Artskveld: biblioteket i Førde
Lær om artsbestemming og registrering i Artsdatabanken

Artskveld
Dato: mandag 15.juni
Klokkeslett: 17.00-20.00
Stad: Førde bibliotek
Artsklubben i Sunnfjord inviterer til artskveld på biblioteket i Førde. Her kan du få ei innføring i å registrere artar på Artsobservasjoner.no, og lære deg korleis gå fram for å artsbestemme ein art du har funne.
Ta med deg
Du må ha med eigen PC og/eller mobiltelefon/nettbrett, og om du ikkje er registrert som brukar på Artsobservasjoner kan du gjere det på forhånd. Det gjer du her:
For å kunne artsbestemme treng du ein art! Ta med deg ein plante, mose, eller anna spennande. Du kan ta med den fysisk – om du har bevart den – eller ta gode bilder (frå alle kantar). (NB! det er snakk om arter som veks i skog og mark (planter), ikkje ta med store gjenstander på kvelden).

Program
- Kjapp innføring i å registrere artar via artsobservasjoner (hovedsakleg mobilversjonen). Moglegheit for hjelp utover kvelden til dette.
- Vi ser på artar vi har funne – og prøver å artsbestemme
- Korleis artsbestemme? Innføring i hjelpemidlar vi har tilgjengeleg: artsorakel app, flora bøker, nettsider, facebook grupper osv.
- Innføring i nøkling – via Silje frå NIBIO – insekt som eksempel
Artsklubben i Sunnfjord
Aktiviteten er eit intiativ frå Artsklubben i Sunnfjord. Artsklubben vil at fleire skal bli med og lære seg å kjenne igjen artar og registrere dei i Artsdatabanken. Slik bidrar ein med folkeforsking og kunnskap om naturverdiane ein har i området sitt.
Kontaktpunkt
allette.alvarvik@naturvernforbundet.no
Takk til sponsorane våre!

