Den Store klesbyttedagen i Nordfjordeid

Vil du fikse favorittjakka eller gi ei den ubrukte tskjorta di ein ny eigar? Kom innom Gymmen den 26 mars då vell! Då kan du gjere begge!

Hugsar du den kjolen, buksa og t-skjorta du kjøpte sommaren 2016 som ligg heilt bakarst i klesskapet som nærmast aldri har blitt brukt? Eller kanskje favorittbuksa har mista ein knapp, eller det har gått hol på jakka di?

Du er ikkje aleine. Nordmenn har om lag 80 kg med klede liggande heime som tilsvara ca 359 plagg. Dessverre, er det slik at kvart femte plagg i klesskapet vårt blir sjeldan eller aldri brukt, og ofte opplever vi at det er enklare å kjøpe nytt framfor å ta vare på det vi allereie har gjennom å vedlikehalde og reparere det.

I Nordfjordeid vil vi hjelpe deg med begge dele! Lokallaget i Eid, Naturvernforbundet Sogn og Fjordane, og OMATT går saman og arrangerer DEN STORE KLESBYTTEDAGEN MED FIKSE-WORKSHOP på GYMMEN i Eid laurdag 26 mars. Her kan du få oppleve reparasjonsmagien når Anne-Malin Aase hjelper deg med å reparere og forlenge livet til favoritttjakka di, og du kan få ein ny genser i bytte mot din sjeldan brukte t-skjorte. Og det heilt GRATIS!

Slik vi det foregå:
Fredag 25 mars:
Du vil ha moglegheit til å levere inn klede hjå Gymmen frå 15:30-18:30. Kleda må vere reine og fine, du kan maks levere 7 plagg (!). Hugs å ta med deg så mange lappar som klede du leverar.

Laurdag 26 mars (Den store dagen):
Innlevering av klede frå 10:00-12:00
Reparasjonsverkstad: 12:00-14:00
Klesbytte: 12:00-15:00