After Court – Førdefjorden
Naturvernforbundet og Natur og Ungdom inviterer til «after court» med konsert, samtalar og basar for Førdefjorden i Skifte bar på det Vestnorske teateret.

Gulating lagmannsrett er no i gang med å behandle spørsmålet om det skal vere lov å dumpe gruveavfall i Førdefjorden medan fjordsøksmålet enda er uavklart. Dei skal også avgjere om det er riktig at ein miljøorganisasjon skal kunne idømmast saksomkostnader på 2,5 millionar kr (!), per i dag den strengaste dommen ein europeisk miljøorganisasjon er blitt idømt.
Århuskonvensjonen, det Europeiske vanndirektivet og fjorden sin miljøtilstand vert alle heite tema i løpet av kvelden. Om ikkje dette er nok til å pirre nysgjerrigheita vert det også musikk ved Sliteneliten og Bare folk, høgtlesing ved Gunnar Staalesen og ikkje minst BASAR der du kan vinne vilt flotte premiar! Baren held open og alt ligg til rette for ein herleg kveld.
Bli med på ein varmande og oppløftande kveld der vi feirar første dag i denne runden av kampen for Førdefjorden!
Dørane opner 17:30 med programstart frå kl 18:00.
Program:
Velkomst og musikkinnslag med Sliteneliten
Gunnar Staalesen – høgtlesing frå boka Post festum
Introinnlegg om førdefjorden
Minikonsert med Bare Folk
Panelsamtale med Truls Gulowsen, Sigrid Hoddevik Losnegård m.fl.
Basar til inntekt for Førdefjorden
Andre arrangement i samband med rettsaka:
23. Februar: Støttemarkering for Førdefjorden
23.-27. februar: Rettssak om dumpestans i Gulating lagmannsrett