Eit klart nei til vindkraftprosjektet ved Okla på Stadtlandet!

Naturverforbundet i Sogn og Fjordane leverer 12.01.2014 klage til NVE på konsesjonen til vindkraftverk på Okla på Stadlandet.

Thorleif Jakobsen

Skulevegen 92

6770 Nordfjordeid                                                                                                  12.01.2014


NVE – konsesjonsavdelinga

nve@nve.no Brevet sendast kunn elektronisk.

Klage på konsesjon til Okla vindkraftverk på Stadlandet i Selje kommune

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane klagar med dette på vedtaket i NVE av 17.12.2013 om å gje Vestavind Kraft AS løyve til å byggje ni vindturbinar på Stadlandet.  Som grunnlag for klagen viser vi til dokumentet med bakgrunnen for vedtaket.

Vi meiner NVE har undervurdert dei negative konsekvensane av kraftanlegget, og at skadane tilseier at konsesjonen er i strid med naturmangfaldlova.  Vi kan heller ikkje sjå at NVE har gjort greie for føremonane ved vindkraftanlegget på ein måte som tilseier at nytten for samfunnet er større enn ulempene.

Skadane på natur og landskap

NVE refererer tre konsekvensutgreiingar om naturtypar og biologisk mangfald, frå 2005, 2007 og 2013.  Det siste er ei tilleggsutgreiing som NVE bad om.  Den siste utgreiinga, frå Norconsult, konkluderer med vesentleg mindre negative konsekvensar enn dei to første.  Gjennomgåande har NVE lagt mest vekt på den siste, frå 2013, utan at vi kan finne noko sakleg dekning for det.

Naturtypar

Området inneheld to sjeldne og dermed viktige naturtypar:  kystlynghei og terrengdekkande myrar (kystnedbørsmyrar) .  Dei to første fagrapportane, Direktoratet for naturforvaltning, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen, fylkesmannen, fylkeskommunen og fleire har framheva den store verdien, og hevda at dei negative konsekvensane er store.  Av den regionale planen for vindkraft går det fram at konfliktpotensialet i utbyggingsområdet er stort, det nest høgste i Sogn og Fjordane.

NVE fester einsidig lit til den siste fagrapporten, der Norconsult kjem til at verdien av kystlyngheia er mindre enn andre har hevda, fordi dei har sett nokre einerbusker og meiner heia held på å gro til.  Også myrane ser dei liten verdi i, dei skal vere forstyrra av tidlegare torvtekt.  Ein lokalitet som av kompetente kartleggjarar tidlegare er karakterisert som verneverdig og gitt verdi Svært Viktig, har dermed blitt karakterisert som utan verdi.  Dette skreiv fylkesmannen til NVE etter synfaringa i 2013, utan at det har hindra direktoratet i å halde fast ved konklusjonen i fagrapporten av 2013.

Generelle trugsmål som gjengroing av kystlyngheiar har i naturforvaltninga vore eit argument for å ta vare på naturtypar, særleg når det er lite av dei og når nedgangen er stor.  Etter kvart er det også utført ein del tiltak for å hindre attgroinga. Stadlandet er utan tvil eit område der gjengroinga er komen mindre langt enn dei fleste andre stader som har kystlynghei.  Etter vår oppfatning er det i strid med etablert og fagleg basert oppfatning å skrive ned verdien av heia på Gullane med den grunngjeving at der er tilløp til gjengroing der.

Kystlynghei er ein sterkt truga naturtype som er i sterk nedgang.  Dette tilseier at det skal svært gode grunnar til for å forsvare at vesentlege inngrep i denne naturtypen er i tråd med § 4 i naturmangfaldlova.

Fagrapporten av 2013 er det einaste dokumentet som vi kjenner til der tidlegare torvtekt vert brukt som grunngjeving for å gjere verdien av kystnedbørsmyrar mindre enn det som er den utbreidde oppfatninga mellom fagfolk.  Tore Larsen hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane mistenkjer at rapportforfattarane har mistolka ein del naturleg erosjon som inngrep av menneske.

Etter naturmangfaldlova (nml.)  § 4 er forvaltningsmålet for naturtypar å ta vare på dei innanfor deira naturlege utbreiingsområde og med det artsmangfaldet og dei økologiske prosessane som kjenneteiknar den einskilde naturtypen.  Målet er å ta vare på funksjonar, struktur og produktivitet i økosystemet.  Dette må vere styrande for forvaltninga i synet på naturkvalitetar, også i saker som vert avgjort etter andre lover enn nml.

Etter vår oppfatning er ei avgrensa torvtekt å samanlikne med hogst i skog.  Innanfor visse grenser treng ikkje hausting av tre i skogen gå ut over dei måla som nml. har sett opp.  På grunn av potensialet på staden har det hendt at skog er oppretta som naturreservat sjølv om delar av arealet var avverka.  Det kan ikkje vere sakleg dekning for å hevde at avgrensa torvtekt for mange år sidan i nemnande grad har redusert kvalitetane ved myra, så lenge den naturlege utviklinga får gå sin gang og den fjerna torva gradvis vert erstatta av ny.

Vi meiner etter dette at fagrapporten av 2013 og NVE ikkje har lagt fagleg relevante moment til grunn for sin karakteristikk av kystlyngheiane og kystnedbørsmyrane, og at vedtaket byggjer på feil oppfatning av realitetane på dette punktet.  

Fugl

NVE meiner at tiltaket åleine ikkje vil ha noko å seie for den regionale eller nasjonale bestandsutviklinga for truga og sårbare arter, og jamfører dette med §5 i naturmangfaldlova.

Nml. handlar ikkje berre om truga eller sårbare artar.  Ho har som mål at alle artar skal ha så mange individ at dei overlever.  I sitt notat til NVE peikar Tore Larsen hos fylkesmannen på at kunnskapsmangelen på dette feltet er størst for andre artar enn rovfuglar, og at fagrapporten av 2013 ikkje byggjer på kunnskap når oppfatninga er at trekkfuglar held seg mest over havet lenger vest enn det planlagde vindkraftområdet.  Notatet ligg ved som ei framstilling det etter vår oppfatning er meir grunn til å feste lit til enn fagrapporten.

Forfattarane av rapporten vedgår at kunnskapen om vindturbinar og trekkfugl i Noreg er svært avgrensa.  Dei påstår likevel at risikoen for kollisjonar er liten og at den negative konsekvensane er liten til middels.  NVE har lagt denne oppfatninga til grunn for sitt standpunkt.  Dette er det omvende av føre var-prinsippet, som er den lovfesta retningslina for offentleg forvaltning i slik tilfelle.  Prinsippet er ikkje absolutt, men det inneheld eit tungtvegande omsyn å ta i avgjerdsprosessen (Inge Lorange Backer:  Naturmangfoldloven.  Kommentarutgave, Oslo 2010).

Når rapporten frå 2013 set konsekvensane for fugl til middels-lite negative, medan karakteristikken var store negative i 2007-rapporten, er det ikkje i 2013 lagt fram kunnskap som tilseier at vurderinga i 2007 er eit mistak.  Etter vår oppfatning er ikkje problemet for ein art som var truga borte av den grunn at talet på individ har gått opp og arten dermed på raudlista har hamna i ein kategori for mindre truga.  Denne utviklinga er i tråd med nasjonale miljømål.  Men dersom utviklinga blir brukt til å slakke på omsyna til arten, kan konsekvensen lett bli eit tilbakesteg til meir truga kategoriar.  Ein art som nyleg var truga, har neppe vakse til eit omfang som gjer populasjonen robust mot negative element i leveområdet.  Etter endring over relativt kort tid, er det også grunn til å vere varsam fordi oppgangen kan ha tilfeldige årsaker som ikkje varer.

På grunnlag av notatet frå Tore Larsen og vurderingar frå ornitologar vi reknar som kapable, er vår oppfatning at største feilen i vedtaket ligg i at NVE avviser vindturbinane som fare for trekkfugl forbi Stadlandet.  Påstanden om at trekkvegane ligg lenger vest, kan vi ikkje sjå at NVE har lagt fram noko kvalifisert, kunnskapsbasert dekning for.

NVE har etter vår oppfatning lagt nesten einsidig avgjerande vekt på den fagrapporten som konkluderer med dei minst skadelege effektane på fuglelivet.  Dette gjeld både rovfugl og trekkfugl, men det er ikkje mogeleg i grunngjevinga for vedtaket å finne opplysningar som tilseier at andre fagfolk som har vurdert saka, har noko mindre grunnlag for sine konklusjonar.  Vi meiner òg at NVE har brukt naturmangfaldlova på ein måte som ikkje er i samsvar med lovteksten, når dei til dømes hevdar at tiltaket vil ikkje vere i strid med nml. § 5. 


Heilskapen i landskapet Stadlandet

Olje- og energidepartementet avslo ein tidlegare søknad frå Statkraft om konsesjon til eit vindkraftverk på Hoddevikfjellet, fjellryggen sør for Morkadalen.  Vi er samde i at dei direkte og negative konsekvensane av det prosjektet ville vore større enn for Okla.  På Hoddevikfjellet var det planlagt ei vesentleg større utbygging (70 MW), og dei visuelle påkjenningane ville rekke lenger der.  På den andre sida ville produksjonen, og dermed den pårekna samfunnsnytten også vere større.  Dei større konsekvensane på Hoddevikfjellet kan ikkje i seg sjølv vere nokon grunn til å gje konsesjon på Okla.

Vesentleg bør det vere at Stadlandet er ein heilskap av eit særprega landskap som vi ikkje finn andre stader i landet.  I det faglege grunnlaget for den fylkeskommunale vindkraftplanen kjem Stadlandet fram som det kanskje mest konfliktfylte området i fylket.  Dette er også i samsvar med vurderingane frå Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning.  Denne heilskapen kjem i liten grad fram i dei konsekvensvurderingane som ligg til grunn for vedtaket i NVE, og som tek for seg kvart tema isolert frå dei andre.  I nokre tilfelle er dei samla kvalitetane i eit større landskap så store at tiltak som vindkraftverk ikkje bør få konsesjon.  Stadlandet er eit slikt landskap.


Ut frå det som er sagt ovanfor, meiner Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane at dei negative konsekvensane av eit vindkraftverk på Okla er så store at ein relativt liten kraftproduksjon ikkje kan forsvare inngrepet.

Med helsing

Thorleif Jakobsen (sign.)

leiar


Vedlegg til klagen:

NOTAT
Synspunkt på Norconsult-rapport ”Okla vindpark – Tilleggsutredninger. Fugl og naturtyper” (2013-06-24 oppdragsnr. 5132357)
Under sluttmøtet for Okla vindkraftverk 26.9.13 blei det lagt fram ein rapport med tilleggsutgreiingar om fugl og naturtypar, som var blitt utarbeidd i løpet av året. Rapporten var ukjent for Fylkesmannen, og vi takkar derfor for høvet til å kome med synspunkt på den.

Feltarbeid i samband med rapporten er gjennomført av Kjetil Sandem og Leif Simonsen når det gjeld fugl, og Torbjørn Kornstad og Leif Simonsen når det gjeld naturtypar.  Rapporten ser ut til å vere  skriven av Kjetil Sandem og Torbjørn Kornstad, med fagkontroll av Leif Simonsen.

Kjetil Sandem har ein mastergrad i naturforvaltning frå UMB/Ås 2011. Masteroppgåva dreier seg ifølgje nettsida til Ask Rådgivning (Norconsult) om konkurransetilhøvet mellom laks og sjørøye i ei elv i Finnmark. Graden bestod elles av hovedkurs i miljø- og reguleringsrett, naturbasert reiseliv, forvaltning av ferskvannsfisk og viltforvaltning.

Leif Simonsen er naturforvaltar frå Ås, 1996. Han har ifølgje Ask Rådgivning høg kompetanse innan naturvern, vilt og fisk. Det går fram at det viktigaste fagfeltet har vore arbeid med EU sitt vassdirektiv (karakteriseringsarbeid), fagdatabasar knytt til vatn, og forureiningsrekneskap. Når det gjeld naturtypekartlegging blir det på heimesidene gitt tre døme på tidlegare arbeid: ”Vurdering av naturverdier på næringsareal/strandtomt på Nøtterøy (2006), Biologisk mangfold Hof kommune (2004), Biologisk mangfold rundt Gjønnesvannet (2004)”.

Torbjørn Kornstad er etter det eg forstod (spørsmål til Leif Simonsen under møtet i Selje) student på Ås.

Fugl

Rapporten frå Norconsult fastslår i del 2.1. at det spesielt er kunnskapen om rovfugl og deira bruk av influensområdet som tidlegare har vore mangelfull. Dette kan eg ikkje sjå er rett; tvert om er det førekomst av rovfuglar vi har mest detaljert kunnskap om i dette området. Tilleggskrava framsett av NVE nemner ikkje rovfugl spesielt. Kvifor Norconsult har valt å fokusere på rovfugl er derfor uklårt, særleg ettersom det står på side 17 at ”Bestanden av kongeørn og havørn synes å være stabil på Stad, og den er godt kartlagt (Folkestad pers. medd.).” Etter ei rask gjennomlesing kan eg da heller ikkje sjå at det kjem fram noko nytt om rovfuglane i området. Det er godt kjent at rovfuglar som er tilpassa glideflukt på oppstigande luft frå oppvarminga av landmassar nødvendigvis må glidefly inne over land med jamne mellomrom, og at trafikken mellom hekke- og næringsområde ved Stad i stor grad må gå over land (og ikkje lange omvegar langs kyststripa).

Det eg gjerne skulle sett meir data om, og som også hadde vore meir i tråd med NVE sine tilleggskrav, hadde vore ei kvantifisering av hekkande fuglar i plan- og influensområdet, gjennomført som linje- eller flatetaksering gjennom dei tre dagane som blei brukt i området. Ein hadde da i større grad kunne kartfeste funn av hekkelokaliteter, trekkruter og fødeområder for rødlistede arter og ansvarsarter, som det står formulert i tilleggskrava frå NVE. Det mest interessante som kjem fram om fugl i influensområdet er førekomst av den raudlista sanglerka ”i forholdsvis stort antall”, og at det blei registrert eit sangsvanepar i Sævatnet. Dessverre er ikkje tal sanglerker kvantifisert, noko ein kunne ha oppnådd gjennom ei enkel taksering. Da kunne ein også kartlagt fordelinga av hekketerrirorium, og funne ut om desse er konsentrerte til planområdet eller om arten hekkar jamt fordelt over eit større område.  Arten er klassifisert som sårbar (VU) på raudlista på grunn av sterk tilbakegang, og er i Sogn og Fjordane dei siste ti åra ifølgje Artskart berre registrert syngande i tre hovudområde (Stad, Værlandet/Bulandet og Vangsnes) med enkeltobservasjonar frå tre andre stader.

Det temaet som i utgangspunktet hadde størst behov for meir informasjon er fugletrekk. På dette feltet bringer Norconsultrapporten ikkje noko nytt, tvert om finn eg det svært foruroligande at det på side 19 står at ”det blir bekreftet at fugl kan trekke over land”. Fylkesmannen har i uttaler til ulike vindkraftundersøkingar fleire gangar påpeikt det underlege i at det i delar av konsulentmiljøet ser ut til å herske ei oppfatning om at trekkfuglar i utgangspunktet flyg over sjøen. Kva denne oppfatninga skriv seg frå veit eg ikkje, men logisk sett er dette å snu ting på hovudet. Sjøfuglar og mange vadarar flyg over sjøen under trekket, men dei store mengdane av trekkfuglar held seg over land så sant dei ikkje må passere ope hav eller sund for å kome vidare. Midt på side 19 blir det sett fram ein etter mitt syn direkte villeiande påstand: ”Mesteparten av fugletrekket over Stad, og da spesielt sjøfugl, trekker imidlertid langs eller nær sjøen på vestsiden av Stadlandet og således noen kilometer unna det omsøkte planområdet.” For sjøfugl er dette rett, men for trekkfuglar generelt er påstanden basert på manglande fagkunnskap, presentert som om det skulle vere fakta.

Som nemnt på møtet finst det mye generell kunnskap om trekkfuglar og fugletrekk (korleis dei finn fram, korleis trekket blir påverka av vértilhøve, når på døgnet dei flyg osv.) men lite konkret kunnskap om sjølve trekkleiene i Noreg. Eg meiner likevel at vi ut frå den generelle kunnskapen kan utleie ein heil del. At fuglane (særleg under det omfattande hausttrekket, da årets produksjon av ungfuglar frå Nord-Skandinavia og Kola skal sørover) unngår å fly over ope hav; at dei samtidig har energimessige avgrensingar og unngår altfor store omvegar, at dei (i alle fall på direktetrekk) sparar energi ved halde seg i relativt jamn høgde, og t.d. at dei under nattrekk orienterer seg etter lyden av brenningar frå kysten i tillegg til ei heil rekke andre orienterings- og navigeringssystem.

Eg finn ut frå slike betraktningar lite hald i påstanden (også side 19) om at ”Planområdet er trolig av de mindre viktige områdene på Stad for trekkende fugl, da området er plassert godt inne på halvøya samt beliggende oppe på et fjellplatå.” Tvert om er det, ut frå momenta ovanfor,  sannsynleg at ein god del av trekket går over akkurat dette området. Det vil gjelde dei fuglane som kjem inn i retning frå ytre Sunnmøre over til Stadlandet . Desse vil skjere tvers over planområdet i retning Fure, der dei har kortaste vegen over til Vågsøya i sør. Alternativet er å bøye av sørover, og følgje Stadlandet sørover før trekket held fram mot sørvest i retning Bremangerlandet og ytre Flora. Kor mange trekkfuglar som gjer det eine eller det andre er ukjent, men eg finn uansett inga støtte til konklusjonen om at verdien av planområdet for fugletrekk er liten til middels. At det ved Stad passerer ikkje berre sørtrekkande fuglar, men også fugl som skal over til Storbritannia, tilseier heller at området har høg verdi for fugletrekk.

Naturtypar

Lokalitetar med prioriterte naturtypar i området blei avgrensa av Jon Bjarne Jordal (2005). Vi hadde som eit ankepunkt mot Jordal si undersøking at den var gjort i slutten av september, og at fleire plantartar da vanskeleg kunne påvisast. Sjølve avgrensinga av naturtypelokalitetane har vi derimot ikkje merknader til, og reknar med at dette er gjort tilfredsstillande ettersom Jordal er anerkjent som ein av dei beste i landet innanfor fagfeltet naturtypekartlegging. Jordal sine omtalar av lokalitetane i området er da også tatt direkte inn i den oppdaterte naturtypekartlegginga for Selje kommune  (Dag Holtan, 2012) og vil såleis også hamne i Miljødirektoratet sin Naturbase når Fylkesmannen har fått gjennomført den tekniske tilrettelegginga for innlegging i Naturbasen.

Jordal sine lokalitetar 4 og 5, terrengdekkande myr, overlappar med planområdet i øvre del. Terrengdekkande myr er ein sjeldan naturtype som Noreg har eit spesielt ansvar for, og den er klassifisert (kalt kystnedbørsmyr) som sårbar (VU) i raudlista for naturtypar. Jordal har gitt sin lokalitet 4 verdi A, og lokalitet 5 verdi B etter DN-handbok 13. Av Norconsult-rapporten går det fram at hovudgrunnlaget for verdisetjinga er at områda er sterkt påverka av torvuttak, og at dei derfor ikkje får anna enn liten verdi . Om begge står det at ”Myrområdet er ikke intakt og innehar derfor ikke lokal verdi.” Bruken av omgrepet lokal verdi viser truleg til DN-handbok 13, der lokal verdi tilsvarer verdi C. Det ser med andre ord ut til at Norconsult meiner at desse myrområda ikkje eingang er av lokal verdi etter DN-handbok 13. Dette er ikkje ei rett vurdering, da det berre er for å få A-verdi at området må vere intakt. Med ”mindre eller moderat menneskeleg påverknad” kvalifiserer terrengdekkande myr minst til verdi B (under nokre omstende også A). Med større inngrep kan dei få verdi C.

Kor påverka er så eigentleg dei to nemnte lokalitetane? Om lokalitet 5 seier Jordal (2005) dette: ”Dette er en mindre lokalitet med terrengdekkende myr og atlantisk høgmyr (oseaniske nedbørsmyrer). Lokaliteten er bare undersøkt i sørkant ved Kjødsnosa, og inneholder lignende vegetasjon og artsinventar som de andre tilsvarende myrene i området. Det er trolig tatt en del torv tidligere. ” Han vurderer under tvil verdien til B (i staden for A).

Om lokalitet 4 skriv Jordal dette: ”I tidligere tider foregikk torvtekt til brensel, og det finnes rester av torvveg opp fra Borgundvågen og torvløer (Fremstad et al. 1991). Sporene etter torvtekten viskes langsomt ut med tida, og området har i dag et visuelt preg av et nokså urørt naturområde.” Verdien av lokaliteten set Jordal til A, med denne grunngjevinga: ” Stad er et av de viktigste områdene for terrengdekkende myr i Norge. Dette myrkomplekset er stort, velutviklet og variert, med elementer fra også andre myrtyper (høgmyr, planmyr, intermediære bakkemyrer m.m.). Området var med i kystlyngheirapporten til Fremstad et al (1991) som skriver følgende (gjelder nesten hele vindparkområdet): «Området har større verdi som myrområde enn som heiområde i streng mening.» Moen & Olsen (1983) vurderte Breidemyra som verneverdig, men Dekkjene ble vurdert å ha høyere verdi og derfor prioritert i vernesammenheng”.

Jordal vurderer tydelegvis inngrepa frå tidlegare torvuttak som små, og knapt synlege i lokalitet 4, mens Norconsult-rapporten meiner at det same området er så påverka av torvuttak at det er heilt utan verdi. Desse synspunkta er så ulike at dei ikkje kan vere baserte på same kunnskapsgrunnlag.

Eg har studert Norge i bilder og flyfoto frå området, og kan sjå at det har blitt drive torvuttak i den sørlege, nedre delen av Jordal sin lokalitet 4. Bygningar, truleg torvhus, er også synlege på eldre flyfoto. Norconsult-rapporten viser til Moen og Olsen (1983)når det gjeld status i høve til torvuttak, men omtalen til Moen og Olsen dreier seg om Breidemyra, med oppgitt høgd over havet 300 m . Dette dreier seg med andre ord om dei nedre delane av Jordal sin lokalitet 4. Øvre delar av dei terrengdekkande myrane ser derimot ganske upåverka ut, men sjølvsagt med talrike nedskjeringar etter vannsig (nedbør). Dette er resultat av naturlege prosessar i myra si utvikling, og kan gjenkjennast på at ”skjeringane” følgjer hellinga i terrenget (i motsetnad til spor etter torvuttak, som vil skjere både på langs og på tvers). Min kollega Johannes Anonby, som på vegne av Miljødirektoratet har ansvaret for å utarbeide faggrunnlaget for terrengdekkande myr som utvald naturtype, vurderer dei terrengdekkande myrene mellom Gnullane og Kyrnosa som eit fint typeområde, med komplett gradient frå toppen (med overgang til lynghei) og ned. Dei øvre områda ser intakte ut, mens arealet lenger ned i dalen (grønare på flyfoto) ber preg av tidlegare torvuttak.

Eg lurer derfor på om konsulentane frå Norconsult rett og slett har forveksla dei naturlege prosessane i torvmyra (vannsig) med torvuttak. Det må understrekast at vi ikkje har sjekka terrenget, men ein slik konklusjon verkar sannsynleg,  vurdert frå flyfoto der vi tydeleg kan sjå korleis rennene i terrenget følgjer hellinga nedover.  Jordal (2005) skriv dessutan på side 50 at ”Stadlandet har noen av de viktigste områdene med terrengdekkende myr i Norge, en myrtype som er regnet som direkte truet. Nedre deler er oftest påvirket av torvtekt, mens øvre deler er intakte.

Det bør uansett nemnast her at Moen og Olsen, som Norconsult-rapporten viser til, trass i inngrep rangerer Breidemyra som det tredje mest verneverdige myrområdet i Selje. Å karakterisere den terrengdekkande myra ved/i planområdet som ”utan verdi” synast dermed meiningslaust under alle omstende.

Om lynghei seier Norconsult-rapporten m.a. dette (side 26): ”Både områdene P1, P3, og P4 består delvis av vegetasjonstyper som sorterer under kystlynghei i Fremstad (1997) og således er kategorisert som sterkt truet (EN) i rødlista for naturtyper (Lindgaard og Henriksen 2011). Det er likevel tvilsomt om de kan verdisettes særlig høyt, da de representerer utforminger som med unntak av noe beite ikke ser ut til å være i hevd. Disse typene utforminger er også svært utbredt i de mest oseaniske delene av Vestlandet.” Kystlynghei er ein menneskeskapt naturtype, og er derfor av dei naturtypane som det er lettast å gjenskape dersom dei har gått ut av bruk og begynner å gro igjen. At ein lokalitet ikkje ser ut til å vere i hevd, er dermed ikkje eit godt argument for å avskrive akkurat denne delen av eit stort og samanhengande område av nasjonal verdi. Hadde lyngheia vore heilt gjengrodd med skog, hadde det vore ein annan sak, men det er ikkje tilfelle her. At lynghei er utbreidd i dei mest oseaniske delane av Vestlandet er etter mitt syn heller ikkje eit godt argument for å nedskrive verdien. Det finst svært få samanhengande og relativt intakte lyngheiområde av den storleiken som planområdet utgjer ein del av, og dette tilseier etter DN-handbok 13 høg verdi (”større helhetlige kulturlandskap”).

Konklusjonar

Fugl

  • Dei sidene om fuglelivet som har fått mest fokus i rapporten (rovfugl), er dei vi visste mest om i utgangspunktet.
  • Førekomsten av andre fuglar i plan- og influensområdet er ikkje kartlagt. Det er opplyst kva artar som blei observerte, men tal fuglar er berre unntaksvis oppgitt, og rapporten gir ingen kartfesting av førekomstane med tilhøyrande vurdering av tal hekketerritorium.
  • Funn av ein sårbar art (VU) er berre oppgitt som påvist ”i forholdsvis stort antall”. Det er ikkje klarlagt i kva grad arten er knytt spesielt til planområdet, eller om den finst hekkande i eit langt større areal og såleis vil bli mindre påverka av ei utbygging.
  • Vurderingane om fugletrekket i området tilfører lite nytt, og det som blir lagt fram er farga av mistydingar om at fugletrekk i utgangspunktet går over sjø. Det er gjort ein gjennomgang av litteratur om vindkraft og fugletrekk, men her er det nok ein gang fokus på sjøfuglar.

Nokre kommentarar til eit utdrag frå konsekvensvurderinga for fugletrekk på side 32:

– ”Samtidig har utenlandske studier vist at flere av de aktuelle fuglegruppene viser unnvikelsesadferd og således vinkler av før de passerer vindparkområdet”.  Dei studiane det blir vist til her, gjeld så vidt eg kan sjå alle for sjøfuglar og havvindanlegg.

– ”I dårlig vær er det opplyst at trekkende fugl gjerne benytter forsenkningene i terrenget. Slike forsenkninger blir fort flaskehalser, men samtlige turbiner er plassert på høydedrag og ingen av de planlagte turbinpunktene framstår som «problemturbiner» i så måte.” Opplysninga om bruk av forseinkingar i terrenget skriv seg frå Jordal (2005), som på si side spekulerar omkring emnet. Men om det er slik at fuglane følgjer forseinkingar i terrenget i dårleg ver, betyr ikkje dette at vindmøllene er problemfrie under meir normale vértilhøve. Tvert om vil eg påstå det er sannsynleg at hausttrekkande fuglar på veg nedover den ytre Sunnmørskysten passerer akkurat over planområdet. Orienteringa av vindmøllene aust-vest skaper i så fall ein plasseringsmessig maksimal barriereeffekt.

– ”Av fugl som er kjent at trekker over land og som trolig kan trekke gjennom vindparkområdet er mindre fugl som spurvefugl. Spurvefugl har vist å ha svært lav kollisjonsrate ved passering av vindkraftverk, og angående kollisjonsrisiko for spurvefugl er trolig utenlandske studier relativt godt overførbare til norske forhold.” Noko av det ein best kjenner til om spurvefuglar i denne samanhengen  er at dei ikkje blir liggande lenge i terrenget etter at dei er daude, og at det derfor er svært vanskeleg å få gode data om kollisjonsomfang (til og med for så store fuglar som havørn har det vore eit problem at åtseletarar fjernar daude fuglar raskt og effektivt). At ein har funne få vindmølledrepne spurvefuglar betyr med andre ord ikkje at det er få kollisjonar. Undersøkingane på Smøla tyder på at daude fuglar forsvinn svært raskt, gjerne i løpet av ein dag.

– ”Større arter som for eksempel skarv og gjess vil ha en høyere kollisjonsrisiko, men vindparkområdet har høyst sannsynlig ingen viktig funksjon som trekkområde for disse artene.” Spekulasjon på svakt grunnlag om trekkområde, men i godt ver vil nok desse fuglane fly høgare enn vindmøllene kan nå (dersom dei ikkje rastar i regionen rundt, og derfor kjem inn i området i lågare høgde).

Naturtypar

  • Nye konklusjonar om verdien av terrengdekkande myr i området ser ut til å kunne bygge på manglande kompetanse om utforminga av denne myrtypen (at naturlege nedbørskanalar og sig i myra er forveksla med spor etter torvuttak). Ein lokalitet som av kompetente kartleggjarar tidlegare hhv. er karakterisert som verneverdig og gitt verdi Svært Viktig, har dermed blitt karakterisert som utan verdi.
  • Manglande funn av den karakteristiske hinnebregna i lokaliteten Storelva tyder på at konsulentane har hatt avgrensa botanisk kompetanse. Jordal fann både hinnebregne og fleire kravfulle oseaniske moseartar som ikkje er omtalte i den nye kartlegginga.
  • Lokalitetar med prioriterte naturtypar i plan- og influensområdet var i utgangspunktet godt kartlagde, og behovet for ekstrakartlegging var særleg knytt til å sjekke om det kunne vere interessante/sjeldne karplantar i området. Dette er gjort, men samtidig har Norconsult valt å gi ei ny verdivurdering av området berre ut frå si eiga kartlegging av blomsterplantar, og har sett heilt bort frå data frå tidlegare kartlegging med informasjon om artar utanfor eige kompetanseområde. Her skulle ein sjølvsagt ha innarbeidd resultata frå begge kartleggingane, og verdivurdert ut frå dette.
  • Det er gjennomført karakterisering og verdisetting av myr utan nødvendig kompetanse om mosar (som myr i stor grad er bygd opp av), og utan at mosefloraen er undersøkt.
  • Det er brukt som eit argument for å nedklassifisere verdien av tidlegare kartlagde område at dei ikkje ligg i DN/Miljødirektoratet sin Naturbase (del 3.2.2., lokalitet nr 1). Grunnen til at omtalte lokalitet ikkje ligg i Naturbasen, er at Fylkesmannen har manglande kapasitet til å få lagt inn ”ekstralokalitetar” som kjem inn på sida av dei vanlege (årlege, kommunevise) kartleggings-prosjekta.

For naturtypar kan det dermed sjå ut til at den nye kartlegginga frå Norconsult er meir villeiande enn avklarande. Ein har sett heilt vekk frå tidlegare kartlegging, og basert verdivurdering berre på eiga synfaring trass i at kompetansen tydelegvis ikkje har vore brei nok til å kunne gjennomføre ei slik verdivurdering.

Tore Larsen

Leikanger, 30.9.2013