Årsmøte med Naturvernforbundet i Kinn
Velkommen til årsmøtet onsdag 18.mars
Terje Valen HoihjelleI tråd med vedtektene til Naturvernforbundet kallar vi med dette inn til årsmøte. Årsmøtet er det viktigaste møtet i lokallaget i løpet av året. Møtet er ope for alle medlemmer, og alle medlemmer kan stemme.
- Tid: Onsdag 18.mars 2026 kl. 1800-1930
- Stad: Strandgata 15, Florø
Det blir servert kaffi, te og noko lett å bite i.
Dersom du har spørsmål om årsmøtet eller lokallaget, kan du kontakte Siri
Laquian Stavang (leiar) på kinn@naturvernforbundet.no eller mobil 98031949.
Vil du engasjere deg?
Er du interressert i å engasjere deg i styret det komande året? Nye styremedlemmar og engasjerte medlemmar er hjarteleg velkomne! Som tillitsvalgt i lokallaget kan du vere med å lage arrangement og bestemme kva saker lokallaget vil engasjere seg i.
Vi ynskjer kandidatar til følgande verv:
- Styreleiar
- Nestleiar
- Styremedlem
Fristar:
Frist for å melde inn saker til behandling på årsmøtet er 04. mars 2026. Forslag skal sendast på e-post til kinn@naturvernforbundet.no
Saksliste
Endeleg saksliste vert publisert seinast 14. dagar før møtet.
- Val av møteleiar, referent og protokollunderskrivarar
- Godkjenning av innkalling og dagsorden
- Årsmelding frå styret 2025
- Rekneskap 2025
- Innmelde saker
- Aktivitetsplan 2026
- Budsjett 2026
- Val
Årsmøtedokument:
(Årsmøtedokument vil bli lasta opp seinast 14 dagar før møtet)