Den Store klesbyttedagen i Førde
Har det gått hol på favorittjakka di? Eller kanskje du vil gi den ubrukte t-skjorta di til ein ny eigar? Kom innom Førde Klatresenter og bli med på den store klesbyttedagen! Vi lover god stemning og godt humør 🙂
Hugsar du den kjolen, buksa og t-skjorta du kjøpte sommaren 2016 som ligg heilt bakarst i klesskapet som nærmast aldri har blitt brukt? Eller kanskje favorittbuksa har mista ein knapp, eller det har gått hol på jakka di?
Du er ikkje aleine. Nordmenn har om lag 80 kg med klede liggande heime som tilsvara ca 359 plagg. Dessverre, er det slik at kvart femte plagg i klesskapet vårt blir sjeldan eller aldri brukt, og ofte opplever vi at det er enklare å kjøpe nytt framfor å ta vare på det vi allereie har gjennom å vedlikehalde og reparere det.
26 mars 2022 på Førde Klatresenter kan du få hjelp til å reparere favorittjakka di, introdusere dine sjeldne brukte (men flotte) plagg til sin nye eigar, samstundes som du har moglegheit til å ta med deg nye (brukte) plagg heim. Naturvernforbundet Sunnfjord, Indre Sunnfjord Turlag, Midtre Sunnfjord Husflidlag og Førde Klatresenter har gått saman om å arrangere DEN STORE KLESBYTTEDAGEN med fikselaug på Førde Klatresenter. Her kan du få oppleve reparasjonsmagien når Midtre Sunnfjord Husflidlag reparere og forlenger livet til favorittjakka di, og få ein ny genser i bytte mot din sjeldan brukte t-skjorte. Og det heilt gratis!
Slik vil klesbytte gå føre seg: Frå og med 21 mars fram til kl 12:00 26 mars kan du levere inn plagg – maks 7 plagg – du ikkje lenger brukar på Førde Klatresenter. Du vil finne ein boks merka med «klesbytte» og ved sidan av finne du byttelappar. Du kan berre levere inn plagg til ungdom og vaksne, ikkje barneplagg. Ta så mange byttelappar som plagg du leverer. Dette er tillitsbasert og vi vonar at alle respekterer det. Alle kleda må vere reine og i god stand. Hugs å ta vare på byttelappane dine, du brukar dei for å bytte. Klesbyttedagen startar kl. 15:30 og varar til rundt 18:00 tida. Då kan du klede mot byttelappar.
Vil du fikse eit plagg? Midtre Sunnfjord Husflidlag vil hjelpe deg å reparere plagg du er glad i, dei vil lære deg tips og triks om reparasjon som du kan ta med deg vidare. Ta med deg maks to plagg du vil ha fiksa.