Dramatisk utviding av vindindustrianlegget på Guleslettene

Zephyr AS har kome med nye vindturbinplasseringar for Guleslettene industriområde. Dei er dramatisk endra i høve konsesjonssøknaden og konsekvensutgreiinga.

Guleslettene er eitt av dei viktigaste friluftsområda i Flora kommune. Endringsforslaga til Zephyr inneber ei fullstendig nedbygging av Guleslettene heilt ut til randsonene av planområdet. Støyen vil breie seg nedover i hjorteliene i Botnane, Guleskaret og Uradalen, Sagadalen, Kupene vest for Terdalen og heilt ned i Terdalen.

I vest vil vindturbinane kome inn i rutene til trekkfuglane og dei vil verte synlege frå mange av gravstadane og kulturminna langs strandsona frå Årebrotet og heilt ut til Kinn. Frå Florø vil utsynet mot vegar, vegskjeringar og turbinar verte enormt dominerande. Refleksblink i kombinasjon med kvite turbinvenger mot både fjell og himmel som bakgrunn, vil medføre eit blikkfang som tek over heile det nordlege synsfeltet frå Florø by. I aust har fleire av dei mest populære turmåla fått vindturbinar og vegar innteikna i kartet, og støyen frå veivande turbinblad vil øydelegge desse områda som turmål.

Fleire gode fiskevatn og drikkevasskjelder risikerer olje- og kjemikalieureining.

Endringsforslaga til Zephyr er så store at Naturvernforbundet, Forum for Natur og Friluftsliv (FNF) og Sogn og Fjordane Turlag vil krevje at Zephyr må sende ein tilleggssøknad om endringane til NVE. Denne må deretter sendast på høyring.

Vidare arbeid med Miljø- Transport- og Arealplan (MTA) må utsettast til dette er gjennomført.

Bakgrunn:

Zephyr er tildelt konsesjon for å etablere eit 29 km2 stort industriområde i fjella nord for Florø by. Industriarealet skal nyttast til produksjon av elektrisk straum med vindturbinar.

Forfattarane bak dette dokumentet ynskjer at dersom anlegget skal byggast, så må det bli verdas best drivne vindindustrianlegg. For å få det til må anlegget utformast på ein slik måte at energiproduksjonen vert god, samstundes som det vert teke omsyn til dei negative effektane som følgjer med etablering av store industriturbinar, omfattande veg- og kabelnett og anna infrastruktur. Særleg vekt skal leggast på å redusere støy og visuell ureining utanfor planområdet, og innanfor industriområdet ta omsyn til friluftsliv, drikkevasskjelder, gode fiskevatn samt å etablere vegar som gjev minst mogleg inngrep i landskapet. I det følgande oppsummerer vi dei viktigaste tiltaka for å oppnå dette.  Vi ber om at innspela våre blir innarbeidde frå Flora kommune si side i det vidare arbeid med Miljø- Transport- og Arealplan (MTA) for Guleslettene vindindustriområde.

Endringar føreslege av Zephyr 19.10.2017:

I sitt nye framlegg til plassering av turbinar inne i Guleslettene industriområde har Zephyr gjort vesentlege endringar samanlikna med dei planane som er grunnlaget for konsesjonen, og som Flora bystyre la til grunn for sitt fleirtalsvedtak for støtte til tiltaket (sjå Fig. 1 – grøne sirklar er tidlegare utgangspunkt for plassering av vindturbinar). Dei føreslegne endringane medfører at ei rekke turbinar no blir flytta sørover mot kanten av planområdet. Dette kjem til å påverke friluftslivet, den visuelle ureininga og naturområda som grensar mot planområdet svært negativt. I tillegg vil flyttinga av turbinane nærare Florø by , stikk i strid med føresetnaden til Flora bystyre, føre til at nordre synsfeltet frå byen fullstendig vil verte dominert av vindturbinane. I tillegg vil fleire urørte vassdrag i planområdet, inkludert drikkevasskjelder, bli utsett for ureining frå kjemikaliar og oljeavfall, slik erfaringar frå andre vindindustriområde viser. I konsesjonssøknaden var det enno att naturområde på Guleslettene som kunne bli nytta til friluftsliv, og som i mindre grad ville verte påverka av visuell ureining, støy og vegutbygging. Desse områda vert effektiv øydelagt som friluftsmål med Zephyr sine nye forslag til plasseringar.  Dei utførde visualiseringsanalysane og støyberekningane Zephyr har fått utført i konsesjonssøknaden er i så måte verdilause.

Vi ser det som avgjerande at dette industriområdet vert drifta etter høgaste oppnåelege miljøstandard, og tek det som gjeve at både Zephyr og involverte investorar har dette som utgangspunkt. Flora kommune og brukarane har inngåande kjennskap til Guleslettene og bruken av dei tilgrensande områda. Saman med Zephyr har vi difor gode forutsetningar for å påpeike, forebygge og redusere dei negative miljøeffektane etableringa av industriområdet vil føre med seg. Vi avviser difor det nye forslaget til Zephyr, men kan vere villige til å drøfte mindre justeringar av dei turbinplasseringane som vart presentert i konsekvensutgreiinga.

Figur 1. Biletet viser Zephyr sitt siste framlegg (MTA) til plassering av vindturbinar på Guleslettene. Framlegget medfører store endringar i høve Flora bystyre sine føresetnader for vedtak om å støtte anlegget og vil medføre auka miljøulemper.  Med lokalkunnskap om området kan vi ved å justere desse plasseringane vesentleg dempe miljøpåverknaden både innanfor og utanfor området.

Vassdrag i planområdet

Samfunnsplanen i Flora kommune seier mellom anna:

Flora har forplikta seg til å verne om sine vassdrag og økosystem. Det er fisk i dei fleste av vatna på Guleslettene. Sidan det er lite jordsmonn og dermed dårleg bufferkapasitet i området, vil ureining raskt finne vegen ned i vassdraga. Fleire av desse fungerer som drikkevasskjelder for gardane som ligg langs kysten, utan at dette er kartlagt fullt ut. Det vil vere ulik skadeomfang på vassdraga ved bruk og lekkasjer av olje og kjemikalier ved vedlikehald og havari av turbinar. Sidan alle vatn og vassdrag i området er relativt små og grunne kystvassdrag; og det frå Zephyr si side er planlagt kort avstand mellom vassdraga og fleire vindturbinar, vil det oppstå kritiske miljøskader ved bruk av kjemikaliar til vedlikehald av turbinane og ved havari, sidan oljen/kjemikalia går direkte i elvar/bekkar grunna dårleg bufferkapasitet.  Ut frå dette, og samfunnsplanen for Flora kommune med vedtak om forpliktande vern av sine vassdrag og ferskvassbaserte økosystem (vist over), er det Flora kommune sitt syn at alle turbinar må trekkast ut av nedslagsfelta til vassdraga innafor kommunegrensa.

Friluftsliv i planområdet

Sogn og Fjordane Turlag har kåra Guleslettene til det mest konfliktfylte (for friluftsliv) av alle dei planlagde vindkraftverka i Sogn og Fjordane. Den suverent mest brukte “inngangsporten” for friluftsliv, er parkeringsplassane sør for Magnhildskartunnelen. Den store parkeringsplassen nær tunnelopningen vert mest brukt for skiturar, men for ein del også i samband med fotturar. Den mest brukte parkeringsplassen for fotturar, er den som ligg like sørafor, på sørvestsida av elva som renn ut frå Kupevatnet. Viss det er brukbart vêr og føre, er det nesten alltid folk som går på tur der, uansett kva dag i veka det er. Bruken har etter kvart vorte omfattande, og har auka svært mykje dei siste åra. Døme:

I 2011 var det 293 personar som skreiv seg inn i turboka på Terdalskeipen (kjelde: eigen telling av boka). I 2017 var det 904. (Kjelde: Årsmeldinga til Flora Turlag.) Dette er altså meir enn ei 3-dobling av trafikken på 6 år. Det er også verd å merke seg at avstanden frå Akslaskaret til den sørlege enden av Terdalskeipen der turboka er lagd ut, er 2 km. Det er berre ein mindre del av dei som går tur i området som går heilt ut dit. Så talet på dei som går på tur i området, er fleire gonger større enn talet på dei som skriv seg inn i Turboka på Terdalskeipen.

Både Holten 670 moh nord for Akslaskaret og Aksla (litt over 720 m) sør for Akslaskaret er viktigare turmål enn Terdalskeipen der turboka er. Toppen på 646 m rett vest for Akslavatnet er også eit viktig turmål. Flora Turlag har ein eller fleire årlege fellesturar dit.

Iskast

Info: http://www.kvalheimkraft.no/_attachment/1389/binary/12210?download=true

  • Når vindturbinane vert plassert på grensa til planområdet vil støysonene og risikosonene for iskast strekke seg langt ut forbi planområdet.
  • Det vert fysisk umogleg å gå på ski på Guleslettene slik turbinane er føreslege plassert pga av fare for iskast. Søre Varden på Guleslettene vil ikkje lenger kunne brukast som turmål, slik ein kunne få inntrykk av i konsekvensutgreiinga
  • Isprosjektil vil kunne vere ei fare for jegerar i Sagadalen og i Kupene seinhaustes
  • Vindkraftutbyggjarar andre stader i landet forbyr ferdsel inne på vindkraftverka om vinteren. (Sjå utsnitt frå Facebooksida til Hamnefjell vindkraftverk under)
  • I konsesjonsfasen var det ein føresetnad at ein skulle kunne bruke Guleslettene som turområde også om vinteren. Utbyggjar må snarast legge fram ein forpliktande plan for kva slag bruk dei vil tillate i dette området om vinteren.

Vilkår Flora kommune må stille til ein MTA for Guleslettene industriområde

Tryggleik, drift og skånsam utbygging

  1. Eit absolutt forbod mot utvendig av-ising og anna turbinvedlikehald ved bruk av kjemikalie. All utvendig vask må skje utan kjemikalie (med varmtvatn eller liknande) og avløpsvatnet fangast og samlast opp.  Samtlege turbinar skal trekkast ut av nedslagsfelta til vassdraga i Flora kommune.
  • Vi vil ha offentleg tilgjengeleg følgjande informasjon som innarbeidast som vilkår i MTA-dokumentet:
    • Ei komplett oversikt over kva slag flytande oljar, glykol og andre miljøgifter som fins i kvar enkelt vindturbin
    • Tilsvarande oversyn over vedlikehaldsprosedyrar og vedlikehaldsprodukt.
    • Ei oversikt over kor ofte en byter olje og andre miljøfarlege stoff i turbinane og korleis desse vert transporterte vekk og handterte av utbyggjar
    • Fullstendig oversyn over prosedyrar, teknologi, utstyr for oppsamling og handsaming av utslepp rundt kvar turbin
    • Ingen turbiner skal plasserast slik at de kan forurense ei vasskjelde direkte, for eksempel ved havari
  • Tiltakshavar skal bygge nye drikkevassanlegg for oppsittarane som i dag nyttar Terdalsvassdraget som drikkevasskjelde, før Guleslettene vindindustriområde startar opp produksjon av vindkraft.  Anlegga skal ha minst like gode tekniske løysingar som eksisterande anlegg
  • Vi vil ha offentleg tilgjengeleg loggføring av uønskte hendingar
  • Eigne skriftlege rutinar for handteringa av kjemikaliar/olje samt skriftleg formulerte rutinar for responstid og handtering av olje/kjemikalie på avvegar ved uønska hendingar
  • All transport i driftsperioden for anlegget må være med el-bilar
  • Zephyr må trekke vindturbinane minst 300 meter vekk frå grensa til planområdet
  • Rutinar for varsling ved fare for ising må etablerast. Både internettløysing og SMS-varsling
  1. Vegar og oppstillingsplassar må leggjast slik i naturen at dei er minst mogeleg synlege og slik at det ikkje vert behov for store skjæringar og høge fyllingar.
  2. Flankeskjæringar som vert synlege i fjellsida frå Florø-sida og frå Frøysjøen må unngåast.
  3. Utbyggjar må foreta ei fullstendig opprydding av sprengstein omkring vegar og oppstillingsplassar. Denne oppryddinga må inkludere all sprengstein – også den som ligg utanfor der armen på gravemaskina rekk og som ofte ikkje vert fjerna.
  4. Der er svært lite jord og torv på Guleslettene og vi krev at utbyggjar vernar det vesle som er der.
  5. Det er vanleg å dekkja til flanken av vegane med jord som vert sådd i. Kommunen må krevja at det vert lagt fram ein klar plan for kva som skal gjerast med å dekkja til vegsidene og kvar denne jorda skal takast frå.
  6. Guleslettene vert liggjande midt i fugletrekket langs kysten. Med den føreslegne plasseringa av fleire turbinar lenger vest enn omsøkt må det på plass nye, uhilda undersøkingar gjennomført av uavhengige institusjonar som NOF, på kor mykje trekkfugl og annan fugl som vert kverna i hjel av turbinane på Guleslettene.
  7. Nyleg vart det gjort ei undersøkjing i Sverige på korleis dei forskjellige vindturbintypane som vert brukt i Norden tilfredsstiller krava til arbeidsmiljø i Sverige. Undersøkinga fann eit stort tal bristar på arbeidsmiljølova. Ti av tolv undersøkte turbinfabrikantar tilfredsstilte ikkje dei krav dei var pålagde. De to gjenverende hadde også bristar og eit salsforbod blir vurdert.  I særdelesheit var der mange funn omkring utilstrekkeleg sikkerheit for de som arbeider i turbinane. Dei problematiske turbintypane vart forbodne å selja inntil krava vart oppfylde. Vi ber om at kommunen krev at den typen turbinar som skal installerast på Guleslettene oppfyller alle krav i arbeidsmiljølova – dei same krava som ein har i Sverige.  https://www.nyteknik.se/energi/tio-av-tolv-forbjuds-salja-kraftverk-6868532

Vilkår for å berge friluftslivet

Turbinane T27 og T32 er ekstremt uheldige for friluftslivet fordi dei kjem midt oppe på toppen av to av dei viktigaste turmåla. T31 har også fått ei uheldig plassering og burde vore flytta lenger nord til den plasseringa som står i konsesjonssøknaden. Vegane i tilknyting til desse turbinane, og arealet på minst 1.000 m2 som skal planerast ut ved sida av kvar turbin, er også veldig uheldig for desse turbinane. Aller verst slik er T27, ettersom den vil krysse hovudturstien vestover, men T32 er også svært ille.

T21, T22, T23 og T26 er visuelt, og også når det gjeld støy (spesielt T26), uheldige for friluftslivet fordi dei kjem “midt i utsikten” frå Akslaskaret, Aksla, Terdalskeipen, Holten og topp 646.

T36 og T37 kjem nær ved utgangspunktet for dei aller fleste turane i området, og vil både visuelt og når det gjeld støy vere svært uheldige.

Dei aller mest attraktive områda for barnefamiliar finn ein her:

* På sør og vestsida av Kupevatnet.

* Ved den sørlege delen av Langevatnet.

* Ved Rundevasstjønna.

* Ved Rundevatnet, særleg på austsida.

For alle desse områda vil dei nye plasseringane av turbinane T36, T37, T32 (dei 3 verste) og T31 vere svært uheldige både visuelt og når det gjeld støy. For ein del vindretningar, mellom anna når det er “nordavind og godvêr” vil støyen frå desse turbinane verte spesielt ille fordi det kan vere ganske kraftig vind der turbinane står, medan friluftsområda ligg i “vindskugge” slik at støyen vil høyrest ekstra godt.

Med dei turbinplasseringane som stod i konsesjonssøknaden, var dei 4 barnefamilievenlege områda nemnde ovanfor, og turstien frå parkeringsplassane og fram til Akslaskaret, relativt bra skjerma for verknadane av vindkraftverket. Vindkraftverket ville avgjort verke forstyrrande, men ikkje heilt øydeleggande. Med dei nye turbinplasseringane vil desse viktige friluftsområda i altfor stor grad verte øydelagde visuelt og av støy.

Omsyn til vassdrag, fiskevatn og jakt i og utanfor planområdet

Det må teiknast inn grenser for nedslagsfelta for alle vassdraga i Flora kommune og turbinane må trekkast ut av nedslagsfelta med god margin – minimum 300 meter.  Dette arbeidet må gjennomførast som del av MTA-prosessen og før Flora kommune slutthandsamar sitt arbeid med MTA-dokumentet.  Følgjande turbinar må umiddelbart flyttast:

T21 vil utgjere ei fare for hjortejegerane ved isingsforhold og lage ei stor støysone omkring Kupevatnet og Terdalshytta. Støyen den genererer vil gjere området mindre attraktivt for utleige av hjortejakt, noko som er ei viktig inntektskjelde for grunneigaren. Den vil og vere visuelt dominerande sett frå Florø og må flyttast vesentleg lenger nord.

T32, T26 og T27  er skrive om i kapittelet om friluftsliv og har ei svært uheldig plassering. Dei trugar det fiskerike Akslavatnet og Terdalsvassdraget, som er ei drikkevasskjelde, ved kjemikalie- og oljeutslepp. T32 må trekkjast vesentleg lenger nord og aust. T26 og T27 må trekkast nordover og ut av nedslagsfeltet til Terdalsvassdraget, eller fjernast heilt. Dette for å eliminere risiko for olje og kjemikaliar  i Terdalsvassdraget/Akslaskarvatnet.

T04, T05,T06 og T07 vil utgjere ein risiko for hjortejegerar i lia som ligg vest for Guleskarsvatnet ved isingsforhold. Dei ligg og for nære den DNT-merka turstien og støy og isprosjektil  vil vere øydeleggande for bruken av området. Desse turbinane vil også generere støy som når ned i Uradalen, ein kystfuruskog med nasjonal/regional verneverdi og fleire raudliste-artar (Hanssen U, 2016). Dei må difor flyttast lenger nord.

T18 og T14 vil kunne sende isprosjektil ned i Sagadalen og vil utgjere ei fare for hjortejegerar. Støyen dei genererer vil sterkt påverke jaktopplevinga og redusere utleigeverdien av hjortejakta for grunneigaren.

Omsyn til visuell ureining:

Zephyr sine føreslegne plasseringar av vindturbinar i sørhellingane av Guleslettene mot Florø by vil gjere at ein får vindturbinar i ulike høgder og med ulik bakgrunn (fjell eller himmel). Dette vil gje eit svært rotete inntrykk og auke risiko for refleksblink. Kvelds- og nattetid vil det verte mange blenkande, raude lys i ulike høgder som får dominere den nordlege synsranda frå Florølandet. Turbinane vest for Guleskarvatnet vil også verte meir framtredande frå Florø, og fleire vil verte synlege frå Årebrotet og frå dei mange gravstadane og kulturminna langs strendene. Dette bryt klart med intensjonane i konsesjonssøknaden og forutsetningane Flora bystyre sette for å støtte etableringa av industriarealet.

Omsyn til overvaking og forsking:

Langevatnet er ein av 2 innsjøar (den andre er i Indre Sogn) i Sogn og Fjordane som er med i eit forskingsprosjekt om langtransportert luftureining i regi av Miljødirektoratet og Norsk Institutt for vannforskning (NIVA). Prøveseriane er lange. Vår vurdering er at det er stor sjanse for at det er ein betydeleg fare for at Langevatnet – viss utbygging – blir verdlaust for slik forsking. Spesielt ille blir det viss det blir brukt kjemikaliar for å reinse turbinane, viss det blir oljesøl og/eller andre utslepp i nedslagsfeltet.

Miljøovervåking: https://brage.bibsys.no/xmlui/bitstream/handle/11250/2430635/7078-2016_72dpi.pdf?sequence=4

Forfattarar:

Jon Anders Stavang, Naturvernforbundet

Alvar Melvær, Sogn og Fjordane Turlag

Sveinulf Vågene, La naturen leve