jobb, eller forvaltninga, i dette tilfellet Fylkesmannen.

Heile klageskrivet frå Naturvernforbundet til Fylkesmannen finnast på vår heimeside http://naturvernforbundet.no/sognogfjordane/hoeyringsfraasegn/omraadereguleringsplan-florelandet-nord-klage-av-28-02-14-article30730-2065.html

Med vennleg helsing

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Thorleif Jacobsen

-leiar-