03.mar 2026

Årsmøte med Naturvernforbundet i Bremanger

Hva: Årsmøte
Når: 03.mar, kl. 18:30
Hvor: Davik (Kolset) Oppvekstsenter, Sørsida 25, 6734 Rugsund

Naturvernforbundet i Bremanger inviterer til årsmøte tirsdag 3.mars

ASA

I tråd med vedtektene til Naturvernforbundet kallar vi med dette inn til årsmøte.

Årsmøtet er det viktigaste møtet i lokallaget i løpet av året. Møtet er ope for alle medlemmar, og alle medlem kan stemme. Dersom du har spørsmål om årsmøtet eller lokallaget, kan du kontakte leiar Oddgeir Sand på bremanger@naturvernforbundet.no eller mobil 48156418.

Program

Det vert servert kaffe, te og noko lett å bite i.

Vi tar for oss følgande saker vi vil arbeide med i året framover:

  • Vindkraftverk
  • Nedbygging av natur i området vårt: f.eks Holmaneset
  • forslag frå publikum: til saker, aktiviteter og anna Naturvernforbundet skal jobbe med i året som kjem.


Vil du engasjere deg?

Er du interressert i å engasjere deg i styret det komande året? Nye styremedlemmar og engasjerte medlemmar er hjarteleg velkomne! Som tillitsvalgt i lokallaget kan du vere med å lage arrangement og bestemme kva saker lokallaget vil engasjere seg i. 

Vi ynskjer kandidatar til følgande verv:

  • Styreleiar
  • Nestleiar
  • Styremedlem

Fristar:

Frist for å melde inn saker til behandling på årsmøtet er 24. februar 2026. Forslag skal sendast på e-post til bremanger@naturvernforbundet.no

Saksliste

Endeleg saksliste vert publisert seinast 14. dagar før møtet.

  1. Val av møteleiar, referent og protokollunderskrivarar
  2. Godkjenning av innkalling og dagsorden
  3. Årsmelding frå styret 2025
  4. Rekneskap 2025
  5. Innmelde saker
  6. Aktivitetsplan 2026
  7. Budsjett 2026
  8. Val

Årsmøtedokument:

(Årsmøtedokument vil bli lasta opp seinast 14 dagar før møtet)