24.mai 2025

Fest for Førdefjorden 24.mai

Hva:
Når: 24.mai, kl. 13:00 – 19:00
Hvor: Vevring

Arrangementet er arrangert av Natur og Ungdom 24.mai

 I desember varsla Nordic Mining oppstart i gruveprosjektet i Vevring. Trass i at saka framleis ikkje er rettsleg avklart, vil selskapet starte drifta, og gjere uopprettelege skader på Førdefjorden. Men kampen for ein rein og levande Førdefjord er ikkje tapt! Bli med til Vevring og marker din motstand mot gruvedumpinga.

24. mai inviterer Natur og Ungdom til markering, etterfulgt av fest for Førdefjorden i Myraløa, med mat, kampand og musikk.

På festprogrammet er det konsert med banda Mikkel Rev og Sliteneliten, foredrag om fjordsøksmålet, historier frå Førdefjorden, dansegolv og fiskesuppe til alle.

Vil du vere med å feire fjorden, og lage ein fest som er mykje betre enn Nordic Mining sin?

Meld deg på på nu.no/fordefjorden, så blir det laga nok fiskesuppe til alle.

Praktisk informasjon

Overnatting

Det er mogleg å overnatte i Vevring.

Meld ifrå i påmeldingsskjemaet, så får vi organisert soveplassar til alle.

Pakk med deg sovepose og liggeunderlag, og ver budd på å sove på skulegolv eller i telt:)

Reise

Den enklaste måten å kome seg til Vevring er om Førde. Til Førde går det buss frå fleire plassar i landet, mellom anna Oslo, Bergen og Ålesund. Bruk Entur for å finne ei reiserute som passar.

Det går buss frå Førde til Vevring to gongar om dagen, klokka 13.30 og 15.20. Dobbeltsjekk ruta i Entur eller Skyss reiseplanleggar.

Skal du vere med på markeringa på torsdag, må du altså reise dagen før, om du planlegg å reise kollektivt.

Køyrer du eigen bli? Meld frå om dette i skjemaet. Det er heilt sikkert nokon som blir superglade om dei får sitje på med deg!

Du må sjølv organisere og betale for reisa til og frå markeringa.

Lokallag i Natur og Ungdom kan nytte lokallagsfondet til å betale for reise, om lokallaget vedtar det.

Pakkeliste

  • Liggeunderlag
  • Sovepose
  • Fat og servise til deg sjølv
  • Drikkeflaske
  • Klede som passar vêret, og eventuelt ute-soving
  • Ullundertøy
  • Yttertøy
  • Badetøy og handkle
  • Mobil og ladar
  • Pengar til mat. NU dekker fellesmiddag på laurdag, men elles må du betale for mat sjølv.

For meir informasjon og kontakt sjå Natur og Ungdom sitt arrangement på https://www.nu.no/fordefjorden