Elva Vigdøla i Jostedalen

NVE har tilrådd kraftutbygging i elva Vigdøla i Jostedalen, og Olje og Energidepartementet skal no gjere endeleg vedtak i saka. Eit løyve til dette kraftverket ville vere både trist og ein skandale!

EIN TRIST JULEPRESANG FRÅ  NVE!

NVE har gjeve tilråding om at Statkraft får bygge eit kraftverk i elva Vigdøla i Jostedalen. No skal denne tilrådinga oversendast til Olje og Energidepartementet, som  endeleg skal avgjere saka. Det er då mykje truleg at vedtaket vert det same som tilrådinga frå NVE då OED sjeldan endrar ei slik tilråding ,og endå mindre truleg er det vel med tanke på dei som sit med makta i departementet i dag.

Eg nøler likevel ikkje med å kalle vedtaket trist og ein skandale på same tid. Det er fleire grunnar til det. NVE viser i sine tilrådingar i kraftsaker gjerne til lokaldemokratiet og vedtak i kommunestyra osv. , som i slike saker ofte går inn for utbygging. Men i dette tifellet har kommunestyret i Luster, rett nok med eit lite fleirtal, gått mot kraftbygging. Det har ikkje minst vore stor motstand mot kraftplanane frå folket i Vigdalen, der grendalaget har mobilisert og drive ein svært aktiv ”motstandskamp” for å stoppe desse planane. Dette har dei ikkje minst gjort fordi elva Vigdøla har mista mykje vatn i samband med den tidlegare Jostedalsutbygginga. No meinte vigdølene at det var på tide å sette opp stoppskilt for dei grådige og tyrste ”slukhalsane” i Statkraft på grunn av m.a. omsynet til vassforsyninga og fisket i elva og ikkje minst det visuelle inntrykket av elva i landskapet. Så det er all grunn til å spørje dei ansvarlege i NVE: Kvifor ser de i denne saka bort frå alt som heiter lokaldemokrati?

NVE har nok heller ikkje fått med seg at Vigdalen ikkje er ein ”kva som helst dal” , og Vigdøla ikkje ei ”kva som helst elv”. Denne vakre dalen er ei oppleving i seg sjølv og ein svært viktig ”port” til nasjonalparken i Breheimen og vidare innover i Jotunheimen og mot Jostedalsbreen. Det vil difor vere eit stort tap for Luster, Jostedalen og ikkje minst Vigdalen at elva her ved inngangen av dalen og nasjonalparkane vert meir eller mindre borte for ”evig” tid.

Dei  som no med makta i regjeringa, viser gjerne til at dei har stor respekt for lokaldemokratitet og fornufta som er å finne der. No har dei sjansen til verkeleg å vise at dette ikkje berre er talemåtar og at dei også har respekt for vakker natur, ikkje minst i nærleiken av og i nasjonalparkane. Kraftutbygging og fornybar energi i samband med dette kan vere fornuftig, men av og til må det seiast stopp  av omsyn til naturskadar osv. NVE sitt vedtak om Vigdøla kan såleis ut frå mange gode grunnar dessverre ikkje kallast noko anna enn trist og ein skandale, og det er berre å vone at det står betre til med fornufta i den nye regjeringa, og at den triste julepresangen kan kompenserast med ein hyggeleg nyårspresang!

Jon Farestveit, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane