Årsmøte med Naturvernforbundet i Eid
Naturvernforbundet i Eid inviterer til Årsmøte og fuglekassekveld 12. Mars! Vel møtt!

Meld gjerne frå ti leiar Thorleif Jakobsen (thorjak@live.no) om du tenker å komme på møtet.
Me startar kvelden med spennande fugleprat og fuglekassesnekring med Ove Lotsberg.
Desse er i lokallagsstyret i dag:
- Leiar: Thorleif Jakobsen (på val)
- Kasserar: Marit Hjelle (ikkje på val)
- Skrivar: Randi Merete (ikkje på val)
- Styremedlem: Marie Kristine Kroken (på val)
- Styremedlem: Monica Villard Austring (på val)
- Vara: Inga Bodil Sønderland (på val)
- Heimesideansvarleg: Jostein Rindal og Thorleif Jakobsen
Mange av oss har site lenge i styret og vi ynskjer nye styremedlemmar velkomne! Ta kontakt, eller kom på årsmøtet dersom du kan tenke deg å bli med!
Saksliste:
- SAK 1: Opning, godkjenning av innkalling.
- SAK 2: Val av ordstyrar og møtereferent.
- SAK 3: Årsmelding (blir delt ut på møtet.
- SAK 4: Rekneskap og budsjett. (Blir delt ut på møtet)
- SAK 5: Val av leiar og styremedlemmer, varamedlem og revisor.
- SAK 6 Val av utsendingar til fylkesstyret sitt årsmøte 05. April (Alle medlemmer er velkomne)